Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om endra løyvingsvedtak på statsbudsjettet for 1994 under ymse kapittel administrert av Justis- og politidepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 51 (1994-1995)
  • Kildedok: St.prp. nr. 6 (1994-95)
  • Dato: 01.12.1994
  • Utgiver: justiskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

     Til Stortinget.

       I proposisjonen vert det lagt fram forslag om løyvingsendringar under ymse kapittel i statsbudsjettet for 1994.

       Kap. 3410 Rettsgebyr, post 01 Rettsgebyr vert foreslått auka med 50 mill. kroner. Rekneskapstala i 1994 visar ei stigning i inntektene grunna auke i talet på tinglysingar. Post 04 under same kapittel vert foreslått redusert med 25 mill. kroner. Reduksjonen har samanhang med nye reglar om tvangsfullføring.

       Rekneskapstala for Registereininga i Brønnøysund viser ei auke i inntektene. Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 3411 post 03 med 2,3 mill. kroner samstundes med at løyvinga under kap. 411 post 21 aukar tilsvarande.

       Utgiftene under kap. 414 Undersøkings- og domsutgifter heng saman med sakstalet. Talet på straffesaker har vore aukande i 1994, og det vert foreslått ei tilleggsløyving på 2 mill. kroner på post 01 og 18 mill. kroner på post 11.

       Utgiftene under kap. 418 Fri rettshjelp er regelbundne. Det blir foreslått ei tilleggsløyving på 8 mill. kroner på post 70 Fri sakførsle. På post 71 Fritt rettsråd vert det foreslått å redusera løyvinga med 10 mill. kroner.

       Det er ein svikt i inntektene under kap. 3432 post 03 som skuldast redusert utleige av hyblar ved Kriminalomsorgens Utdanningssenter. Posten vert foreslått redusert med 0,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 430 post 11.

       Talet på plassar i hybelhusa under friomsorgen har gått ned i 1994. Løyvinga under kap. 3435 Kriminalomsorg i fridom har til nå ikkje vorte redusert tilsvarande. Det vert foreslått å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner under kap. 3435 post 03, og å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner under kap. 435 post 11.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sluttar seg til framlegget i proposisjonen og har elles inga merknader til saka.

    Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1994 vert det gjort følgjande endringar:

A. Utgifter

Kap. 411

Registereininga i Brønnøysund
21 Spesielle driftsutgifter, blir auka med kr 2.300.000
frå kr 3.400.000 til kr 5.700.000

Kap. 414

Undersøkings- og domsutgifter
01 Lønn og godtgjersle, blir auka med kr 2.000.000
frå kr 25.400.000 til kr 27.400.000
11 Varer og tenester, blir auka med kr 18.000.000
frå kr 211.400.000 til kr 229.400.000

Kap. 418

Fri rettshjelp
70 Fri sakførsle, blir auka med kr 8.000.000
frå kr 67.700.000 til kr 75.700.000
71 Fritt rettsråd, blir redusert med kr 10.000.000
frå kr 120.000.000 til kr 110.000.000

Kap. 430

Kriminalomsorg i anstalt
11 Varer og tenester, blir redusert med kr 600.000
frå kr 216.695.000 til kr 216.095.000

Kap. 435

Kriminalomsorg i fridom
11 Varer og tenester, blir redusert med kr 800.000
frå kr 22.847.000 til kr 22.047.000

B. Inntekter

Kap. 3410

Rettsgebyr
01 Rettsgebyr, blir auka med kr 50.000.000
frå kr 760.000.000 til kr 810.000.000
04 Lensmennenes gebyrinntekter, blir redusert med kr 25.000.000
frå kr 120.000.000 til kr 95.000.000

Kap. 3411

Registereininga i Brønnøysund
03 Oppdrag, blir auka med kr 2.300.000
frå kr 3.400.000 til kr 5.700.000

Kap. 3432

Kriminalomsorgens utdanningssenter
03 Andre inntekter, blir redusert med kr 600.000
frå kr 1.100.000 til kr 500.000

Kap. 3435

Kriminalomsorg i fridom
03 Andre inntekter, blir redusert med kr 800.000
frå kr 2.100.000 til kr 1.300.000

Oslo, i justiskomiteen, den 1. desember 1994.

Lisbeth Holand, Jorunn Ringstad, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.