Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

    Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å omdisponere 181,6 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1995 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret.

       Forslaga til omdisponeringa har i hovudsak samanheng med at framdrifta for einskilde prosjekt og program av ulike årsaker er blitt forseinka eller at planar og rammevilkår elles er endra, slik at det er blitt ledige midlar.

       Det vert i proposisjonen vist til at det er 8.469 mill. kroner til disposisjon til utviklingshjelp i 1995. Ordinær løyving for 1995 utgjer 7.915 mill. kroner. I tillegg er det overført 480 mill. kroner i ubrukte løyvingar frå 1994, og det er løyvd 74 mill. kroner ekstra til flyktningeføremål i utviklingsland.