Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. 21.5 Jernbaneformål

Innleiing

       For Jernbaneformål vert det i proposisjonen foreslått ei rekkje tiltak i samband med ein handlingsplan for å betre økonomien i NSBs trafikkdel. Til saman blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med netto 190 mill. kroner. Av dette gjeld 145 mill. kroner auka lån til NSB Gardermobanen AS, slik at svekkinga av statsbudsjettet sin balanse « over streken » er avgrensa til 45 mill. kroner. Regjeringa vil kome tilbake til inndekkinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1995.

       Formålet med framlegget i proposisjonen er å få Stortingets tilslutning til å gjennomføre tiltak som betrar moglegheita til å halde vedteke driftsbudsjett for 1995 og som dessutan vil ha positive, økonomiske effektar for seinare år, og dessutan å innhente Stortingets syn på tiltak av meir prinsipiell karakter. Departementet har ikkje funne grunn til å foreslå endringar i overordna strategiar og basisplanar for investeringar som er trekte opp i Norsk jernbaneplan 1994-97.

       For å få eit oversyn over den samla innsparingseffekten er det i framlegget gjeve ein omtale av tiltak som ligg innanfor NSBs fullmakter, og tiltak som krev Stortingets godkjenning. Det er òg gjeve ein kort omtale av tiltak som ikkje er ferdig handsama i NSB og som Samferdselsdepartementet eventuelt vil måtte kome tilbake til.

       I St.prp. nr. 1 (1994-1995) blei det gitt ei orientering om den negative utviklinga i økonomien i NSBs trafikkdel for 1994 og dei negative prognosane for 1995. Den negative utviklinga gjorde det naudsynt å endre driftsbudsjettet for 1994, jf. St.prp. nr. 14, Innst.S.nr.52 (1994-1995).

       Forslaget til driftsbudsjett for 1995 blei vedteke før driftsbudsjettet for 1994 blei endra. På bakgrunn av vedteke revisjon av driftsbudsjettet for 1994 har NSB òg gått gjennom utrekningane og budsjettføresetnadene som vedteke driftsbudsjett for 1995 byggjer på. For å kunne halde trafikkdelens driftsbudsjett for 1995 med eit underskot på 90,5 mill. kroner, slik Stortinget vedtok ved handsaminga av St.prp. nr. 1, B.innst.S.nr.14 (1994-1995), er det i ein handlingsplan som blei vedteken av NSBs styre 16. desember 1994, rekna med at det må gjennomførast innsparingar i storleiken 430 mill. kroner i 1995. I dette beløpet inngår 131 mill. kroner som allereie er rekna med i vedteke driftsbudsjett, medan 100 mill. kroner utgjer ein reserve for å møte uføresette hendingar i drifta i 1995.

       Etter styrevedtaket i desember 1994 har NSB arbeidd vidare med innsparingstiltaka, og reknar førebels med å kunne gjennomføre tiltak i 1995 som gjev ein innsparingseffekt på 403 mill. kroner. I departementets forslag til innsparingstiltak summerer innsparingseffekten seg til totalt 265 mill. kroner. Departementet føreset at NSB arbeider vidare med innsparingar i drifta slik at budsjettet for 1995 blir halde.

       Nokre av innsparingstiltaka for 1995 som NSBs styre har vedteke, kan gjennomførast innanfor rammen av vedteke budsjett for 1995 og ligg dessutan innanfor NSBs fullmakter. Dei aller fleste av tiltaka som NSB legg opp til å gjennomføre, ligg i prinsippet innanfor NSBs fullmakter, men på grunn av at innsparingseffekten føresett auka løyvingar til NSBs Personalsenter, må dei leggjast fram for Stortinget.

Innsparingstiltaka for 1995

       I tabell i proposisjonen er det gitt eit oversyn over dei einskilde tiltaka med tilhøyrande

- pårekna innsparingseffektar,
- overtaleg personell i årsverk,
- behov for løyvingar til NSBs Personalsenter og
- til investeringar i 1995.

       I proposisjonen er dei einskilde tiltaka nærare omtalt, og det er òg teke med budsjettmessige verknader for åra 1996, 1997 og 1998 som eit førebels overslag.

