2. Merknader frå komiteen
Etter komiteen si meining gir årsmeldinga som er lagt fram, ein god gjennomgang av ei rekke prinsipielt viktige spørsmål om personvern og personregister. Komiteen meiner og at årsmeldinga gir ei god oversikt over aktuelle utviklingstrekk i 1993, og ei god oversikt over arbeidet som er utført av Datatilsynet i 1993.
Komiteen har merka seg at Datatilsynet fleire stader i årsmeldinga har peika på at personregisterlova ikkje verkar tilfredsstillande. Komiteen vil og minne om at Stortinget har bedt Regjeringa legge fram endringar i personregisterlova. Komiteen konstaterer at Regjeringa no vurderer å leggje fram ein meir omfattande revisjon av personregisterlova.
Komiteen ventar at det ved denne revisjonen blir teke omsyn til dei signala som er gitt i Datatilsynet si årsmelding for 1993. Komiteen vil òg vise til Stortinget sitt vedtak av 21. april 1994 der det vart lagt fram konkrete framlegg om endringar i personregisterlova.
Komiteen konstaterer at personvern er eit omgrep som stadig oftare og i stadig nye samanhangar pregar den offentlege debatten. Komiteen er tilfreds med at det både i offentleg og privat sektor blir lagt vekt på å finne løysingar som ivaretek eit stadig alminneleg og utbreidd ønskje om og trong for å skjerme den einskilde borgar sitt privatliv på ein rimeleg måte.
Datatilsynet har fått tillagt kontrollen med registrering og bruk av personopplysningar. Komiteen har merka seg og er tilfreds med at Datatilsynet meiner utøvinga av kontrollen overfor privat sektor ikkje skapar problem. Komiteen har vidare merka seg at når det gjeld offentleg sektor er det Datatilsynet si erfaring at samspelet mellom Datatilsynet som kontrollorgan og den overordna politiske leiinga har verka svært godt.
Komiteen deler Datatilsynet si vurdering at når det gjeld personregister må det leggjast vekt på at lova blir tolka og handheva på ein måte som gjer at ein oppnår alminneleg respekt og forståing. Komiteen er samd med Datatilsynet i at det personvernarbeidet Datatilsynet er pålagd føreset god informasjon. Dette vil vere med å påverke holdningar og sosiale verdiar.
Komiteen har merka seg den raske utviklinga innanfor informasjonsteknologien - ei utvikling som berre viser teikn til å fortsette. Kostnadene går ned slik at elektronisk datautstyr blir tilgjengeleg for stadig fleire. Utviklinga er elles prega av ønska og moglegheitene for å knyte databasar saman i nett. Komiteen deler Datatilsynet si oppfatning om at denne utviklinga vil føre til eit ytterlegare press på personvernet. Komiteen meiner det er viktig å følgje utviklinga framover nøye.
Komiteen har merka seg at Datatilsynet har funne det nødvendig å sjå spesielt på personvern i høve til forsikringsbransjen. Komiteen er samd med Datatilsynet i at dette området bør vurderast grundig. Komiteen ser det som viktig at Justisdepartementet fylgjer utviklinga på dette området nøye , og i arbeidet med den pågåande forskriftsrevisjonen, vurderer Datatilsynet sitt framlegg om at livsforsikringsverksemdene sine kunderegister blir konsesjonspliktige.
Komiteen er kjend med at det ofte er ønskje om å kople ulike register. Komiteen er tilfreds med at Datatilsynet følgjer opp resultata av ulike registerkoplingar med tanke på kontroll.
Den omfattande bruken av data og det faktum at stadig fleire oppgåver blir styrd av datasystem gjer at behovet for tryggleik og kvalitet i edb-systema stadig aukar. Komiteen ser det som viktig at arbeidet med konsesjonssøknader, tryggleiksføresegner og kontroll til ei kvar tid er gode nok. Komiteen ser og Datatilsynet si informasjonsverksemd som viktig i denne samanhangen.
Komiteen har merka seg at Datatilsynet meiner at konsesjonsplikta bør vere knytt til dei tilfelle der dette er nødvendig ut frå personvernomsyn. Komiteen er samd i dette. Det bør unngåast å leggje konsesjonsplikt på register som betyr lite for personvernet. Komiteen finn det og naturleg at Datatilsynet får føresegnskompetanse for register som er mange og identiske.
