Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing og samandrag

      Finansdepartementet legg fram proposisjon med forslag til fullmakt for statleg opplåning i 1995. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 1995.

       Tabell 1 viser nokre av hovudpostane bak statens finansieringsbehov i 1994 og 1995.

Tabell 1. Statens lånebehov1

       Mill kroner
    1994 1995
    Overslag over rekneskapen St.meld. nr. 1 (1994-1995)
1 Overskot før lånetransaksjonar -32.744 -20.898
2 Utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning m.m netto -5.424 7.239
3 Statens netto lånebehov (2-1) 27.320 28.137
4 Gjeldsavdrag innanlands2 4.462 4.436
5 Gjeldsavdrag utanlands3 3.100 2.948
6 Samla finansieringsbehov som skal dekkast med trekk på kontantbehaldninga og ved låneopptak (3-4-5) 34.882 35.521
1 Jf Nasjonalbudsjettet 1995.
2 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån; avdragsbetalingar på kortsiktige lån er ikkje inkludert.
3 Alle utanlandslån er langsiktige.

       Underskotet før lånetransaksjonar er ved det budsjettet som Regjeringa har fremja i St.prp. nr. 1 (1994-1995) på om lag 20,9 mrd. kroner, noko som er 11,8 mrd. kroner mindre enn underskotet i 1994 (jf. overslaget på rekneskapen for 1994). Statens samla finansieringsbehov vil auke frå 34,9 mrd. kroner i 1994 til 35,5 mrd. kroner i 1995. Bakgrunnen for denne auken er at statsbankane inneverande år netto har tilbakebetalt lån, medan det for 1995 blir budsjettert med netto utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikningar m.v. på 7,2 mrd. kroner. Statens lånebehov blir også påverka av utviklinga i postane på statsbudsjettet og Regjeringa vil på grunnlag av behandlinga av statsbudsjettet i Stortinget leggje fram eit revidert overslag i salderingsproposisjonen. I salderingsproposisjonen vil ein også på vanleg måte utarbeide reviderte overslag for aktivitetsavhengige postar, og dessutan innarbeide dei endringane som er varsla når ein kjenner avstemmingsresultatet om EU.

       Ved utgangen av 1993 utgjorde statens gjeld medrekna skyldnader på inneståande fondsmidlar i alt om lag 299 mrd. kroner, medan fordringane utanom aksjar og innskot, forskot og mellomrekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde 296 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde staten netto gjeld på 3 mrd. kroner. Når ein reknar med kapitalinnskot i forretningsdrifta, utgjorde statskassa sine netto finansielle fordringar ved utgangen av 1993 om lag 26 mrd. kroner (verdiane er rekna på grunnlag av bokførde verdiar). Underskot på statsbudsjetta for 1994 og 1995 vil redusere denne finansielle formuen.

       Tabell 2 gir en oversikt over utviklinga i statens gjeld saman med oversikt over utviklinga i statens kontantbehaldning og utlån til statsbankane.

Tabell 2 Samansetjinga av statsgjelda

  31. desember 30. september
  1993 1994
Langsiktige lån (inkl. spareobligasjonar,
grunnkjøpsobligasjonar og
langsiktige kontolån1 122.655 136.409
Kortsiktige kontolån 52.467 62.000
Inneståande fondsmiddel 2.623 2.650 2
Statssertifikat m.v. 50.479 39.001
Innanlandsk statsgjeld i alt 228.224 240.060
Utanlandsk statsgjeld3 70.446 66.361
Statsgjeld i alt 298.670 306.421
Memo:
    Kontantbehaldning 100.637 72.562
    Utlån til statsbankane 157.545 152.661
1 Lån med lengre løpetid enn 1 år.
2 Overslag.
3 Omsyn tatt til valutabytteavtalar.

       Statens kontantbehaldning ved årsskiftet låg klart i overkant av det ein har trong for og ein har derfor redusert denne. Med eit nivå på rundt 70 mrd. kroner ligg kontantbehaldninga framleis i overkant av det staten isolert treng, og det kan derfor bli aktuelt å redusere denne ytterlegare, jf. likevel omtalen nedanfor.

       Størstedelen av statens samla finansieringsbehov i 1995 på 35,5 mrd. kroner vil bli dekka ved opptak av nye lån, men ein del kan dekkast ved trekk på statens kontantbehaldning.

       Utviklinga i valuta-, penge- og kredittmarknadene har vist at det er ønskjeleg å ha rommelege fullmakter, slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt for opptak av langsiktig lån som overstig brutto lånebehov i 1995. Fullmaktene for kortsiktige lån blir foreslått haldne uendra.

       Tabell 3 gir ei samla oversikt over status for dei gjeldande lånefullmaktene, og forslag til nye fullmakter for perioden fram til utgangen av 1995.

Tabell 3  Gjeldande lånefullmakter og forslag til fullmakter for opptak av slike lån fram til utgangen av 1995. Mill. kroner

  Gjeldande Status pr. 30. Forslag til Forslag til
  fullmakt for september 1994 fullmakt ny fullmakt
  nye lån i     for nye for ute-
  1994 Brukt Udisponert lån ståande lån
Langsiktige innanlandske
    lån1 70.000 17.000 53.000 50.000 4
Lån i utlandet 20.000 0 20.000 10.000 4
Grunnkjøpsobligasjonslån 3.400 3.322 78 2 3.400
Kortsiktige lån:
- Frå statsinstitusjonar
    og fond under offentleg
forvaltning 70.000 59.900 10.100 3 70.000
-Frå andre5 100.000 41.101 58.899 3 100.000
1 Inklusive uteståande spareobligasjonar og kontolån frå Folketrygdfondet og Postbanken.
2 For grunnkjøpsobligasjonar gjeld fullmakta kumulert utferding av obligasjonar sidan ordninga vart innførd, jf. pkt. 2.2.
3 Desse ordningane blir styrde ved fullmaktene for samla uteståande lån.
4 Det blir foreslått at desse låna blir styrde gjennom fullmaktene for opptak av nye lån, og ikkje gjennom uteståande behandling.
5 Inkl. statskassevekslar, statssertifikat, kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet og Postbanken m.m.