       Av oversikta går det fram at for å kunne gjennomføre innsparingar i drifta i 1995 og ytterlegare innsparingar i perioden 1996-98, er det behov for investeringar i 1995 på til saman 255 mill. kroner, av dette utgjer 125 mill. kroner ekstraordinære investeringar og 130 mill. kroner investeringar til drifta av Gardermobanen som blir foreslått skild ut i frå trafikkdelen.

       Det foreslåtte ekstraordinære behovet på 125 mill. kroner i 1995 fordeler seg slik:

- 50 mill. kroner til standardisering og omlegging av godstrafikken. Av dette beløpet skal 20 mill. kroner nyttast til modernisering av containervogner, medan 30 mill. kroner er sett av til utvikling av godsterminalen i Bergen.
- 20 mill. kroner skal nyttast til investeringar som vil effektivisere billettsal, stasjonsdrift og togekspedisjon. Beløpet omfattar m.a. investering av billettstemplingsmaskiner og ombygging av stasjonar.
- 30 mill. kroner er sett av til investeringar for å effektivisere vedlikehaldet av toga. Beløpet skal nyttast til ny hjuldreiebenk i Lodalen, vedlikehaldshall for lokomotiv i Bergen og vedlikehaldsgrav i Skien.
- 25 mill. kroner gjeld investeringar i m.a. datautstyr til Reisebyrådivisjonen i NSB. Desse investeringane vil i åra etter 1995 føre til vesentlege innsparingar i driftsutgiftene for reisebyråverksemda og dermed styrke denne verksemda.

       I samsvar med Regjeringa sine personalpolitiske retningsliner for omstillingsarbeidet i staten, legg Samferdselsdepartementet ikkje opp til at overtaleg personell skal seiast opp.

       Dersom innsparingseffekten på 265 mill. kroner skal kunne gjennomførast, er det behov for å auke tilskotet til NSBs Personalsenter med 60 mill. kroner for å dekkje personal- og omstillingskostnader for tilsette som blir overtalege i 1995.

       For dei fleste av tiltaka er innsparingseffekten på driftsbudsjettet for 1995 rekna med verknad frå 1. juni i år. Resultatbetringa på 265 mill. kroner fordeler seg slik:

- 80 mill. kroner gjeld såkalla generell effektivisering og har samanheng med følgjande endringar: Justering av budsjetterte personalkostnader, reduserte materiellkostnader i godstrafikken, reduserte kapitalkostnader på grunn av lågare investeringsomfang og lågare rente på statslån enn tidlegare føresett og inntektsauke i persontrafikken, særleg som følgje av lansering av nytt ekspresstogmateriell.
- 9 mill. kroner er knytta til effektivisering og omlegging av togserveringa.
- 10 mill. kroner har samanheng med omlegging og effektivisering av reinhaldet av rullande materiell.
- 1 mill. kroner gjeld nedlegging av sentralvaskeriet for vask av sengetøy, i Lodalen. For å kunne drive vaskeriet vidare reknar NSB med at det i 1996 er nødvendig å investere 16 mill. kroner i nye maskiner og utbetring av lokala. I staden skal vask av sengetøy desentraliserast og leggjast ut på tilbod til vaskeria ved dei viktigaste endestasjonane for nattoga. Før vaskeriet i Lodalen vert lagt ned, skal NSB vurdere om det kan være lønsamt å oppretthalde eit vaskeri i Lodalen for det sentrale Austlandområdet.
- 15 mill. kroner er knytta til reduksjon i administrasjon, stabar og støttefunksjonar.
- 35 mill. kroner vert spara ved inn ved reduksjon i driftsapparatet.
- 3 mill. kroner vert spara inn ved effektivisering av EDB-drifta.
- 15 mill. kroner gjeld effektivisering av verkstadsdrifta.
- 40 mill. kroner har samanheng med overgang til en aktuarmessig betaling av arbeidsgjevardel til Statens Pensjonskasse. Dette fører til at NSBs arbeidsgjevarinnskot blir redusert frå 8 % til 6 % i 1995.
- 24 mill. kroner er knytta til sal av bustadar som NSBs Trafikkdel eig.
- 13 mill. kroner har samanheng med at Regjeringa no foreslår at investeringar i togmateriell til den nye Gardermobanen heretter skal belastast NSB Gardermobanen AS. Beløpet gjeld i hovudsak plan- og kapitalutgifter i samband med investeringar i togmateriell som allereie er bestilt.
- 20 mill. kroner skyldast redusert kjørevegsavgift. Reduksjonen har samanheng med at Stortinget ved sluttbehandlinga av statsbudsjettet for 1995 vedtok å redusere kjørevegsavgifta. Denne reduksjonen var ikkje innarbeidd i NSBs driftsbudsjett for 1995.

