Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om ny utbygging av Ekofiskfeltet m.v.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 19 (1994-1995)
- Kildedok: St.prp. nr. 62 (1993-94)
- Dato: 21.10.1994
- Utgiver: energi- og miljøkomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Samandrag
- 2. Komitémerknader
- 3. Komiteens si tilråding
- Vedlegg 1: Brev fra Nærings- og energidepartementet v/statsråden, datert 7. oktober 1994 til energi- og miljøkomiteen.
- Vedlegg 2: Brev fra Nærings- og energidepartementet v/statsråden, datert 11. oktober 1994 til energi- og miljøkomiteen.
Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag om ny utbygging av Ekofiskfeltet, som skal gi ei langsiktig løysing for å ta vare på ressurs- og tryggingsomsyn for felta i utvinningsløyve 018 (utv.løyve 018).
Nærings- og energidepartementet viser til at ein 31. desember 1993 mottok søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift for felta i utv.løyve 018, som m.a. omfattar Ekofiskfeltet. 14. mars 1994 mottok departementet eit tillegg til endra plan for utbygging og drift, som gjer greie for det aktuelle utbyggingsalternativet for nye innretningar på Ekofiskfeltet kalla Ekofisk IIA.
Departementet viser vidare til at felta i utv.løyve 018, spesielt Ekofisk og Eldfisk, representerer eit monaleg attverande ressurspotensial på 450-550 mill. tonn oljeekvivalentar (toe.).
Som fylgje av det høge risikonivået på Ekofisktanken, det at produksjonsinnretningane vert eldre og innsenking av havbotnen på Ekofiskfeltet, meiner departementet det er turvande med ei omfattande nyutbygging av Ekofisksenteret.
Ekofisk IIA-planen vil etter departementet si vurdering sikre verdiskapinga i utv.løyve 018 på lang sikt. Prosjektet har ein noverdi før skatt på om lag 19 mrd. 1994-kroner ved ein oljepris på 108 kroner pr. fat. Det vert i proposisjonen vist til at gjennomføring av planen inneber miljømessige gevinstar ved at m.a. utslepp av CO2 vert redusert med inntil 0,9 mill. tonn i året frå det nivået det ligg på i dag. Vidare gjev prosjektet ei monaleg betring av tryggleiken for menneske, miljø og materielle verdiar på feltet.
Det er i proposisjonen gjort detaljert greie for:
- | felthistorie og bakgrunnen for nyutbygginga, |
- | fullmaktshandsaming og planane til rettshavarane, |
- | endra plan for utbygging og drift av Ekofisk, |
- | transport sørover til kontinentet. |
Departementet viser til at det er innhenta fråsegner frå Oljedirektoratet når det gjeld ressursmessige, tekniske og økonomiske tilhøve, og frå Kommunal- og arbeidsdepartementet når det gjeld tryggleiksmessige tilhøve ved Ekofisk IIA. Konsekvensanalysen som tek for seg miljø- og samfunnsmessige konsekvensar av prosjektet, har vore sendt på høyring til dei departement og instansar som den kan få verknader for. Departementet har vidare utrekna den samfunnsøkonomiske lønsemda av Ekofisk IIA.
Det vert vist til at både departementet og Phillips sine utrekningar viser at Ekofisk IIA er eit samfunnsøkonomisk lønsamt og robust prosjekt med basisføresetnadene. Vidare er det eit oppsidepotensial knytta til auka produksjon frå Ekofiskfeltet utover dei produksjonsoverslaga som er grunnlag for utrekningane.
Ut frå ei samla vurdering av samfunnsøkonomisk lønsemd, ressursforvalting, og i tillegg tryggleiksmessige og miljømessige omsyn, meiner departementet at Ekofisk IIA-planen bør realiserast. På bakgrunn av den tryggleiksmessige situasjonen på Ekofisksenteret meiner ein det er viktig å sikre ein rask oppstart av prosjektet med sikte på at det skal stå ferdig i 1998.
Departementet viser vidare til at ein er generelt oppteken av at rettshavarane på norsk sokkel skal stå overfor rammeføresetnader som sikrar ein høgast mogleg verdiskaping frå verksemda samstundes som rammeføresetnadene skal sikre størst mogleg statlege inntekter. Etter departementet si vurdering blir dette teke vare på gjennom rammeføresetnader som gjer at selskapa vel samfunnsøkonomisk gjennomtenkte løysingar. I denne samanhengen ynskjer departementet også å få det konsesjonsjuridiske rammeverket for utv.løyve 018 meir i samsvar med det rammeverket som gjeld for nyare utvinningsløyve.