Komiteen har merka seg at det har vore eksempel på at Datatilsynet er utelatt som høyringsinstans i saker som Datatilsynet burde ha fått uttalt seg om. Komiteen har tidlegare, i Innst.S.nr.80 (1991-1992) streka under at det er viktig at personvernomsyn alltid blir gjort synlege når det oppstår interessekonfliktar. Komiteen streka samtidig under at det var viktig at Datatilsynet blir brukt aktivt som høyringsinstans. Komiteen har framleis den oppfatninga at det er svært viktig å få til eit samspel mellom personverninteressene og andre interesser som må bli ivaretekne ved utforminga av ny lovgjeving og nye forvaltningssystem. Datatilsynet må brukast aktivt som høyringsinstans.
Viktige oppgåver for Datatilsynet er å vurdere konsesjonssøknader og føre tilsyn med at dei som får konsesjon held konsesjonsvilkåra. Datatilsynet skal òg drive opplysningsarbeid. Komiteen ser det som viktig at Datatilsynet har kapasitet til å utføre desse oppgåvene på ein tilfredsstillande måte, og meiner at Regjeringa og Stortinget må ta dei budsjettmessige konsekvensar av dette.
Komiteen er kjend med at Telenor si grunngjeving for å ta i bruk SenTaks-systemet er forbrukaromsyn og Telenor sine interesser. Etter at Telenor anka Datatilsynet sitt avslag på konsesjonen for SenTaks-systemet, har Justisdepartementet kome til at dei personvernmessige problem ikkje er av slik karakter at det bør seiast nei til systemet.
Komiteen deler oppfatninga at kvar enkelt av dei opplysningane som blir lagra i SenTaks-systemet ikkje nødvendigvis treng innebere slike personvernmessige problem at det er grunn til å seie nei til systemet. Men komiteen er av den klåre meining at summen av data som blir registrerte og lagra kan bli negative ut frå personverninteressene. Komiteen meiner at kortlagringstida, som i dag er inntil 14 dagar, bør reduserast vesentleg. Vidare meiner komiteen at registrering m.a. for å sikre klagehandsaming må vere aktivt ynskt og ikkje slik vilkåret i konsesjonen som er gitt til Telenor og andre teleoperatørar på den norske marknaden, at kunden må reservere seg.
Komiteen vil samtidig streke under at det er ynskjeleg med felles reglar på den norske telemarknaden for alle teleoperatørar. Komiteen deler Datatilsynet sitt ynskje om at alle teleoperatørar på den norske marknaden bør ha likelydande konsesjonar. Dette bør likevel ikkje hindre at personverninteressene blir tekne vare på.
Komiteen vil elles vise til Innst.S.nr.173, Årsmelding for Datatilsynet 1991 , der det står: « Komiteen gir sin tilslutning til at Televerket ikke bør gis en rett til automatisk registrering av oppringte telefonnumre. All registrering av telefonsamtaler bør etter komiteens mening utelukkende skje etter bestilling fra den enkelte abonnent. »
Komiteen er kjend med at Telenor vil setje i gang forsøk basert på at privatkunden samtykkjer til lagring i 6 månader. Etter komiteen si meining bør ikkje dette berre vere eit forsøk, men bli ei permanent ordning. Komiteen har og merka seg at Telenor arbeider for å gjere kortlagringstida kortare enn 14 dagar. Komiteen aksepterer at når Telenor først har fått konsesjon, bør det og bli gitt rimeleg tid slik at Telenor kan tilby eit produkt i tråd med det komiteen har gitt uttrykk for.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, meiner at dersom krava om at kortlagringstida skal reduserast og at kunden skal gi samtykke til lagring ikkje er innfridd innan 2 år, må det vurderast om konsesjonen skal dragast inn.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at Datatilsynet tidligere har gitt konsesjon til slikt samtaleregister for andre teleoperatører enn Telenor.
Disse medlemmer forutsetter at det er et mål for alle konsesjonsinnehaverne at kortidslagringen blir redusert så mye som det er teknologisk mulig så raskt som mulig, og at prinsippet om positivt samtykke for privatkunder følges opp.
Disse medlemmer viser til at Datatilsynet og Justisdepartementet har myndighet til å gi konsesjoner på dette området. Disse medlemmer mener det vil være galt å trekke tilbake allerede gitte konsesjoner uten at det foreligger brudd på konsesjonsvilkårene.