Tiltak som er til handsaming i NSB

       I proposisjonen gir Samferdselsdepartementet ei førebels orientering om tiltak som NSB arbeider med, men som ikkje er ferdig handsama. Departementet vil eventuelt kome tilbake til desse tiltaka i seinare framlegg for Stortinget.

       Dette gjeld m.a.:

- Industrielt samarbeid

       Tiltaket gjeld eit mogleg samarbeid mellom NSB sine verkstader og eksterne leverandørar om delproduksjon av jernbanemateriell, delproduksjon ved utbetring av teknisk standard på eldre materiell og vedlikehald av nyare materiell.

- NSBs reisebyråverksemd

       NSBs styre vedtok 16. desember 1995 å fremje forslag for Samferdselsdepartementet om at reisebyrådivisjonen blir gjort om til eit aksjeselskap, eigd av NSB.

       Sidan krav til overskot er det einaste mål Stortinget har sett for reisebyrådivisjonen, er det etter Samferdselsdepartementets meining i prinsippet ikkje i strid med intensjonane med reisebyråverksemda i NSB at denne blir organisert som eit aksjeselskap. Departementet tek sikte på å kunne leggje saka fram i budsjettproposisjonen for 1996 slik at ei utskilling i tilfelle kan skje frå 1. januar 1996.

       For at NSB reisebyrå ikkje skal tape i konkurransen med andre reisebyrå er det som nemnt naudsynt å investere 50 mill. kroner i nye EDB-system, og av dette må 25 mill. kroner investerast allereie i 1995. Departementet foreslår at det blir løyvd 25 mill. kroner som statslån til investeringane i nye EDB-system i 1995.

- NSBs biltrafikkverksemd

       For å kunne hevde seg betre i ein marknad med auka konkurranse og bruk av tilbod i rutebilnæringa, meiner NSB at biltrafikkdivisjonen må få same vilkår som konkurrentane. Departementet reknar med at dersom det skal bli mogleg å oppnå større fridom enn det forvaltningsverksemdmodellen gjev rom for, er den mest aktuelle løysinga at også NSBs biltrafikkdivisjon blir skild ut som eit aksjeselskap, eigd av NSB. Departementet legg til grunn at NSBs styre i første omgang må ta endeleg avgjerd om framtidig organisering av NSBs biltrafikkdivisjon, med sikte på ei avgjerd i budsjettproposisjonen for 1996.

Budsjettmessige konsekvensar for 1995

Kap. 1351 Overføringar til Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 4350)

       Det vert foreslått totalt ein auke på 50 mill. kroner på kapitlet, derav ein reduksjon på post 70 Betaling for persontransporttenester med 10 mill. kroner og ein auke på post 71 Tilskot til NSBs personalsenter med 60 mill. kroner.

       Dei innsparingstiltaka som Samferdselsdepartementet no legg fram, fører til at ytterlegare 253 tilsette blir overtalege i 1995.

Kap. 1352 NSB Gardermobanen AS

       Det vert foreslått at utgifter til investeringar i rullande materiell, kapitalkostnader og utgifter til planlegging, organisasjonsoppbygging og kjøp av teknisk utstyr til drifta på Gardermobanen blir skilde ut frå trafikkdelens budsjett og i staden løyvd som statslån over kap. 1352 NSB Gardermobanen AS, post 90 Lån. Forslaget inneber at vedteke låneopptak for 1995 må aukast frå 755 mill. kroner til 900 mill. kroner.

