Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå kommunalkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 1994 under Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt forvaltingsområde.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 69 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 8 (1994-95)
  • Dato: 14.12.1994
  • Utgiver: kommunalkomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

  Til Stortinget.

       I proposisjonen legg Kommunal- og arbeidsdepartementet fram forslag om løyvingsendringar under ymse kapittel i statsbudsjettet for 1994.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, statlige mottak

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om ein reduksjon av løyvinga med 175 mill. kroner, frå kr 1.185.000 til kr 1.010.000.

       I proposisjonen vert dei viktigaste forholda som påverker løyvingsbehovet omtala. Løyvinga på posten var opprinneleg basert på at det ville kome 10.000 asylsøkjarar til Noreg i 1994. Dei siste 6 månadene har det kome langt færre asylsøkjarar enn opprinneleg antatt, det vil seie mellom 150 og 250 personar pr. månad. Departementet antar at talet på nye asylsøkjarar vil liggje på dette nivået ut året.

       I proposisjonen visast det også til at belegget i mottaka har vore lågare enn forutsatt. Det har ikkje vore mogleg å redusere kapasiteten i mottaka i takt med nedgangen i belegget, men andelen unytta plassar vil verte redusert fram mot årsskiftet.

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Anneliese Dørum, Eirin Faldet, Roger Gudmundseth, Rolf Terje Klungland, Rune E Kristiansen og Leif Lund, frå Senterpartiet, Eva Lian, Morten Lund og Terje Riis Johansen, frå Høgre, Tore A Liltved og Arild Lund, frå Sosialistisk Venstreparti, Børre Rønningen, og frå Kristeleg Folkeparti, Ola T Lånke, har merka seg at reduksjonen i løyvinga over kap. 520 skuldast at det er kome færre asylsøkarar til landet enn tidlegare rekna med.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpariet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til framlegg om ein mindre restriktiv flyktningepolitikk, men tek til etterretning at det ikkje er fleirtal for å endre praksisen overfor flyktningar frå krigsherja område i det tidlegare Jugoslavia.

       Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Post 60 Integreringstilskudd, kan overføres

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 65 mill. kroner, frå kr 1.724.000 til kr 1.659.000.

       Proposisjonen omtalar tilskuddsordninga nærare. Budsjettet for 1994 er basert på busetjing av 12.000 personar, og det er grunn til å anta at dette overslaget vil halde. Men departementet meiner at talet på førstegangsbusetjingar det vil bli utbetalt tilskudd til kan reduserast frå 12.000 til 11.000 personar.

       Komiteen stør framlegget om å redusere anslaget for fyrstegangsbusetjingar frå 12.000 til 11.000.

       Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Post 52 Omstillingsbevilgningen

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på kr 2.674.000, frå kr 80.550.000 til kr 77.876.000, samtidig som løyvinga under kap. 553 post 76 aukast tilsvarande.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget.

Post 63 Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag (nytt navn)

       Departementet gjer framlegg om at det vert løyva 42,5 mill. kroner som kompensasjon for ikkje-utbyggjing av Stryne/Loen- og Gaularvassdraget.

       Begge vassdraga vart verna mot kraftutbyggjing gjennom Stortinget si handsaming av Verneplan IV. I proposisjonen vises det til tidlegare stortingsdokument der det er trukke opp generelle retningsliner om kompensasjon til kommunar når vassdrag er bestemt unntekne frå utbyggjing.

       Det gjerast framlegg om at løyvinga vert fordelt med totalt 18,5 mill. kroner til Stryn kommune og ei samla løyving på 24 mill. kroner til kommunane Balestrand, Førde og Gaular. Dei tre sistnemnde kommunane ønskjer sjølv å foreta ei fordeling av beløpet.

       På bakgrunn av ei totalvurdering foreslår departementet at ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing av vassdrag vert oppheva.

       Komiteen viser til at Stryn kommune på ulike tidspunkt har vore forespeila utbyggjing av Stryne- og Loenvassdraget, og har over ein lengre periode vore påført ei rekkje kostnader i samband med førebuingane til dei tidlegare planane.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, gjer framlegg om at kompensasjonen til Stryn kommune setjast til 20,5 mill. kroner.

       Fleirtalet gjer følgjande framlegg:

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
63 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Stryn
kommune, løyvast med kr 20.500.000

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre foreslår å øke bevilgningen til Stryn kommune med 5,5 mill kroner i forhold til Regjeringens forslag. Disse medlemmer foreslår følgelig en bevilgning på 24 mill. kroner.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
63 (Ny) kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Stryn
kommune, bevilges med kr 24.000.000

       Komiteen viser til at tri av dei kommunane som er berørt av vernevedtaket for Gaularvassdraget, Balestrand, Førde og Gaular er foreslått ein kompensasjon for ikkje-utbyggjing på tilsaman 24 mill. kroner.

