Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Om geografisk verkeområde for bruk av los

  Departementet meiner som hovudregel at kravet om å nytte los eller farleibevis skal gjelde ved seglas innafor grunnlina med unntak av dei ytste og midtre delane av Varangerfjorden i Finnmark, og Vestfjorden i Nordland.

       På nokre strekningar kan det etablerast seglingskorridorar for fartya inn til bordingsfelt for los i skjerma farvatn.

       Departementet går inn for at det blir oppretta slik korridor på følgjande stader:

- Oslofjorden - korridor for fri seglas inn til losbordingsfelta ved Store Færder og Vidgrunna
- Grenlandsområdet - korridor for fri seglas inn til losbordingsfeltet på Langesundbukta
- Sunnmøre - korridor for fri seglas inn til losbordingsfeltet i Breisundet
- Troms - korridor for fri seglas inn til losbordingsfeltet i Fugløyfjorden
- Finnmark - korridor for fri seglas inn til losbordingsfelta i Akkarfjordnæringa (Hammerfest), Sværholthavet (Honningsvåg) og i Båtsfjorden.