1. Innledning
Til Stortinget.
I proposisjonen vert det lagt fram forslag om løyvingsendringar under ymse kapittel i statsbudsjettet for 1994.
Kap. 3410 Rettsgebyr, post 01 Rettsgebyr vert foreslått auka med 50 mill. kroner. Rekneskapstala i 1994 visar ei stigning i inntektene grunna auke i talet på tinglysingar. Post 04 under same kapittel vert foreslått redusert med 25 mill. kroner. Reduksjonen har samanhang med nye reglar om tvangsfullføring.
Rekneskapstala for Registereininga i Brønnøysund viser ei auke i inntektene. Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 3411 post 03 med 2,3 mill. kroner samstundes med at løyvinga under kap. 411 post 21 aukar tilsvarande.
Utgiftene under kap. 414 Undersøkings- og domsutgifter heng saman med sakstalet. Talet på straffesaker har vore aukande i 1994, og det vert foreslått ei tilleggsløyving på 2 mill. kroner på post 01 og 18 mill. kroner på post 11.
Utgiftene under kap. 418 Fri rettshjelp er regelbundne. Det blir foreslått ei tilleggsløyving på 8 mill. kroner på post 70 Fri sakførsle. På post 71 Fritt rettsråd vert det foreslått å redusera løyvinga med 10 mill. kroner.
Det er ein svikt i inntektene under kap. 3432 post 03 som skuldast redusert utleige av hyblar ved Kriminalomsorgens Utdanningssenter. Posten vert foreslått redusert med 0,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 430 post 11.
Talet på plassar i hybelhusa under friomsorgen har gått ned i 1994. Løyvinga under kap. 3435 Kriminalomsorg i fridom har til nå ikkje vorte redusert tilsvarande. Det vert foreslått å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner under kap. 3435 post 03, og å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner under kap. 435 post 11.
Komiteen sine merknader
Komiteen sluttar seg til framlegget i proposisjonen og har elles inga merknader til saka.