2. Innanlandske statslån
2.1 Langsiktige statslån
Opptak av langsiktige statslån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjon av statsobligasjonar.
Finansdepartementet tek i 1995 sikte på å dekkje ein større del av statens lånebehov på 35,5 mrd. kroner ved opptak av obligasjonslån i den innanlandske marknaden. For å oppretthalde den nødvendige handlefridomen i opplegget for finansieringa av staten, vil Finansdepartementet rå til at fullmakta til å ta opp nye langsiktige statslån innanlands blir sett til 50.000 mill. kroner.
Som eit ledd i forvaltninga av eksisterande lån kan det bli aktuelt å kjøpe tilbake obligasjonar. Eventuelle tilbakekjøp vil bli rekna som ekstraordinære avdrag. Opptak av nye lån i 1995 er i hovudsak tenkt å skje etter dei same linjene som i føregåande år, men det kan bli aktuelt med enkelte justeringar i salsmetoden. Det kan også bli aktuelt å vurdere nye låneinstrument i tillegg til dei låna ein i dag nyttar.
Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet og Postbanken blir avrekna under ramma for langsiktige statslån. Sidan september 1991 har Folketrygdfondet hatt tilbod om å plassere midlar i form av kontolån på vilkår som, så langt det er mogeleg, tilsvarar vilkåra på referanselåna. Frå desember 1992 til juli 1994 hadde Postbanken tilbod om ei tilsvarande ordning. Desse kontolåna blir rekna under fullmakta for opptak av langsiktige innanlandske statslån. Pr. 1. oktober 1994 har Folketrygdfondet og Postbanken plassert høvesvis 24.800 mill. kroner og 1.000 mill. kroner i slike lån.
Tabell 6 viser uteståande beløp ved ei fullmakt for nye langsiktige statslån på 50.000 mill. kroner.
Tabell 6 Uteståande langsiktige lån1 Mill. kroner
Uteståande langsiktige innanlandske statslån 31. desember 1993 121.805
- | avdrag i 1994 | 4.312 |
+ | Berekna opptak av nye lån i 1994 | 22.000 |
Uteståande langsiktige innanlandske statslån 31. desember 1994 139.493
+ | forslag til fullmakt for nye lån i 1995 | 50.000 |
- | Avdrag i 1995 | 4.286 |
Maksimalt beløp uteståande langsiktige innanlandske statslån 31. desember 19952 185.207
1 | Inklusive tidlegare utlagde premieobligasjonslån og spareobligasjonslån og kontolån frå Folketrygdfondet og Postbanken. |
2 | Ved full utnytting av ramme for 1995. |
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss, og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Mai Gythfeldt og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til utkast til vedtak I.
2.2 Grunnkjøpsobligasjonar
Ordninga med bruk av grunnkjøpsobligasjonar ved offentleg overtaking av grunn er avvikla, men det kan framleis utferdast grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som vart avtalt før 31. desember 1991.
Den gjeldande fullmakta til å utferde grunnkjøpsobligasjonar er på 3.400 mill. kroner (jf. St.prp. nr. 18, Innst.S.nr.23 (1993-1994)). Pr. 31. desember 1993 var statens gjeld under grunnkjøpslån på 850,4 mill. kroner. Ved utgangen av 3. kvartal 1994 var 3.322 mill. kroner av fullmakta nytta, dvs. at 78 mill. kroner stod unytta. Dei siste 12 månadene fram til 30. september 1994 vart det utferda grunnkjøpsobligasjonar for 1,5 mill. kroner.
Ein foreslår at fullmakta blir halden uendra på 3.400 mill. kroner og at ein under denne ramma også kan utstede grunnkjøpsobligasjonar i 1995 for oppgjer som vart avtalte før 31. desember 1991.
Komiteen slutter seg til utkast til vedtak II.
2.3 Kortsiktige lån
2.3.1 Kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond
Av dei institusjonane som plasserer overskotslikviditet i form av kontolån til statskassen, er Postgiro og Folketrygdfondet mellom dei som plasserer mest. Pr. 30. september 1994 var dei totale plasseringane 59,9 mrd. kroner. Ein vil på bakgrunn av dei plasseringsønskja ein erfaringsmessig har hatt rundt terminane for innbetaling av skattar, foreslå at fullmakta til å ha kortsiktige lån frå statsinstitusjonar framleis blir på 70.000 mill. kroner.
Komiteen slutter seg til forslag til vedtak III.
2.3.2 Lån frå andre
Fullmakta til å ha lån frå andre omfattar statssertifikat, andre kortsiktige verdipapir, direkte kortsiktige lån frå Noregs Bank og kontolån frå andre enn statsinstitusjonar og statlege fond. I 1992 fekk Folketrygdfondet og Postbanken tilbod om å plassere midlar i form av kortsiktige kontolån knytte til statssertifikat. Frå og med 1994 er desse kontolåna avrekna under fullmakta for « lån frå andre ».
Ved Stortinget sitt vedtak i 1993, jf. St.prp. nr. 18, Innst.S.nr.23 (1993-1994) vart Finansdepartementet si fullmakt til å ha kortsiktige lån frå andre sett til 100.000 mill. kroner. Pr. 30. september 1994 var om lag 41,1 mrd. kroner av denne fullmakta utnytta. Av dette utgjorde statssertifikat 39,0 mrd. kroner, Folketrygdfondets og Postbankens plasseringar 2,1 mrd. kroner medan statskassevekslar berre utgjorde om lag 0,7 mill. kroner. Ein forslår at fullmakta til å ha kortsiktige lån frå andre blir halden uendra på 100.000 mill. kroner.
Komiteen sluttar seg til forslag til vedtak IV.