Innstilling frå finanskomiteen om verksemda til Noregs Kommunalbank i 1992 og 1993.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 66 (1994-1995)
- Kildedok: St.meld. nr. 9 (1994-95)
- Dato: 13.12.1994
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Innleiing
- 2. Verksemda til Kommunalbanken
- 3. Utlånsverksemda i 1992 og 1993
- 4. Innlånsverksemda og økonomisk resultat i 1992 og 1993
- 5. Administrative og organisatoriske spørsmål
- 6. Komiteens tilrådning
- Vedlegg 1: Brev fra finanskomiteen v/Per Olaf Lundteigen til Finansdepartementet, datert 2. november 1994:
- Vedlegg 2: Brev fra Finansdepartementet til Senterpartiets stortingsgruppe v/Per Olaf Lundteigen, datert 5. desember 1994.
- Vedlegg 3: Særavtale for rådgivningsavdelingen Norges Kommunalbank
Meldinga gjeld verksemda til Kommunalbanken i 1992 og 1993. Det er på nokre område i meldinga tatt med opplysningar fram til sommaren 1994.
I samsvar med § 9 i lov av 15. juli 1949 om Noregs Kommunalbank har banken 10. februar 1993 lagt fram årsmeldinga om verksemda i 1992. Årsmeldinga for 1992 er trykt som vedlegg 1, rekneskapen som vedlegg 2 og meldingane frå revisjonen og tilsynsnemnda som vedlegg 3 og 4 til meldinga. Årsmeldinga om verksemda i 1993 blei lagt fram 23. februar 1994. Årsmeldinga for 1993 er trykt som vedlegg 5, rekneskapen som vedlegg 6 og meldingane frå revisjonen og tilsynsnemnda for 1993 er trykte som vedlegg 7 og 8.
Departementet viser og til dei særtrykka av årsmeldingane som banken sjølv har gitt ut og sendt til Stortinget.
Samla utlån frå Kommunalbanken var ved utgangen av 1992 på om lag 23,3 mrd. kroner (inklusive lån i form av grunnkjøpsobligasjoner), og ved utgangen av 1993 på om lag 24,4 mrd. kroner.
I tillegg har Kommunalbanken frå og med 1990 mot godtgjersle administrert ei statleg tilskotsordning for Olje- og energidepartementet til ENØK-føremål i kommunane. Denne tilskotsordninga blei avvikla i 1993. Frå 1992 har banken og teke over administreringa av ei tilskotsordning for kommunale avløpstiltak frå Miljøverndepartementet. Tilskota blir samordna med banken sine utlån til dei same føremåla.
Kommunalbanken oppretta i desember 1993 dotterselskapet NKB Fondsforvaltning AS. Selskapet er 100 % eigd av Kommunalbanken og har ein aksjekapital på 10 mill. kroner. Dette er det første dotterselskapet som banken har oppretta etter at det vart gitt høve til dette gjennom endringa i lova om Noregs Kommunalbank, jf. Ot.prp. nr. 65 (1991-1992) . NKB Fondsforvaltning vil gje kommunar og kraftselskap tilbod om å plassere midler i ulike pengemarknads- og obligasjonsfond.
Vidare driv Kommunalbanken ei eiga rådgjevingsteneste retta mot kommunane.
Ved sidan av rådgjevingsverksemda har Kommunalbanken gjennom seminar og kurs søkt å hjelpe kommunane i økonomiske spørsmål.
Kommunalbanken gjev og ut tidsskriftet Forum og finansbladet Markedsrapporten.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, har ingen merknader.
I Nasjonalbudsjettet 1992 blei ramma for løyvingar av nye lån i Kommunalbanken sett til i alt 3.000 mill. kroner. Som det går fram av omtalen i Kredittmeldinga 1991 og 1992 (St.meld. nr. 17 (1993-1994)) vart ramma for utlån i 1992 i Kommunalbanken nytta fullt ut. Som følgje av endringane i skattereglane frå og med 1992 fall innvilgningsramma for banken sine utlån i form av grunnkjøpsobligasjonar bort. Ordninga med delrammer for utlåna under Kommunalbanken blei avvikla i 1991, og det blei i staden fastsett kvalitative retningsliner for banken si prioritering av lån. Dette gjev Kommunalbanken høve til å vere meir fleksibel med utlåna sine, og banken har såleis kunne finansiere prosjekt som det ikkje var adgang til å finansiere før systemet med delkvotar blei avvikla. Fleire kommunar har m.a. fått samla sine låneopptak til eitt samlelån for å dekkje dei investeringane som skal gjerast i løpet av året. I Nasjonalbudsjettet 1993 blei ramma for løyvingar av nye lån i Kommunalbanken sett til i alt 3.100 mill. kroner. Ramma vart nytta fullt ut.