Kap. 2451 Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 5451, 5491 og 5063)

Post 24 Driftsresultat

       Etter at NSBs styre vedtok handlingsplanen og innsparingstiltaka for 1995 i desember 1994, har NSB lagt fram nye utrekningar der innsparingseffekten summerer seg til 403 mill. kroner, medan Samferdselsdepartementets framlegg summerer seg til 265 mill. kroner i 1995.

       Departementet finn på noverande tidspunkt ikkje grunn til å fremje forslag om å endre vedteke driftsresultat for 1995 eller å foreslå endringar på inntekts- og utgiftssida i vedteke driftsbudsjett. Etter departementets vurdering er det for tidleg å seie noko sikkert om korleis faktiske inntekter og utgifter vil utvikle seg i forhold til vedteke driftsbudsjett for 1995. Departementet føreset likevel at NSB arbeider vidare med dei innsparingstiltaka som er nemnde i proposisjonen og eventuelt nye tiltak slik at driftsbudsjettet for 1995 blir halde.

Post 30 Investeringar ved jernbanedrifta

       Totalt inneber forslag til endringar på post 30 ein reduksjon på 5 mill. kroner.

Komiteens merknader til Jernbaneformål

       Komiteen viser til at budsjettbehandlinga for 1995 ble basert på et driftsunderskudd for trafikkdelen på 90,5 mill. kroner. Med bakgrunn i det utarbeidet NSB en handlingsplan for innsparinger som er basis for det framlagte forslag fra departementet.

       Komiteen registrerer at de fleste av tiltakene ligger innenfor NSBs fullmakter, men vil ha konsekvenser for bevilgninger til NSBs Personalsenter.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, har videre merket seg at det skjer større endringer i NSBs ledelse, og at styret i NSB i pressemelding av 22. mai 1995 uttaler:

       « Styret har drøftet NSBs økonomiske og styringsmessige problemer. Styret vil foreta en ny gjennomgang av den alvorlige situasjonen i et ekstraordinært møte den 13. juni. »

       Flertallet forutsetter at det nå ikke foreligger nye opplysninger om den driftsmessige situasjon som endrer forutsetningene for å behandle den sparepakke som ligger i framlagte forslag fra departementet.

       Flertallet viser til at en rekke av de foreslåtte innsparingstiltakene for 1995 forutsetter en personalreduksjon, men økt støttebehov for Personalsenteret. Flertallet forutsetter at denne personalreduksjon ikke medfører økt behov for overtid eller økt behov for konsulentbruk.

       Flertallet viser til at NSB har funnet at generelle tiltak som vil ha en kostnadsreduserende effekt på til sammen 80 mill. kroner, samt en effektivisering av personalbruk i togservering med effekt på 9 mill. kroner, ligger innenfor NSBs fullmakter. Flertallet tar dette til etterretning. Det samme gjelder salg av boliger.

       Flertallet slutter seg til at rengjøring av rullende materiell skal foretas av egne ansatte. Flertallet tar til underretning at en gjennom tilrettelegging og organisering av arbeidet vil få en viss overtallighet, og gir sin støtte til nødvendig bevilgning til Personalsenteret som konsekvens av denne overtallighet.

       Flertallet viser til at det er ønskelig med overføring av gods til jernbane. Flertallet ber om at Regjeringa legger fram forslag til ytterligere reduksjon av kjørevegsavgift for å få redusert fraktprisene.

       Flertallet viser til at dekning av pensjonsinnskuddet må anses som en del av de ansattes ansettelsesvilkår, og at opphør kun kan skje for framtidige ansettelser. Departementet foreslår at dette skal skje fra 1. januar 1996. Flertallet gir sin tilslutning til forslaget.

       Flertallet registrerer at spørsmålet om Jernbanepersonalets sykekasse tas opp med de ansattes organisasjoner.

       Flertallet tar til etterretning at NSBs arbeidsgiverinnskudd til Statens Pensjonskasse vil bli redusert fra 8 % til 6 %.

       Flertallet viser til at departementet vil komme tilbake til fribillettordninga i budsjettet for 1996, bl.a. ut fra at organisasjonene i NSB har reist spørsmålet om forhandlingsrett.