Etter departementet si vurdering vil dei tilrådde endringane i rammeføresetnadene for utv.løyve 018 og transportrøyrledningane i Norpipe a.s. gi grunnlag for ei framleis monaleg verdiskaping frå verksemda i Ekofiskområdet, og såleis også høge statlege inntekter m.a. gjennom ein auka statleg eigardel. Endringane i rammeføresetnadene vil gi grunnlag for ei utbyggingsløysing på Ekofiskfeltet som sikrar ei betre utnytting av ressursane på lang sikt. Tryggleiken ved drifta vil bli betre og ein vil få monalege miljøgevinstar.
Departementet sitt forslag legg vidare opp til at rettshavarane i utv.løyve 018 får tryggleik for framtidige transportføresetnader ved at Norpipe a.s. sine drifts- og anleggsløyve skal halde fram. Vilkåret for forlenging er at transport- og eigaravtalane for Norpipe vert endra med sikte på å få ein betre samfunnsøkonomisk utnytting av transportsystemet og tryggje staten sine økonomiske interesser.
Departementet gjer i proposisjonen framlegg om å forlengje konsesjonstida for utv.løyve 018 og drifts- og anleggsløyva for Norpipe a.s. olje- og gassrøyr til høvesvis England og Tyskland til 2028.
Departementet vil frå 1. januar 1999 auke Den norske stats oljeselskap a.s. sin eigardel i utv.løyve 018 frå 1 % til 5,95 % ved at det vert innført ein direkte statleg del (SDØE) på 5 %. Den norske stats oljeselskap a.s. vil frå og med 1. juli 1994 dekkje ein del av investeringane i Ekofisk IIA tilsvarande den auka eigardelen.
Departementet gjer vidare framlegg om å gi fritak for utrekning av produksjonsavgift for olje og våtgass produsert frå utv.løyve 018 frå tidspunktet for ferdigstilling av Ekofisk IIA definert som det tidspunktet Oljedirektoratet gjev samtykke til bruk av transport og prosessplattformen 2/4J.
Departementet gjer framlegg om å forlengje drifts- og anleggsløyva for Norpipe a.s. til 31. desember 2028 med vilkår om at eigaravtalar og transportavtalar vert endra i samsvar med omtale i denne proposisjonen.
Departementet vil, når dei eksisterande drifts- og anleggsløyva for Norpipe er gått ut, auke Den norske stats oljejselskap a.s. sin eigardel i Norpipe frå 50 % til 70 % ved at det vert innført ein direkte statleg del (SDØE) på 40 %
Departementet viser til at dei løyvingsmessige konsekvensane for SDØE i 1994 som fylgje av godkjenning av endra plan for utbygging og drift for Ekofiskfeltet knyter seg til kap. 2440, kap. 5440 og i tillegg kap. 2800 og kap. 5800. Kap. 2440, post 24. Driftsresultat blir foreslått høgda med 2 mill. kroner som fylgje av auka renter. Kap. 2440, post. 30. Investeringar blir foreslått høgda med 84 mill. kroner. Kap. 5440, post 80. Renter blir foreslått høgda med 2 mill. kroner. Desse endringane vil føre til ein samla reduksjon av staten sin samla kontantstraum frå petroleumsverksemda på 84 mill. kroner. I samsvar med dette gjer ein framlegg om at kap. 2800, post 50. Overføringar til fondet og kap. 5800, post 50. Overføring frå fondet blir sett ned med 84 mill. kroner.
Komiteen, medlemene Breimo, Bekkemellem, Orheim, Frøiland, Gaundal, Gjul og Hegna frå Arbeidarpartiet, leiaren, Enoksen og Giil frå Senterpartiet, Fatland og Finstad frå Høgre, Heir frå Sosialistisk Venstreparti, Frafjord Johnson frå Kristeleg Folkeparti og medlemet Hillgaar, viser til framlegg frå Departementet som medfører godkjenning av at Den norske stats oljeskap a.s. kan delta i utbygging og drift av Ekofisk IIA. Den framlagde utbyggingsløysinga medfører investeringar tilsvarande ca 19 mrd. 1994-kroner.