Dei kvalitative retningslinene for banken si prioritering av lån blei fastsette i 1991. Etter som det er nokre år sidan retningslinene blei fastsette, har departementet tatt eit initiativ for å vurdere om det er tenleg å endre retningslinene. Ein kjem tilbake til dette i samband med Salderingsproposisjonen 1995.
Kommunalbanken har korkje i 1992 eller 1993 godkjent søknader om utsetjing med betaling av avdrag, men har i nokre høve gått med på å forlenge løpetida på lån som er gitt til opparbeiding av bolig- og næringsområder. Mot slutten av 1993 løyvde banken enkelte lån til refinansieringar. Kommunalbanken har prioritert lån til nyinvesteringar og det var difor berre eit fåtal kommunar som fekk refinansiert lån til gunstigare rentevilkår.
Uteståande garantiar frå Kommunalbanken for lån i andre kredittinstitusjonar til skular gjekk i 1992 ned med om lag 132 mill. kroner frå 437 mill. kroner til 305 mill. kroner. I 1993 gjekk garantiansvaret ytterlegare ned med om lag 78 mill. kroner til 227 mill. kroner.
Frå og med 1. januar 1991 har Kommunalbanken sjølv kunne fastsetje si utlånsrente. Gjennom heile 1992 held banken fast si p.t. rente på 10,5 % p.a. Bankens kundar vart og tilbode lån med fast rente frå 1-5 år og lån med rente knytta til 3-månaders NIBOR. I 1993 sette banken 7 gonger ned si p.t. rente på lån utbetalt frå og med 1. mars, frå 10,5 % p.a. i januar til 6 % p.a. mot slutten av året. Renta på p.t-lån utbetalt før 1. mars vart sett ned 5 gonger frå 11 % p.a. til 7,75 % p.a. Renta på p.t-lån er sett ytterlegare ned i 1994 og ligg no på hhv. 6,0 % og 6,5 % p.a. for lån utbetalt før og etter 1. mars 1993. Kommunalbanken tek sikte på å etablere ei felles rente på nye og gamle p.t.-lån så snart innlånskostnadene er tilpassa dei nye marknadsrentene.
Lån med oppgjer i grunnkjøpsobligasjonar blei forrenta med 11 % p.a. i 1992, men vart frå og med 1. juli 1993 redusert til 10,25 % p.a.
Komiteen har merket seg at Kommunalbanken har en sentral rolle som kredittgiver overfor kommune-Norge og brukte sine utlånsrammer fullt ut i 1992 og 1993. Dette viser at Kommunalbanken i denne perioden med store endringer i rentenivået har hatt lånetilbud som har vært et gunstig alternativ for kommunene sammenlignet med andre kredittinstitusjoner.
Komiteen peker på at det generelt høye rentenivået i Norge skapte økonomiske vanskeligheter for kommuner med høy gjeld.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen, viser til at Kommunalbanken i hele 1992 holdt banken fast på en p.t. rente på 10,5 % som var betydelig lavere enn det andre kredittinstitusjoner opererte med. På slutten av 1993 var p.t. renten nede i 6 %.
Flertallet mener at Kommunalbanken er et viktig banktilbud for offentlig sektor og flertallet vil dessuten peke på at banken har fungert som et viktig korrektiv overfor private finansieringsinstitusjoner innen det kommunale lånemarkedet.
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen er enig i at Kommunalbanken i forhold til kommunene har fungert som en konkurrent og et korrektiv til det øvrige bankvesen. Disse medlemmer vil imidlertid bemerke at formidling av store lån med lav risiko til den kommunale sektor, innlånt med statlig garanti, innebærer en konkurransemessig favorisering i forhold til det øvrige bankvesen som uten statsgaranti har til oppgave å skaffe lånefinansiering til husholdninger og bedrifter, hvor risikoen er langt større.
Komiteen viser til at retningslinjene for bankens tildeling av lån ble fastsatt i 1991. Komiteen har merket seg at departementet vil komme en vurdering om endring av retningslinjene i Salderingsproposisjonen 1995.