       Flertallet har merket seg at departementet foreslår at investeringer, kapitalkostnader og utgifter i tilknytting til planlegging av drifta av Gardermobanen blir skilt ut fra trafikkdelen og bevilget som statslån på kap. 1352, post 90. Flertallet viser til departementets svar på spørsmål hvor det heter:

       « I proposisjonen seier Samferdselsdepartementet at departementet vil komme attende med endelig forslag til organisering av drifta av Gardermobanen i god tid før opninga i 1998. Det må då vurderast om NSB Gardermobanen AS skal nedleggjast og Gardermobanens køyreveg og trafikken på banen skal førast tilbake til eigen(e) resultateining(ar) i NSB, eller om selskapet skal halde fram med ansvar for køyrevegen og den framtidige drifta av trafikken på banen.
       Forslaget i St.prp. nr. 42 er derfor ikkje til hinder for å velje nokon av dei nemnde løysingane. »

       Med bakgrunn i at departementet bekrefter at utskillinga ikke legger føringer for den framtidige organisering, gir flertallet sin tilslutning til departementets forslag.

       Flertallet gir sin tilslutning til å øke NSBs fullmakter til salg av eiendommer.

       Flertallet støtter det framlagte forslag til investeringer for å oppnå standardisering og omlegging av godstrafikken, effektivisering av salgs- og distribusjonsapparat og effektivisering av drift og vedlikehold for 1995. Flertallet viser til at dette vil bli fulgt opp med ytterligere investeringer ved seinere budsjettproposisjoner. Disse tiltakene medfører ikke tilskudd til Personalsenteret.

       Flertallet viser til planlagte reduksjoner i administrasjon, staber og støttefunksjoner, samt reduksjon i driftsapparatet og effektivisering av Edb-drift og gir sin støtte til nødvendig tilskudd til Personalsenteret.

       Flertallet viser til at komponentvedlikeholdet er under omstrukturering samt at vedlikeholdsvolumet kan reduseres.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, viser til følgende utdrag til departementets svar på spørsmål:

       « Ei effektivisering av verkstaddriften i NSB inneber mellom anna at eksterne verksemder i større grad enn tidlegare kan bli nytta som underleverandørar til NSB sin eigen verkstaddrift, men dette vil dreie seg om oppdrag med lågt volum. På den måten ynskjer NSB å gjere det mogleg for sine eigne verkstader å spesialisere seg på dei typar arbeidsoppgåver som er viktigast for drifta av NSB. »

       Flertallet vil understreke i likhet med departementet at forutsetningen for at et oppdrag vil bli satt ut til eksterne bedrifter, er at disse kan gjennomføre et oppdrag til lavere pris enn det NSBs egne verksteder kan tilby, og at det ikke går utover effektiv bruk av egne ressurser.

       Flertallet er enig i at vaskeridriften kan desentraliseres, men vil understreke at det vil være positivt om en opprettholder vaskeridrift i Lodalen for det sentrale Østlandsområdet.

       Flertallet ser at innsparingseffekten ikke er betydelig, og at det kan bety reduserte inntekter for godsdivisjonen. På den annen side kan omleggingen frigjøre kapasitet til gods fra andre.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti ser det som viktig å beholde og utvikle kompetansen innafor NSBs verksteder. Dette medlem gir under forutsetning av at det ikke foretas reduksjon av tilsatte i verksteddrifta for å øke innkjøp av eksterne tjenester, sin støtte til økt tilskudd til Personalsenteret.

       Dette medlemmet viser til at innsparingseffekten på en desentralisering av vask av sengetøy blir svært liten, og har som motpost redusert inntekt for Godsdivisjonen.

       Dette medlemmet vil derfor be om at det tas sikte på å opprettholde vaskeri i Lodalen.

       Komiteens medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vil sette fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa om å foreta ein grundig gjennomgang av NSBs Personalsenter, og i den samanheng vurdere korleis dei samla ressursar kan nyttast på ein betre og meir målretta måte. »

       Desse medlemene viser til dei mange ekstra sosiale og andre ytelser som dei tilsette nyt godt av.

       Desse medlemene vil be om at departementet går gjennom alle desse ordningane og legg opp til ei ordning som er meir i samsvar med ordningar for andre statstilsette.