Endra plan for utbygging og drift av Ekofisk
Komiteen viser til at Ekofisk IIA-planen medfører ei delvis nybygging av Ekofisksenteret. Under alle omstende ville ei rekkje felt blitt stengde grunna minkande reservar eller fordi det ikkje er grunnlag for å knyte dei til det nye Ekofisksenteret. Spørsmålet om vidare drift av desse felta vert vidare utgreidd av rettshavarane. Komiteen har merka seg at i utgangspunktet hadde operatøren lagt opp til berre å be om tilbod på stålunderstell. Det er likevel no innhenta tilbod også på betongunderstell, og komiteen seier seg nøgd med det. Komiteen har merka seg at norsk offshore leverandørindustri har vunne dei fleste større kontraktane på norsk sokkel i dei seinare år. Dette har skjedd i full internasjonal konkurranse. Komiteen vil på generelt grunnlag understreke at ved val av utbyggingsløysing må ein ta omsyn til vår industri sin kompetanse og kapasitet.
Komiteen viser til at norsk industri har særlege tradisjonar og kompetanse på betongløysingar med integrert dekk. Denne industrien har no stor trong for nye oppgåver grunna ledig kapasitet. Utan nye oppdrag med det første, er det fare for at denne norske kompetansen kan bli nedbygd og på sikt forsvinne. Det er grunn til å rekne med at betongløysingar kan vere aktuelle på store utbyggingar også i framtida dersom vi i mellomtida kan ta vare på den opparbeidde kompetansen og miljøet.
Komiteen ser det som viktig at tilbodsinnhentinga, offentlege rammevilkår og tidsrammene for prosjektet vert lagde opp på ein slik måte at norsk industri vert sikra fullt høve til deltaking i prosjektet, og ikkje vert utsatt for diskriminering. Dette gjeld understelløysingane såvel som prosjektet elles.
Komiteen vil elles peike på at det under høyringane som komiteen har hatt, er blitt sannsynleggjort at betong prismessig er konkurransedyktig samanlikna med stål.
Komiteen ber departementet leggje stor vekt på desse omsyna under den vidare handsaminga.
Komiteen viser elles til petroleumslova § 3:
« Forvaltningen skal bidra til utviklingen av norsk næringsliv og ivareta nødvendige hensyn til annen virksomhet, distriktspolitiske interesser og natur- og miljøvern. » |
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil peike på at det vil vere i strid med norsk lov til liks med internasjonal praksis om innhentinga av tilbod vert gjennomført på ein slik måte at den heimlege industrien ikkje skulle verte sikra retten til full deltaking i prosjektet.
Desse medlemene vil vise til at etter EØS-avtalen medrekna innkjøpsdirektivet, kan ikkje norske styresmakter gjennom vedtak eller pålegg tilgodesjå norsk næringsliv ved tildeling av kontrakter.
Komiteen har elles merka seg at den vidare drifta på Ekofiskområdet vil medføre redusert behov for mannskap. Komiteen føreset at partane i arbeidslivet kjem fram til løysingar som tek omsyn til personellet som står overfor ein særs vanskeleg situasjon.
Komiteen har merka seg at operatøren i endra PUD har understreka kor viktig det er at arbeidstakarane har røynsle for drift og vedlikehald av Ekofiskinnretningane.
Styresmaktene si vurdering av Ekofisk IIA
Komiteen har merka seg at den framlagde planen etter ei heilskapleg vurdering av omsynet til ressursar, tryggleik, miljø og samfunnsøkonomi vert vurdert som god nok for realisering. Komiteen vil her serleg peike på at etter Phillips sine prognosar vil CO2-utsleppa verte reduserte frå 2 mill. tonn pr. år i 1992 til 1,1 mill. tonn pr. år i 1999. NOx-utsleppa vert reduserte frå 10.700 tonn pr. år til 3.750 tonn pr. år. Komiteen har vidare merka seg at sysselsettingsverknadene av planen vil vere ca 17.000 årsverk i topperioden 1996-97. Investeringane på sokkelen er i kommande 5-års periode venta å gå ned frå ca 50 mrd. kroner i 1993 til om lag 25 mrd. kroner inklusive investeringane i Ekofisk IIA.
