Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Kap. 580 Bostøtte

Post 70 Bostøtte, overslagsbevilgning

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga til bustøtte vert redusert med 310 mill. kroner, frå 780 mill. kroner til 470 mill. kroner.

       Reduksjonen skuldast at mindreforbruket av bustøtte for 1994 vil utgjere 55 mill. kroner i 1994, samt at utbetalingstidspunkta for bustøtte vert justert ved at 3. terminutbetaling er flytta frå siste veka i 1994 til første veka i 1995. Justeringa av utbetalingstidspunkta vil isolert føre til eit mindreforbruk på 255 mill. kroner.

       Komiteen merkar seg at det er eit mindreforbruk av bustøtte på 55 mill. kroner. Komiteen viser til sine merknader til B.innst.S.nr.5 (1994-1995) der eit fleirtal uttrykker bekymring for om regelverket har vorte for restriktivt slik at grupper vert utelatt fra ordninga.

       Komiteen har bede Kommunal- og arbeidsdepartementet om å utgreie nærare bakgrunnen for forskyvinga av utbetalingstidspunktet for bustøtte. Departementet sitt svarbrev av 7. desember 1994 følgjer innstillinga som trykt vedlegg.

       Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.