Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen

Til Stortinget.

       I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav k har Riksrevisjonen 30. mai 1994 lagt fram merknad med svar og forslag til desisjon vedkomande forvalting av bilateral stønad til Pakistan og Sri Lanka.

       Riksrevisjonen si gjennomgåing er dokumentert i to rapportar:

- Rapport om forvalting av bilateral stønad til Pakistan.
- Rapport om bilateral stønad til Sri Lanka.

       Dei to rapportane er samla i eit sams dokument som fylgjer som trykt vedlegg til Dok.nr.1:05 (1993-1994), saman med fråsegnene frå departementet og Riksrevisjonen sine vurderingar og konklusjonar.

       Riksrevisjonen hadde hausten 1992 ei gjennomgåing av delar av forvaltinga av den bilaterale stønaden til Pakistan og Sri Lanka. Under Riksrevisjonen si vitjing til dei to landa vart fleire av tiltaka nærare kontrollerte for å kartleggje framdrifta og NORAD si oppfølging.