Kommunalbanken tok i 1992 opp til saman 10.242 mill. kroner i innlån på den innanlandske lånemarknaden. Dette var ein auke på 163 % i forhold til året før, og har samanheng med at Kommunalbanken reduserte rentebindingstida på innlåna for å redusere sin renterisiko. Rentene på dei låna som blei tatt opp varierte frå 9,9 % til 12,89 %. Samla innlån ved utgangen av 1992 var om lag 20.938 mill. kroner. Innlåna fordelte seg på 3.410 mill. kroner i form av sertifikatlån (lån med opptil eitt års løpetid) og 17.528 mill. kroner i form av obligasjonslån og anna langsiktig opplåning.
I 1993 tok Kommunalbanken opp lån for til saman om lag 22,4 mrd. kroner på den innanlandske lånemarknaden. Dette var ei dobling i høve til året før, noko som må sjåast i samanheng med at rentebindingstida på innlåna er redusert, jf. ovanfor. Renta på dei innanlandske låna veksla frå 5,0 % til 10,8 %. Samla innlån ved utgangen av 1993 var 23.373 mill. kroner. Av dette var 16.217 mill. kroner i form av obligasjonslån og 7.156 mill. kroner i form av sertifikatlån.
Rekneskapen for 1992 viser eit driftsresultat på 442,2 mill. kroner, som er nær 16 mill. kroner betre enn i 1991.
Rekneskapen for 1993 viser eit driftsresultat på 237,6 mill. kroner, som er 204,6 mill. kroner lågare enn i 1992. Den kraftige reduksjonen i driftsresultatet har i all hovudsak samanheng med overføringa av 2 mrd. kroner frå Kommunalbanken sitt risikofond til statskassen som blei gjort med virkning frå 1. januar 1993. Overføringa til statskassen blei finansiert med låneopptak i marknaden og dette har gjeve banken høgare kapitalutgifter enn tidlegare år.
Frå og med rekneskapsåret 1993 skal Kommunalbanken betale utbytte av overskot til staten, jf. Ot.prp. nr. 6 (1993-1994) . I Nasjonalbudsjettet 1994 vart utbytte sett til 100 mill. kroner, men dette vart auka til 170 mill. kroner i samband med Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett 1994. Kommunalbanken sitt styre har nyleg handsama rekneskapen for 1993 på nytt slik at det vert samsvar mellom Stortinget sitt vedtak og banken si årsmelding og rekneskap for 1993.
Finansdepartementet viser elles til dei opplysningane som Kommunalbanken har gitt om sine lån i årsmeldingane, jf. vedlegg 1 og 5.
Komiteen viser til at Kommunalbanken hadde et driftsresultat på 442,2 mill. kroner i 1992. I 1993 var driftsresultatet 237,6 mill. kroner, dvs. 204,6 mill. kroner lavere enn i 1992. Komiteen vil peke på at dette blant annet har sammenheng med at Stortinget vedtok å overføre 2 mrd. kroner fra Kommunalbankens risikofond til statskassen. Midlene ble benyttet til egenkapitaldivisjonen i Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond, jf. Innst.O.nr.24 (1992-1993). Kommunalbanken finansierte dette med låneopptak i markedet.
Komiteen viser til at det i Ot.prp. nr. 7 (1992-1993) ble anslått at overføring av 2 mrd. kroner av Kommunalbankens egenkapital til statskassen isolert ville kunne svekke driftsresultatet med omlag 220 mill. kroner. Reduksjonen i driftsresultat fra 1992 til 1993 på 204,6 mill. kroner tyder på at Kommunalbanken har latt bortfallet av inntekter fra egenkapitalen slå ut i et lavere driftsresultat, slik at kundenes rentebetingelser ikke ble påvirket av overføringen av egenkapital til statskassen.