       Komiteen viser til at desse kommunane får relativt mindre i kompensasjon enn kommunar i tilsvarande posisjon tidlegare. Komiteen vil med bakgrunn i ynskjet om mest mogleg lik praksis, gjere framlegg om at kommunane Balestrand, Førde og Gaular får ein kompensasjon for tap i inntekter på 30 mill. kroner, fordelt med 10 mill. kroner på kvar.

       Komiteen gjer følgjande framlegg:

Kap.  550

Lokal næringsutvikling
64 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag,
Balestrand, Førde og Gaular kommuner, løyvast med kr 30.000.000

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil vidare, til liks med Stryn kommune, innrømme ein viss kompensasjon til dekning av medgåtte planleggingsutgifter. Desse medlemene foreslår at kvar av desse tri kommunane får 1 mill. kroner til slik kompensasjon.

       Desse medlemene gjer difor fylgjande framlegg:

Kap.  550

Lokal næringsutvikling
64 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag,
Balestrand, Førde og Gaular kommuner, løyvast med kr 33.000.000

       Komiteen sitt fleirtal, alle unntatt medlemene frå Høgre, meiner ordninga med at kompensasjonen vert løyvt over kommunale næringsfond er ei god ordning, men fleirtalet vil understreka at løyva kompensasjon ikkje må føra til at vedkomande kommunar tapar eller får reduksjon i dei årlege tilføringane til næringsfonda.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sin generelle økonomiske politikk og merknadene vedrørende næringsfond i de årlige budsjettproposisjonene.

       Komiteen viser elles til at Sogn- og Fjordane Fylkeskommune hevdar å ha hatt store utgifter knytta til utbyggjingsplanane for Gaularvassdraget. Komiteen viser her til eigen søknad handsama i Nærings- og energidepartementet. Same søknad er oversendt Kommunal- og arbeidsdepartementet for vurdering.

       Komiteen reknar med at departementet eventuelt seinare kjem tilbake til denne søknaden.

Vurdering av ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing

       Komiteen har merka seg Regjeringa sitt framlegg om å oppheva ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing av vassdrag.

       Komiteen vil vise til at ordninga med kompensasjon for ikkje-utbyggjing har vore handsama i Stortinget fleire gonger. Retningslinene vart sist stadfest gjennom St.prp. nr. 118 (1991-1992) - Verneplan IV for vassdrag og Innst.S.nr.116 (1992-1993).

       Komiteen vil med bakgrunn i dette og tidlegare handsamingar i Stortinget ikkje tilrå at ein i denne omgang handsamar spørsmålet om oppheving av kompensasjonsordninga. Dette fordi saka er stor og prinsipielt viktig.

Post 73 (Ny) Tilskudd til etterbruksfond, kan overføres

       Det gjerast framlegg om ei løyving på 110 mill. kroner.

       Det knytter seg framleis stor utryggleik til etterbruksfondet sin endelege storleik. Sluttsummen vil blant anna avhenge av kva for inntekter i OL-budsjettet som vil vert innbetalde i 1995 og 1996. Overslaget som Regjeringa har valt å bruke som utgangspunkt for fordelinga tyder på at etterbruksfondet totalt vil verte tilført ca 365 mill. kroner, tilsvarande dei 401 mill. kroner som er omtala i Gul Bok for 1995, neddiskontert til prisnivået i dag.

       Restsummen er i samsvar med Regjeringa sitt framlegg i statsbudsjettet for 1995, vedteke løyva i 1995, jf. B.innst.S.nr.5 (1994-1995).

       Komiteen viser til at Kommunal- og arbeidsdepartementet har ansvaret for fordeling og utbetaling av etterbruksfondet. Komiteen vil vise til dei einstemmige merknadene under dette kapitlet i B.innst.S.nr.5 (1994-1995).

       Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Post 76 Oppfølging av regionale forsøk

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert auka med kr 2.674.000, frå kr 14.650.000 til kr 17.324.000.

       Aukinga er naudsynt for å kunne innfri staten sine forpliktingar. Då løyvinga blei gjeven i 1993, var det ein føresetnad at utbetalingane skulle skje i 1993, 1994 og 1995. Kr 8.034.000 som stod ubenytta ved utgangen av 1993, blei ført attende til statskassa. Med omsyn til inndekkjinga vert det vist til kap. 550 post 52.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Post 70 Bostøtte, overslagsbevilgning

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga til bustøtte vert redusert med 310 mill. kroner, frå 780 mill. kroner til 470 mill. kroner.

