Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Om farleibevis

   I St.meld. nr. 43 blir det lagt fram forslag om å etablere ei ordning med farleibevis. Beviset gir skipsførarar og andre navigatørar som m.a. kan dokumentere at dei er godt kjende i lospliktig farvatn, rett til å segle utan los i lospliktige farvatn.

       I byrjinga etter at nye forskrifter er sett i verk, lyt det til dømes vere eit visst skjøn for kva skip som kan gå utan los, og kva skip som lyt nytte los. Skipsførarar og andre navigatørar som det er grunn til å tru vil få farleibevis, og som i dag går utan los, vil det vere god grunn til å gi dispensasjon frå kravet til los. Etter kvart vil mange navigatørar ha søkt om farleibevis, og desse navigatørane vil ein óg lett kunne gi dispensasjon.

       Departementet vil foreslå at søkjaren til farleibevis skal meistre eit skandinavisk språk eller engelsk.

       Departementet er samd med Kystdirektoratet i at losoldermannen kan vere hovudansvarleg i arbeidet med å gi farleibevis, og at det kan skipast til kommisjonar til å stå for arbeidet med å kontrollere kvalifikasjonane hos søkjarane.

       I føresegna om farleibevis vil departementet difor gi klåre retningsliner for avgjerdene i Kystverket, og for dei rettane søkjarar og innehavarar av farleibevis har.

       Departementet er samd med direktoratet i at farleibevis lyt fornyast etter ei viss tid. Første gongen kan dette vere etter to år. Men seinare kan, i det minste for skipsførarar i rutetrafikk i dei mellomliggande åra, fornyinga skje sjeldnare, til dømes kvart fjerde år.

       Fiskeridepartementet vil gi eiga føresegn om farleibevis.