       Desse medlemene viser til den uavklarte leveringssituasjonen av 32 lokomotiv frå Tyskland. Det er svært urovekkande at endeleg leveringsdato for dei første lokomotiva som skulle ha vore levert i mars d.å., enno ikkje er fastlagd.

       Desse medlemene er urolege over kva økonomiske og driftstekniske konsekvensar dette vil få for NSB, både på kort og lang sikt.

       Komiteens medlemmer fra Høyre vil understreke at NSB befinner seg i en krisesituasjon som en følge av at selskapet har mistet kontrollen over sin egen kostnadsside.

       Disse medlemmene har ved en rekke anledninger fremmet konstruktive forslag som har vært egnet til å snu den negative trend som NSB har vært inne i. Det vises i denne sammenheng til Innst.S.nr.174 (1994-1995). Først i den senere tid har NSBs styreformann innsett nødvendigheten av å gjennomføre omstillinger som foreslått av Høyre, og derfor varslet tiltak i tråd med dette.

       Disse medlemmene konstaterer imidlertid med uro at innen NSB stadig avdekkes alvorlige feil og mangler. En aktuell leveranse av 32 lokomotiver avslørte at NSB ikke hadde innarbeidet forsikringsbestemmelser knyttet til hverken forsinkelser, økte kostnader og valutabevegelser.

       Disse medlemmene er overrasket og skuffet over at departementet ikke har nådd det innsparingsmål Stortinget har forutsatt. Disse medlemmene konstaterer i denne sammenheng at Samferdselsdepartementets innsats ikke har gjort målet lettere å nå for bedriften NSB. Den foreslåtte « innsparing » på 265 millioner kroner er ellers ikke utpreget tillitvekkende. En vesentlig del av « innsparingen » har en lite spesifikk utforming. Andre vesentlige deler av beløpet knytter seg til salgsinntekter og en forutsetning om redusert avgiftsbetaling. I sum er forslaget særdeles lite tilfredsstillende for dem som hadde forutsatt konkrete innsparinger på driftsutgiftene.

       Disse medlemmene viser ellers til Høyres forslag om å avvikle NSBs personalsenter med den begrunnelse at det ikke finnes noen fornuftig begrunnelse for at en statlig bedrift som går så dårlig som NSB kan tillate seg å tilby spesialtilpassede og kostnadskrevende ordninger for personer som reelt sett er overtallige i bedriften. Det vises her til Høyres forslag i B.innst.S.nr.14 (1994-1995).

       Disse medlemmene vil derfor stemme imot forslaget om økning på 60 mill. kroner på kap. 1351 post 71.

       Disse medlemmene vil videre foreslå:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at NSBs Personalsenter legges ned »

       Disse medlemmene slutter seg til at 130 mill. kroner investeres til driften av Gardermobanen som vil bli skilt ut fra NSBs trafikkdel. Disse medlemmene forutsetter at organiseringen av driftsselskapet finner sted i god tid før jernbanedriften settes i gang. Disse medlemmene forutsetter videre at driftsselskapet for Gardermobanen organiseres som et eget selvfinansierende aksjeselskap drevet etter forretningsmessige prinsipper, og ber Regjeringen legge frem forslag om dette i forbindelse med budsjettproposisjonen for 1996.

       Disse medlemmene slutter seg til Regjeringens forslag om investeringer i

- salg, distribusjon og togekspedisjon
- effektivisering av drift og vedlikehold.

       Disse medlemmene går imot de foreslåtte investeringer på 50 mill kroner i standardisering og omlegging av godstrafikken, da innsparingseffektene ikke på langt nær er tilfredsstillende i forhold til investeringene. Disse medlemmene vil videre gå imot å bevilge 25 mill. kroner som statslån til investeringer i NSBs reisebyrå.

