Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

   Komiteen viser til at ombodsmannsordninga skal vera med på å styrkja og tryggja den enkelte si rettsstilling i høve til forvaltinga. Sivilombodsmannsordninga skal vera ein rettstryggleiksgaranti for den einskilde innbyggjar, og fyller såleis ein viktig funksjon i demokratiet vårt.

       Komiteen legg i si vurdering til grunn at ei grunnlovfesting av ordninga vil medverka til at ombodsmannsordninga vert ein fast del av styringssystemet vårt, og såleis vil medverka til å forsterka denne ordninga.

       Komiteen viser til at den svenske ombodsmannsinstitusjonen er heimla i den svenske forfatninga, jf. Regjeringsformen kap. 12 § 6. I Danmark vart ei føresegn om ombodsmannsordninga teke inn i Grundlova av 1953, jf. § 55.

       Komiteen finn det naturleg at ombodsmannsordninga i Norge får det same formelle rammeverk som i Danmark og Sverige, sett i høve til vesentlege likskapar elles i organisering og mynde.

       Komiteen viser vidare til den internasjonale ombodsmannskonferansen i Madrid i 1992, kor det i ei felles fråsegn vart lagt til grunn at ombodsmannsordninga i dei einskilde landa burde gjevast ei fast lovmessig forankring. Etter komiteen si meining talar dette også for at ordninga vert grunnlovfesta.

       Ei grunnlovfesting vil kunne medverka til auka medvit om og kjennskap til ordninga, noko som er viktig for at ordninga skal kunna fylla funksjon sin med å vera garantisten åt den enkelte mot vilkårleg framferd og urett i møte med forvaltninga. I så måte er det viktig at ordninga vert gjort mest mogeleg kjent for ålmenta.

       Komiteen viser til at ombodsmannsordninga har verka i over 30 år, og at det har vore ei stadig auke i talet på dei som vender seg til Sivilombodsmannen. På bakgrunn av både dei positive erfaringane med ordninga, og utviklinga av eit omfattande offentleg byråkrati, samt den klåre trongen for ei slik ordning, meiner komiteen at ordninga bør takast inn i Grunnlova.

       Komiteen meiner det er naturleg å få same ordbruk som gjeld for Riksrevisor i Grunnlova, der det heiter at Stortinget udnævner Riksrevisor.