       Reduksjonen skuldast at mindreforbruket av bustøtte for 1994 vil utgjere 55 mill. kroner i 1994, samt at utbetalingstidspunkta for bustøtte vert justert ved at 3. terminutbetaling er flytta frå siste veka i 1994 til første veka i 1995. Justeringa av utbetalingstidspunkta vil isolert føre til eit mindreforbruk på 255 mill. kroner.

       Komiteen merkar seg at det er eit mindreforbruk av bustøtte på 55 mill. kroner. Komiteen viser til sine merknader til B.innst.S.nr.5 (1994-1995) der eit fleirtal uttrykker bekymring for om regelverket har vorte for restriktivt slik at grupper vert utelatt fra ordninga.

       Komiteen har bede Kommunal- og arbeidsdepartementet om å utgreie nærare bakgrunnen for forskyvinga av utbetalingstidspunktet for bustøtte. Departementet sitt svarbrev av 7. desember 1994 følgjer innstillinga som trykt vedlegg.

       Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Post 73 Tilskudd til opplysning, informasjon m.m.

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 1,2 mill. kroner, frå 5 mill. kroner til 3,8 mill. kroner.

Post 76 Tilskudd til åpning av gjeldsforhandlinger

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 4 mill. kroner, frå 5 mill. kroner til 1 mill. kroner.

Post 77 Tilskudd til gjeldssanering

       Det vert gjort framlegg om å flytte løyvinga på 30 mill. kroner til dette kapittelet sin post 81, og at løyvinga vert gjort overførbar, idet det er usikkert om alle midlane vil kunne tildelast dette året.

       Komiteen har ingen merknader til dette kapitlet postane 73, 76 og 77 og sluttar seg til Regjeringa sine framlegg.

Post 80 Tilskudd til utleieboliger, kan overføres

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 25 mill. kroner, frå 75 mill. kroner til 50 mill. kroner, då det er kome færre søknader enn venta.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, har ingen merknader og slutter seg til Regjeringens forslag.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil foreslå å overføre de 25 millionene som står ubrukt på denne posten til neste års budsjett. Forklaringen på at disse midlene står ubrukt er at kommunene aktivt bruker etableringstilskuddet til utleieformål, post 75, i stedet for posten som er beregnet på dette. På post 75 ser det også ut til at midlene vil bli brukt, og det sies i St.prp. nr. 1 fra Kommunal- og arbeidsdepartementet at etterspørselen er svært god.

       Disse medlemmer mener det er viktig å stimulere ordningen med utleieboliger, da slike boliger har vist seg å være attraktive for unge mennesker i etableringsfasen. Det er svært få utleieboliger i Norge og behov for å utvide dette tilbudet. Ved å overføre de 25 millionene til 1995 og til den nyopprettede post 80 Boligtilskudd, som er en samlepost, vil det bli en reell økning. Så langt i budsjettbehandlingen ligger det her en nedgang i bevilgningen fra 1994 til 1995.

       Disse medlemmer vil på denne bakgrunn stemme imot forslaget om å redusere bevilgningen med 25 mill. kroner.

Post 70 Husleiesubsidier og rentetap 2. halvår 1992

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 30 mill. kroner, frå 33 mill. kroner til 3 mill. kroner på grunn av lågare finanskostnader for utleigebustader som følgje av det generelle rentefallet.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

      For å få ein meir fleksibel bruk av midlane under dette kapitlet vert det gjort framlegg om at post 60 oppstartingstilskudd, kan overføres, vert tilføyd « kan benyttes under post 61 » og at post 61 Tilskudd til enerom, kan overføres, vert tilføyd « kan benyttes under post 60 ».

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Post 74 Forsøkstiltak m.v., kan overføres

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 10 mill. kroner, frå kr 20.264.000 til kr 10.264.000 som følge av dei betra utsiktene på arbeidsmarknaden.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Post 70 Formidlingstiltak for yrkeshemmede, kan overføres, kan benyttes under post 71

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert sett ned med 10 mill. kroner, frå kr 226.190.000 til kr 216.190.000.

Post 71 Tilskudd til integrering av yrkeshemmede i ordinært arbeidsliv, kan overføres, kan benyttes under post 70

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert redusert med 30 mill. kroner, frå kr 548.480.000 til kr 518.480.000.

