Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

5. Komiteens tilråding

      Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I.

       Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 50.000 mill. kroner i 1995.

II.

       Finansdepartementet får fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar i 1995 for oppgjer som er avtalte før 31. desember 1991 innanfor den gitte fullmakta på 3.400 mill. kroner.

III.

       Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige lån frå statsinstitusjonar og fond under offentleg forvaltning blir halden uendra på 70.000 mill. kroner.

IV.

       Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige lån frå andre enn statsinstitusjonar og fond under offentleg forvaltning blir halden uendra på 100.000 mill. kroner.

V.

       Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 1995 til eit beløp motsvarande 10.000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane pr. 30. september 1994.

Oslo, i finanskomiteen, den 13. desember 1994.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Eilef A Meland, Per-Kristian Foss,
leder. ordfører. sekretær.