Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Bakgrunn

  Fiskeridepartementet la i St.meld. nr. 43 (1993-1994) Losgebyr og losplikt fram forslag til nye prinsipp for losbetalingssystemet og ei lospliktordning med hovudvekt på tryggleiken for ferdsla langs kysten.

       Meldinga vart ikkje behandla av Stortinget i vårsesjonen. Alle reglar om losplikt og forbodne sjøområde vart difor ført vidare. Heller ikkje betalingsordninga vart endra.

       På grunn av den knappe tida som sto til rådvelde då St.meld. nr. 43 vart skriven, foreslo departementet som ei mellombels ordning å oppretthalde som lospliktige farvatn dei områda som til no har vore forbodne sjøområde, medan ein granska dei einskilde farvatna med sikte på losplikt. Forslag til geografisk verkeområde for kravet om bruk av los eller farleibevis skulle deretter leggjast fram til politisk behandling.

       St.meld. nr. 11 inneheld forslag til geografisk verkeområde for krav om bruk av los eller farleibevis, og ei samla vurdering der ein ser lospliktreglane, ordninga med farleibevis og det nye gebyrsystemet i ein heilskap.

       Dei militære føresegnene om losplikt fell bort frå årsskiftet 1994-95. Det fører til at det no må fattast ei avgjerd om eit nytt lospliktsystem på kysten.

       Målet med nyordninga er å sikre trafikktryggleiken langs kysten. Som bakgrunn for meldingane blir det vist til at Stortinget den 16. juni 1989 vedtok den nye loslova - lov om lostjenesten. Som følgje av denne lova måtte ein utarbeide nye prinsipp og nye føresegner for losbetalingssystemet.