       Reduksjonen under postane 70 og 71 har samanhang med underforbruk som skuldast forsenka tiltaksopptrapping, hovudsakleg i samband med samlinga av ansvaret for yrkesmessig attføring i arbeidsmarknadsetaten.

Post 74 Forsøkstiltak m.v., kan overføres

       Det vert gjort framlegg om ein reduksjon på 3 mill. kroner, frå kr 7.986.000 til kr 4.986.000.

       Komiteen har ingen merknader til dette kapitlet og sluttar seg til Regjeringa sine framlegg.

Post 71 Risikofond for ikke-personlige lånetakere

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga på 340 mill. kroner vert auka med 100 mill. kroner til 440 mill. kroner.

       Dei ordinære tapsvurderingane på ikkje-personlege låntakarar, eksklusiv byfornya burettslag, utgjer 130 mill. kroner i 1994. Tapsvurderingane for byfornya burettslag er på 460 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

   Det vert gjort framlegg om ei nedsetjing av løyvinga på 150 mill. kroner frå 500 mill. kroner, til 350 mill. kroner (post 70). Endringane i regelverket i tilknytning til lønsgarantiordninga, med virkning frå 1. juli 1992, har gjeve innsparingar med omsyn til utbetalingar.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Under post 02 Takstgebyrer, post 04 Tilkjente saksomkostninger, post 06 Forvaltningsgebyr og post 07 Termingebyr, gjeldsforikring, vert det gjort framlegg om nedsetjingar på henholdsvis 1,3 mill. kroner, 350.000 kroner, 3 mill. kroner og 1,2 mill. kroner.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt framlegg.

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti:

Forslag 1

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
64 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag,
Balestrand, Førde og Gaular kommuner, løyvast med kr 33.000.000

Forslag fra Høyre og Senterpartiet:

Forslag 2

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
63 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Stryn
kommune, bevilges med kr 24.000.000

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I.

       På statsbudsjettet for 1994 vert det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.    520

Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 3520)
21 Spesielle driftsutgifter, statlige mottak, nedsettes
med kr 175.000.000
fra kr 1.185.000 til kr 1.010.000

Kap.    521

Bosetting av flyktninger og integrering av
innvandrere (jf. kap. 3521)
60 Integreringstilskudd, kan overføres,
nedsettes med kr 65.000.000
fra kr 1.724.000 til kr 1.659.000

Kap.    550

Lokal næringsutvikling
52 Omstillingsbevilgningen, nedsettes med kr 2.674.000
fra kr 80.550.000 til kr 77.876.000
63 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Stryn
kommune, bevilges med kr 20.500.000
64 (Ny) Kompensasjon for ikke-utbygging av vassdrag, Balestrand,
Førde og Gaular kommuner, bevilges med kr 30.000.000

Kap.    553

Forsøk
73 (Ny) Tilskudd til etterbruksfond, kan overføres,
bevilges med kr 110.000.000
76 Oppfølging av regionale forsøk, forhøyes med kr 2.674.000
fra kr 14.650.000 til kr 17.324.000

Kap.    580

Bostøtte
70 Bostøtte, overslagsbevilgning, nedsettes med kr 310.000.000
fra kr 780.000.000 til kr 470.000.000

Kap.    581

Bolig- og bomiljøtiltak
73 Tilskudd til opplysning, informasjon m.m., nedsettes
med kr 1.200.000
fra kr 5.000.000 til kr 3.800.000
76 Tilskudd til åpning av gjeldsforhandlinger, nedsettes
med kr 4.000.000
fra kr 5.000.000 til kr 1.000.000
77 Tilskudd for gjeldssanering, nedsettes med kr 30.000.000
fra kr 30.000.000 til kr 0
80 Tilskudd til utleieboliger, kan overføres,
nedsettes med kr 25.000.000
fra kr 75.000.000 til kr 50.000.000
81 (Ny) Tilskudd til gjeldssanering, kan overføres,
bevilges med kr 30.000.000

Kap.    585

Selskapet for innvandrer- og flyktningeboliger,
avviklingskostnader
70 Husleiesubsidier og rentetap 2. halvår 1992,
nedsettes med kr 30.000.000
fra kr 33.000.000 til kr 3.000.000

Kap.    591

Arbeidsmarkedstiltak (jf. kap. 3591)
74 Forsøkstiltak m.v., kan overføres, nedsettes
med kr 10.000.000
fra kr 20.264.000 til kr 10.264.000

