2. Komiteen sine merknader
Komiteen vil understreke at Europarådet gradvis er i ferd med å bli eit alleuropeisk organ. I 1993, som denne meldinga omhandlar, blei seks nye land frå Aust-Europa opptekne som medlemer. I 1994 og 1995 har auken i medlemstal fortsett slik at det no er 34 medlemer i Europarådet.
Komiteen viser og til at 1993 var det året da Europarådet for første gong i si 44-årige historie arrangerte eit toppmøte for stats- og regjeringssjefane i medlemslanda. Dette møtet var med og markerte Europarådet si rolle i det nye Europa. Komiteen meiner at Europarådet har spela ei historisk rolle når det gjeld å styrke hovudprinsipp for det alleuropeiske samarbeidet slik som demokrati, vern om menneskerettane og rettsstaten.
Komiteen viser til at eit av vedtaka på toppmøtet gjaldt ein europeisk handlingsplan mot rasisme. Denne var opphaveleg eit norsk initiativ på bakgrunn av den norske kampanjen mot rasisme i regi av dei politiske ungdomsorganisasjonane.
Komiteen vil peike på at Europarådet har ei viktig rolle i handsaminga av etniske konfliktar, som truleg vil vere av dei største utfordringane i Europa dei kommande åra. Komiteen vil understreke verdien av at toppmøtet vedtok reform av kontrollsystemet for menneskerettar og rettslege instrument for vern av minoritetar.
Komiteen meiner Europarådet har ei viktig oppgåve i å medverke til å stabilisere demokratia i Aust- og Sentral-Europa. I så måte vil også Europarådet spele ei viktig rolle i det europeiske fredsarbeidet.
Europarådet si verksemd andsynes landa i den tidlegare austblokka femner i dag om alle dei tidlegare Sovjetrepublikkane, med unntak av Tadsjikistan. Komiteen er samd i at Europarådet i så måte bruker eit « utvida Europa-begrep ». Blant søkjarlanda står Russland i ei særstilling. Komiteen vil understreke at eit russisk medlemskap vil innebere at ein knyter landet nærare til den europeiske samarbeidsstrukturen. Slik kan ein og støtte demokratiseringsprosessen i landet. Russland må som andre land oppfylle dei medlemskriteria Europarådet legg til grunn.
Europa er under omforming, og dei europeiske samarbeidsorganisasjonane må tilpasse seg den nye situasjonen. Komiteen vil streke under kor viktig det er at Europarådet samarbeider med andre organisasjonar for å skape demokrati og tryggleik i heile Europa. Det er også viktig at ein kan unngå unødig dobbeltarbeid. I så måte er samarbeidet med OSSE sentralt både når det gjelder den menneskelege dimensjon, utvikling av demokratiske institusjonar og menneskerettar og i høve til høgkommissæren for minoritetar.
Komiteen vil vise til det viktige arbeidet Den europeiske menneskerettskommisjonen utfører. Det framgår av meldinga at kommisjonen handsamar ei rekke saker, og nokre av desse har gått til Domstolen til vurdering. Den auka saksmengda er og bakgrunn for vedtaket på toppmøtet om å innføre ei reform av kontrollsystemet for menneskerettar.