Vedlegg 4: Brev av 16. mai 1995 fra Samferdselsdepartementet til samferdselskomiteen.
Samferdselsdepartementet syner til tidlegare svar på spørsmål frå komiteen i brev av 05.04.1995 og 28.04.1995 (to brev).
Samferdselsdepartementet har motteke ytterlegare sju spørsmål frå komiteen i brev av 02.05.1995 og 03.05.1995. Dei fleste av desse spørsmåla går på kva konsekvensane av ein tunnel gjennom Gamlebyen kan bli når det gjeld tekniske, økonomiske og miljømessige tilhøve.
Samferdselsdepartementet kan vanskeleg gje forsvarleg svar på desse spørsmåla utan at det blir gjennomført ei full konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova sine reglar.
Ei slik utgreiing etter plan- og bygningslova vil også vera naudsynt for at ein eventuelt kan gjere vedtak om utbygging av tunnel og gjennomføre reguleringsplan.
Samferdselsdepartementet har derfor allereie starta arbeide med å førebu ei full konsekvensutgreiing. Melding om prosjektet med forslag til program for konsekvensutgreiing slik plan- og bygningslova sett krav om vil bli sendt ut på høring i nær framtid.
Samferdselsdepartementet vil vere ansvarleg for gjennomføringa av konsekvensutgreiinga i samarbeid med Norges Statsbaner. Det vil bli lagt stort vekt på å etablere gode system for kvalitetssikring ved at uavhengig ekspertise gjennomgår utgreiingsarbeidet, spesielt innan det tekniske og økonomiske området.
Med det omfang arbeidet har saman med den prosessen plan- og bygningslova fastlegg for utgreiing og høring, vil konsekvensutgreiinga kunne leggast fram for Stortinget hausten 1996. Kostnadene for utgreiinga vil vere i storleik 5-10 mill. kroner fordelt over åra 1995 og 1996. Kostnadene vil bli dekte over Samferdselsdepartementet sitt budsjett, og departementet vil seinare kome attende med forslag til inndekking av kostnadene.