Kap.    592

Spesielle arbeidsmarkedstiltak for yrkeshemmede
70 Formidlingstiltak for yrkeshemmede, kan overføres, kan
nyttes under post 71, nedsettes med kr 10.000.000
fra kr 226.190.000 til kr 216.190.000
71 Tilskudd til integrering av yrkeshemmede i ordinært
arbeidsliv, kan overføres, kan nyttes under post 70,
nedsettes med kr 30.000.000
fra kr 548.480.000 til kr 518.480.000
74 Forsøkstiltak m.v., kan overføres, nedsettes
med kr 3.000.000
fra kr 7.986.000 til kr 4.986.000

Kap.  2412

Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 3574, 5601, 5607)
71 Risikofond for ikke-personlige låntakere, forhøyes
med kr 100.000.000
fra kr 340.000.000 til kr 440.000.000

Kap.  2542

Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.
70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.,
overslagsbevilgning, nedsettes med kr 150.000.000
fra kr 500.000.000 til kr 350.000.000

Inntekter:

Kap.  3574

Den Norske Stats Husbank (jf. kap. 2412)
02 Takstgebyrer, nedsettes med kr 1.300.000
fra kr 11.000.000 til kr 9.700.000
04 Tilkjente saksomkostninger, nedsettes med kr 335.000
fra kr 500.000 til kr 165.000
06 Forvaltningsgebyr, nedsettes med kr 3.000.000
fra kr 24.000.000 il kr 21.000.000
07 Termingebyr, gjeldsforsikring, nedsettes med kr 1.200.000
fra kr 3.000.000 til kr 1.800.000

II.

       På kap. 586 Oppstartingstilskudd til nye omsorgsboliger og sykehjemsplasser, post 60 Oppstartingstilskudd, kan overføres, tilføyes stikkordet « kan nyttes under post 61 ».

       På kap. 586 Oppstartingstilskudd til nye omsorgsboliger og sykehjemsplasser, post 61 Oppstartingstilskudd, kan overføres, tilføyes stikkordet « kan nyttes under post 60 ».

Oslo, i kommunalkomiteen, den 14. desember 1994.

Roger Gudmundseth, Børre Rønningen, Ola T Lånke,
leiar. ordførar. sekretær.
Vedr St.prp. nr. 8 (1994-1995), kap 580 bostøtte. Forskyvning av utbetalingstidspunktet for bosttøtte

       Det vises til henvendelse fra stortingsrepresentant Anneliese Dørum om ovennevnte.

       Som en konsekvens av iverksettingen av Husbankens nye edb-system for bostøtte 1. januar 1994 ble de tre årlige utbetalingstidspunktene forskjøvet med omlag en uke, fra slutten av april til begynnelsen av mai, fra slutten av august til begynnelsen av september og fra slutten av desember til begynnelsen av januar.

       Bakgrunnen for denne forskyvningen på vel en uke er for det første at det nye edb-systemet gir mulighet for bedre kontroll av søknaden og bedre begrunnelse for Husbankens vedtak i forhold til forvaltningslovens krav. Samtidig har bostøttesøkeren fått en bedre informasjon om vedtaket og klageadgangen, samt en egen oversikt over bostøtteberegningen med de grunnlagsopplysninger som ligger til grunn for vedtaket. For det andre innebærer den økte mengden av informasjon at Postgiro trenger lengre tid for at søknadene klargjøres for utbetaling. Det har også tidligere vært problemer å få utbetalingene ut i romjula på bakgrunn av press i både Postverket og Postgiro i romjula.

       Alternativet til forskjøvet utbetalingstidspunkt ville være å endre tidspunktet for innlevering av søknader. Dette ble vurdert som en større ulempe for bostøttesøkerne, siden søknadsfristene er godt innarbeidet i kommunene og blant bostøttesøkerne.

       Det var KADs vurdering at forskyvingen i utbetalingstidspunkt var et rent teknisk spørsmål som ikke stilte krav til særskilt stortingsbehandling. KAD la særlig vekt på at endringen ikke ville få andre praktiske konsekvenser for den enkelte bostøttemottaker utover at utbetalingen kommer en uke seinere enn før, samtidig som søkeren ville få bedre informasjon om vedtaket.

       Det må understrekes at bostøttemottakerne har fått god informasjon om endringen i utbetalingstidspunkt, både i Husbankens annonse om bostøtten i dagspressen, gjennom kommunene og gjennom brev til de som var bostøttemottakere 3. termin 1993. Det har derfor ikke kommet noen reaksjoner på forskyvningen av utbetalingstidspunktet for de to første bostøtteterminene i år, fra slutten av april til begynnelsen av mai, og fra slutten av august til begynnelsen av september.