Komiteen viser også til at Kommunalbanken fra og med regnskapsåret 1993 må betale utbytte av overskuddet til staten, jf. Ot.prp. nr. 6 (1993-1994) og Innst.O.nr.1 (1993-1994). Av regnskapsresultatet på 237,6 mill. kroner i 1993 tok staten ut 170 mill. kroner i utbytte, tilsvarende 71,5 % av resultatet.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, viser til Innst.O.nr.1 (1993-1994) hvor komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Fremskrittspartiet og Venstre uttaler:
« I en situasjon med betydelige underskudd på statsbudsjettet, er det etter flertallets oppfatning lite hensiktsmessig forvaltning av statens kapital i Kommunalbanken å ikke kreve utbyttebetaling. Kommunalbankens innlån med statsgaranti vil fortsatt sikre banken innlånsrente på linje med staten selv. Spørsmålet om utbyttebetaling vil etter flertallets oppfatning således ikke svekke bankens evne til å gi kommunene lån til gunstig rente. » |
Flertallet viser til at en stor del av overskuddet for 1993 forblir i Kommunalbanken også etter utbyttebetaling til staten. Bankens utlånsvilkår og konkurransekraft tyder ikke på at utbyttepolitikken har påvirket bankens funksjon i negativ retning.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse viser til følgende merknad i B.innst.S.nr.6 (1994-1995):
« Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse viser til merknader fra disse partier i Innst.O.nr.1 (1993-1994) der en gikk mot den lovendring som ga adgang for staten til å kreve utbytteutbetaling på bakgrunn av Kommunalbankens regnskapsresultat. |
Disse medlemmer mener at overskuddet i Kommunalbanken skal komme kommuner og fylkeskommuner til gode i form av rimeligere lånevilkår. Dersom overskuddet er større enn det som skal til for å sikre egenkapitalen og forsvarlige framtidige reserver, bør lånevilkårene gjøres gunstigere overfor bankens kunder. |
Disse medlemmer vil peke på at Kommunalbankens rolle som statsbank er å yte rimeligst mulig lån til nødvendige investeringer i kommuner og fylkeskommuner. Det vil derfor være ulogisk å trekke inn overskudd fra Kommunalbanken dersom dette fører til dyrere lånevilkår overfor kommunene. Dette gir svekkede rammevilkår som igjen vil kunne utløse bevilgninger gjennom inntektssystemet. |
Disse medlemmer vil også vise til at statens utbyttepolitikk svekker Kommunalbankens interesse for god drift. » |
Kommunalbanken hadde ved utgangen av 1993 til saman 45 tilsette. Av desse var 4 stillingar tidsavgrensa engasjementer knytta til Rådgjevningsavdelinga i banken. I august 1993 blei det tilsett ny viseadministrerande direktør.
For banken si rådgjevningsteneste er det frå og med 1992 innført ei form for bonusordning for alle medarbeidarane i avdelinga. Avtalen er inngått som ein særavtale mellom partane i banken med grunnlag i punkt VB i Hovedtariffavtalen (gjennomføring av effektiviseringstiltak), og etter godkjenning frå Finansdepartementet. I korte drag går avtalen ut på at det kan utbetalast ein bonus av overskottet til dei som er knytta til Rådgjevingstenesta, avgrensa til 50 % av grunnløn. I 1992 og 1993 blei det ikkje utbetalt bonus.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar dette til orientering.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse har merket seg at det fra og med 1992 er innført en bonusordning for de ansatte i bankens rådgivningstjeneste som er hjemlet i en avtale om bonus fra rådgivningsavdelingens overskudd, begrenset oppad til 50 % av grunnlønn. Avtalen er godkjent av Finansdepartementet. Disse medlemmer viser til spørsmål fra saksordføreren 2. november 1994 om saken, og til finansministerens svar 5. desember 1994, med vedlegg. Nevnte brev med vedlegg følger som trykt vedlegg til denne innstilling. Disse medlemmer vil peke på at slike avtaler er uvanlig, selv i tilsvarende privat virksomhet, og at den ikke etter disse medlemmers mening er i tråd med statens lønnspolitikk.
Disse medlemmer viser til at avtalen utløper 31. desember 1994 og disse medlemmer anbefaler at den ikke fornyes.
Komiteen viser til meldinga og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt
St.meld. nr. 9 (1994-1995) - Verksemda til Noregs Kommunalbank i 1992 og 1993 - vedlegges protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 13. desember 1994. |
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, | Per Olaf Lundteigen, | Per-Kristian Foss, |
leder. | ordfører. | sekretær. |
Jeg viser til St.meld. nr. 9 (1994-1995) Verksemda til Noregs Kommunalbank i 1992 og 1993 som er under behandling i finanskomiteen.
På side 4 i meldingen er det redegjort for en bonusavtale for de ansatte i Kommunalbankens rådgivingsavdeling som vil kunne gi medarbeiderne i denne avdelingen opptil 50 % bonus i tillegg til grunnlønn. Avtalen er i følge meldingen inngått med grunnlag i punkt V b i Hovedavtalen (gjennomføring av effektiviseringstiltak).
Jeg ber om departementets vurdering av avtalen og en redegjørelse for avdelingsresultatet i rådgivingsavdelingen i 1992 og 1993. Jeg ber dessuten om å få oversendt en kopi av avtalen. »
Det vises til brev hit av 2.11.d.å.