       Disse medlemmene vil derfor gå inn for å redusere kap. 2451 post 30 med ytterligere 75 mill. kroner og foreslår:

«Kap. 2451

Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 5451, 5491 og 5603)
30 Investeringar ved jernbanedrifta, kan overførast, blir
redusert med kr 80.000.000
frå kr 1.023.300.000 til kr 943.300.000 »

       Disse medlemmene viser til ordninger med ekstra sosiale og andre ytelser overfor ansatte og deres pårørende som går langt utover hva som er etablert for andre statsansatte. Disse medlemmene vil be departementet vurdere tiltak for å få avviklet ekstraytelsene som er knyttet til særavtaler, dekning av pensjonsinnskudd, ytelser til Jernbanepersonalets sykekasse, og fribillettordninger. Disse medlemmene peker igjen på at NSBs meget vanskelige økonomiske situasjon ikke på noen måte berettiger de ekstraytelser som er etablert.

       Disse medlemmene understreker at avsatte investeringsmidler i budsjett og i Norsk jernbaneplan skal gå til investeringer - ikke til dekning av driftsunderskuddet. Videre skal inntekter fra salg og andre rasjonaliseringstiltak gå til investeringer for å bedre regularitet og kvalitet overfor publikum.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti slutter seg til at det bevilges 25 mill. kroner i statslån til investeringer i NSBs reisebyrå, uten å ta et standpunkt til en omdanning av reisebyrået til aksjeselskap.

       Komiteens medlemmer frå Høyre og Kristelig Folkeparti vil peke på at NSBs primære oppgave er å drive transportverksemd.

       Disse medlemene vil difor foreslå at NSBs reisebyrå selges, og at det ikke opptas lån til nye investeringer i reisebyrået.

       Disse medlemene mener at inntektene fra salget nyttes til investeringer i jernbanedriften som gir driftsmessige forbetringar.

       Disse medlemene vil foreslå:

       « Stortinget ber Regjeringen selge NSBs reisebyrå. Inntektene av salget forutsettes nyttet til investeringer i jernbanedrift som gir driftsmessige forbedringer. »

       Komiteens medlemmer frå Senterpartiet viser til at departementet meiner at det er nødvendig å investere 50 mill. kroner i nytt EDB-system i Reisebyrådivisjonen.

       Desse medlemene har merka seg at NSB ikkje har funne rom for å prioritere 25 mill. kroner innafor trafikkdelen sitt investeringsbudsjett for 1995 og ønskjer heller ikkje å prioritere dette i 1996.

       Desse medlemene er samde med NSB i at ein no må konsenstrere investeringsløyvinga til sjølve jernbanedrifta.

       Desse medlemene er noko usikre om at reisebyråverksemd bør vere ei prioritert oppgåve for NSB.

       Desse medlemene kan såleis på noverande tidspunkt ikkje vere med å allokere midlar til denne verksemda før ein tek stilling til den framtidige status for Reisebyrådivisjonen både organisatorisk og når det gjeld tilknyttingsforma.

       Desse medlemene vil difor be departementet kome tilbake til spørsmålet i samband med budsjettproposisjonen for 1996.

       Komiteens medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vil gå imot å løyve 25 mill. kroner som statslån til investeringar i reisebyrået og vil difor gå inn for å redusere kap. 2451 post 30 med ytterlegare 25 mill. kroner.

       Desse medlemmene foreslår:

« Kap. 2451

Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 5451, 5491 og 5603)
30 Investeringar ved jernbanedrifta, kan overførast, blir
redusert med kr 30.000.000
frå kr 1.023.300 til kr 998.300.000 »

       Komiteens medlemer frå Senterpartiet vil gå inn for at løyvinga på 25 mill. kroner som statslån til NSBs reisebyrå vert ført over til kap. 1350 Statsbananes kjøreveg, post 30 Investeringar i linja, til forsering m.v. av prosjekt på kjørevegen.

       Desse medlemene foreslår:

« Kap. 1350

Statsbananes kjøreveg (jf. kap. 4350)
30 Investeringar i linja, kan overførast, blir auka
med kr 25.000.000 »

       Komiteen viser til at NSB arbeider med planer om å omdanne biltrafikkdivisjonen til aksjeselskap. Komiteen vil avvente resultatet av dette arbeidet som forutsettes å skje i nært samarbeid med ansattes organisasjoner, og vil komme tilbake til saken når den evt. fremmes i samband med statsbudsjettet for 1996.