Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

      Meldinga gjeld verksemda til Kommunalbanken i 1992 og 1993. Det er på nokre område i meldinga tatt med opplysningar fram til sommaren 1994.

       I samsvar med § 9 i lov av 15. juli 1949 om Noregs Kommunalbank har banken 10. februar 1993 lagt fram årsmeldinga om verksemda i 1992. Årsmeldinga for 1992 er trykt som vedlegg 1, rekneskapen som vedlegg 2 og meldingane frå revisjonen og tilsynsnemnda som vedlegg 3 og 4 til meldinga. Årsmeldinga om verksemda i 1993 blei lagt fram 23. februar 1994. Årsmeldinga for 1993 er trykt som vedlegg 5, rekneskapen som vedlegg 6 og meldingane frå revisjonen og tilsynsnemnda for 1993 er trykte som vedlegg 7 og 8.

       Departementet viser og til dei særtrykka av årsmeldingane som banken sjølv har gitt ut og sendt til Stortinget.