Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Verksemda til Kommunalbanken

     Samla utlån frå Kommunalbanken var ved utgangen av 1992 på om lag 23,3 mrd. kroner (inklusive lån i form av grunnkjøpsobligasjoner), og ved utgangen av 1993 på om lag 24,4 mrd. kroner.

       I tillegg har Kommunalbanken frå og med 1990 mot godtgjersle administrert ei statleg tilskotsordning for Olje- og energidepartementet til ENØK-føremål i kommunane. Denne tilskotsordninga blei avvikla i 1993. Frå 1992 har banken og teke over administreringa av ei tilskotsordning for kommunale avløpstiltak frå Miljøverndepartementet. Tilskota blir samordna med banken sine utlån til dei same føremåla.

       Kommunalbanken oppretta i desember 1993 dotterselskapet NKB Fondsforvaltning AS. Selskapet er 100 % eigd av Kommunalbanken og har ein aksjekapital på 10 mill. kroner. Dette er det første dotterselskapet som banken har oppretta etter at det vart gitt høve til dette gjennom endringa i lova om Noregs Kommunalbank, jf. Ot.prp. nr. 65 (1991-1992) . NKB Fondsforvaltning vil gje kommunar og kraftselskap tilbod om å plassere midler i ulike pengemarknads- og obligasjonsfond.

       Vidare driv Kommunalbanken ei eiga rådgjevingsteneste retta mot kommunane.

       Ved sidan av rådgjevingsverksemda har Kommunalbanken gjennom seminar og kurs søkt å hjelpe kommunane i økonomiske spørsmål.

       Kommunalbanken gjev og ut tidsskriftet Forum og finansbladet Markedsrapporten.

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, har ingen merknader.