Rådgivningstjenesten i Norges Kommunalbank er en selvstendig resultatenhet, som rapporterer direkte til administrerende direktør. Kommunalbanken fikk i 1992 tillatelse til å inngå forhandlinger med de ansattes organisasjoner med henblikk på å å inngå en særavtale med bakgrunn i daværende Hovedtariffavtalens pkt. VB (nåværende Hovedtariffavtalens pkt. 2.3.5).
Enheten har f.t. 3 medarbeidere, som har tidsbegrensede ansettelseskontrakter - i realiteten avhengig av enhetens økonomiske utvikling. Lønnsnivået ligger til dels langt under det som kan tilbys i konkurrerende virksomheter, og det utbetales ikke overtidsgodtgjøring.
Rådgivningstjenesten gikk med underskudd i 1992 (ca kr 52.000) og 1993 (ca kr 88.000). Avtalens bestemmelser om bonus har således ikke kommet til anvendelse så langt.
Ved inngåelse av avtalen ble det lagt vekt på Kommunalbankens behov for å kunne rekruttere og beholde nødvendig kompetanse, samt Rådgivningstjenestens markedsutsatte posisjon. Det vil bli foretatt en evaluering av avtalen og dens betydning ved utløpet av 1994. Det gjøres for øvrig oppmerksom på at avtalen utløper 31.12.1994.
Avtaleteksten følger vedlagt til orientering.
Kapittel I - Lønn og ansettelsesforhold
1.1 | Hvem avtalen gjelder |
Avtalen gjelder de medarbeidere i Norges Kommunalbank som til daglig tjenestegjør i bankens Rådgivningsavdeling. |
1.2 | Ansettelsesvilkår |
Medarbeiderne er ansatt på engasjementsbasis. Engasjementets varighet avgjøres i hvert enkelt tilfelle, men kan ikke inngås med varighet utover denne avtales virkningstidsrom. |
Prøvetid gjøres gjeldende for alle nyansatte, herunder også personell som kommer direkte fra annen statlig virksomhet (jf. Tjenestemannsloven § 8). Prøvetidens lengde avgjøres i hvert enkelt tilfelle, men kan ikke være lenger enn 6 måneder. |
1.3 | Stillingshjemler, kunngjøring, innstilling og ansettelse |
Rådgivningsavdelingens stillingshjemler opprettes etter fullmakt fra Finansdepartementet. Økning i bemanningen kan foretas etter en vurdering av resultatutviklingen i avdelingen. |
Ledige stillingshjemler som besettes, skal kunngjøres i henhold til Personalreglementet §§ 3-5. |
Arbeidet i Innstillingsrådet skal foregå etter gjeldende retningslinjer - jf. Personalreglementet §§ 8 og 9. |
Innstillingsrådets sammensetning skal være iht. Personalreglementets § 6 - hvor Rådgivningsavdelingen er representert med sin leder som nærmeste foresatte. |
Ansettelse gjennomføres iht. Personalreglementet §§ 10 og 11, og iht. denne avtalenes pkt. 1.2 om ansettelsesvilkår. |
1.4 | Nedleggelse av virksomheten og oppsigelse |
Medmindre styret bestemmer noe annet, nedlegges Rådgivningsavdelingen om den ikke viser netto overskudd innen 31. desember 1994, og rådgiverene fratrer sine stillinger ved engasjementenes utløp. Jf. Tjenestemannslovens §§ 7, 9 og 10. |
Et foreløpig standpunkt til eventuell nedleggelse av Rådgivningsavdelingen skal tas innen 30.09.94, og et endelig standpunkt skal tas når årsregnskap for 1994 foreligger. |
1.5 | Grunnlønn |
Leder for Rådgivningsavdelingen lønnes som avd.direktør 90.100/1060, mens de øvrige medarbeiderne lønnes som førstekonsulenter - 90.103/1067. |
1.6 | Lønnsfastsettelse/lønnsjusteringer |
Den enkeltes grunnlønn fastsettes ved ansettelsen. Dersom en nyansatt gis lavere lønn i prøvetidsperioden, skal endelig lønnsfastsettelse finne sted ved prøvetidens utløp. |
Medarbeiderne følger lønnsutviklingen i staten iht. resultatene av de årlige sentrale og lokale forhandlinger. Individuelle lønnsjusteringer kan ellers finne sted på samme grunnlag som for bankens øvrige ansatte. |
1.7 | Overtid |
Medarbeiderne tilkommer ingen kompensasjon for overtidsarbeid. |
1.8 | Arbeidstid |
Medarbeiderne er underlagt bankens Særavtale om fleksibel arbeidstid og de alminnelige bestemmelser om arbeidstidens lengde - jf. AML §§ 46, 47, 49 og 50. |
Kapittel II - Bonus
2.1 | Forutsetning for utbetaling av bonus |
Rådgivningsavdelingen skal gjennom egen inntjening dekke alle direkte kostnader knyttet til virksomheten samt et tillegg på 60 % av lønnskostnadene for å dekke sosiale kostnader (arbeidsgiveravgift, pensjon m.m.) og øvrige indirekte kostnader. Bonus utbetales på bakgrunn av dokumentert netto overskudd ved hvert regnskapsårs avslutning basert på utfakturerte rådgivningstjenester. |
De kostnader som skal inkluderes i det prosentvis påslaget er følgende: |
Gruppelivsforsikring, pensjonskostnader, arbeidsgiveravgift, reiseforsikring, spesielle arbeidsmiljøfremmende tiltak, bedriftshelsetjeneste, stillingsannonser, husleie, renhold, forsikringer, oppussing etc., porto, telekostnader, spesialforsendelser, Reuter-kostnader, VPS-KD linjeleie pluss IT-kommunikasjon, leie og vedlikehold kopimaskin etc., leie og vedlikehold IT-utstyr, leie og vedlikehold IT-program, rekvisita og IT-rekvisita. Alle øvrige kostnader er direkte kostnader og belastes Rådgivningsavdelingen unntatt investeringskostnader. |
2.2 | Fordeling av netto overskuddet |
Netto overskudd ifølge årsregnskapet fordeles mellom Kommunalbanken og bankens Rådgivningsavdeling slik: |
- | 50 % tilfaller Kommunalbanken |
- | 50 % tilfaller bankens Rådgivningsavdeling. |
Rådgivningsavdelingens andel av netto overskudd fordeles som bonus likt mellom avdelingens medarbeidere med den begrensning at ingen enkelt medarbeider kan få utbetalt en årlig bonus som overstiger 50 % av grunnlønnen regnet pr. 31.12 i bonusåret. Medarbeidere som er nyansatt og ikke har opparbeidet et fullt bonusår, tildeles en forholdsmessig (dvs. antall hele tolvdeler) andel iht. den tid de har vært ansatt. Medarbeidere som sier opp/sies opp/avskjediges i løpet av bonusåret, tilkommer ikke bonus. Ved lengre fravær i bonusåret, uansett årsak, avkortes andel av utbetalt bonus til den enkelte medarbeider forholdsmessig regnet i antall hele tolvdeler. |
2.3 | Utbetaling |
Bonusen utbetales sammen med ordinære lønn ved første lønnsutbetaling etter at årsregnskapet er revidert og godkjent av bankens styre. |
2.6 | Bonusåret |
Bonusåret er sammenfallende med regnskapsåret, og går over ett kalenderår fra 01.01 til 31.12. |
Kapittel III - Generelle bestemmelser
3.1 | Avtaleperioden |
Avtalen har gyldighet fra ikrafttredelsestidspunktet til 31.12.1994. |
3.2 | Oppsigelse eller endringer |
Hele eller deler av avtalen kan sies opp med 3 måneders varsel, med utløp pr. 31.12.93. |
3.3 | Ansattes medvirkning vedr. endringer av rammebetingelser som gjelder Rådgivningsavdelingen |
Ved endring knyttet til de tariffmessige forhold fastsatt i avtalens kapittel II om bonus gjelder de prosedyremessige regler som er fastsatt for lokale forhandlinger i staten. |
Ved endring i andre rammebetingelser (organisasjonsmessige forhold o.l.) gjelder bestemmelsene i Hovedavtalen. |
De ansattes organisasjoner skal gis medvirkning ved deres tillitsvalgte i Kommunalbanken med den tilføyelse at 1 valgt representant for medarbeiderne i Rådgivningsavdelingen har møte- og talerett i aktuelle informasjons- og drøftingsmøter. |
3.4 | Andre bestemmelser |
Forhold som ikke reguleres gjennom denne avtalen, reguleres etter de til enhver gjeldende lover og regler for statlig virksomhet. |
3.5 | Ikrafttredelse |
Ovennevnte avtale gjelder med virkning fra 01.01.1993. |