Komiteen vil vidare peike på at ei utbygging av Ekofisk II A er nødvendig no av omsyn til tryggleiken for arbeidstakarane og miljøet. Vidare vil ei utbygging no bremse det kraftige forventa investeringsfallet, og dermed bidra til eit jamnare sysselsettingsnivå innan offshoreindustrien.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil peike på at det er ein nær samanhang mellom det høge investeringsnivået på norsk sokkel, serleg frå 1991 og fram til i dag, og den radikale nedgangen vi no er på veg inn i. Ut frå omsynet til eit mest mogleg jamt sysselsettingssnivå, ville det vere ynskjeleg om ein hadde kunne utsetje denne store investeringa nokre år. Desse medlemene har likevel lagt vekt på at ei slik utsetjing ikkje er tilrådeleg ut frå ei samla vurdering, herunder først og fremst tryggleiksomsynet.
Desse medlemene har også lagt vekt på at det må vere rett å utnytte eksisterande installasjonar framfor å gje utvinningsløyve på nye felt.
Komiteen sitt medlem frå Kristeleg Folkeparti viser til sine merknader til St.meld. nr. 26 (1993-1994), om petroleumverksemda, slik desse kjem fram i Innst.S.nr.80 (1993-1994) - når det gjeld vurderingane av den generelle petroleumspolitikken, utvinningstempoet og investeringsnivået på norsk sokkel.
Komiteen viser til at ein plan for utforming av transportsystemet knytt til Ekofisksenteret, vil verte førelagt styresmaktene hausten 1995.
Rammevilkår for Ekofisk IIA
Komiteen konstaterer at gjeldande utvinningsløyve for 018 gjeld fram til 2011 og at rettshavarane har søkt forlenga konsesjon fram til 2031. Komiteen seier seg samd med departementet i at ny konsesjon vert gjeven i 30 år frå oppstart av Ekofisk IIA i samsvar med det som gjeld for nye utvinningsløyve.
Komiteen har i samsvar med dette synet ingen merknader til at departementet tek sikte på å forlenge drifts- og anleggsløyve for Norpipe sine olje- og gassrørleidningar til same dato.
Komiteen viser til at departementet av tryggleiksomsyn ser det som viktig å sikre ei rask oppstarting av prosjektet med sikte på ferdigstilling i 1998. Komiteen er samd i at tryggleiksomsynet må prioriterast. Komiteen viser likevel til sine merknader ovanfor vedkommande norsk industri sine vilkår for å ta del i leveransane og føreset at også dette omsynet vert vektlagt.
Komiteen viser til at rettshavarane har søkt om fritak frå produksjonsavgift frå 1. januar 1994 og/eller endringar i særskatten. Komiteen seier seg samd i at utvinningsløyvet vert handsama på line med nyutbyggingar. Produksjonsavgift vert ikkje innkravd for førekomster der utbyggingsplanen er godkjend etter 1. januar 1986.
Komiteen har i brev frå departementet dagsett 10. oktober 1994 fått opplyst at produksjonsavgifta for PLO18 i 1999 etter produksjonsføresetnadene vil utgjere ca 200 mill. kroner etter skatt, og minke i åra framover med minkande produksjon, jf. vedlegg. Komiteen ser det som viktig at fritaket for produksjonsavgift ikkje vert knytt opp til ferdigstillinga av dei nye anlegga på ein slik måte at dette kan verke konkurransevridande på valet av løysingar. Komiteen ber difor departementet følgje opp dette i den vidare handsaminga.
Komiteen viser til at i den føreliggjande avtalen er det ikkje gjort andre endringar i skattesystemet. Komiteen viser vidare til framlegget til endringar i det konsesjonsjuridiske rammeverket og auken i den statlege eigardelen både i utvinningsløyve 018 og Norpipe. Komiteen har ingen merknader til dette.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
Stortinget samtykker i at Den norske stats oljeselskap a.s kan delta i utbygging og drift av Ekofisk II A i samsvar med Nærings- og energidepartementets tilrådning i St.prp. nr. 62 (1993-1994) med dei endringar som følgjer av komiteen sine merknader i Innst.S.nr.19 (1994-1995).
På statsbudsjettet for 1994 gjøres følgende endringer:
Kap. 2440 |
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten |
24 | Driftsresultat, forhøyes med | kr 2.000.000 |
30 | Investeringer, forhøyes med | kr 84.000.000 |
Kap. 2800 |
Statens petroleumsfond |
50 | Overføringer til fondet, nedsettes med | kr 84.000.000 |
Kap. 5440 |
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten |
80 | Renter, forhøyes med | kr 2.000.000 |
Kap. 5800 |
Statens petroleumsfond |
50 | Overføringer fra fondet, nedsettes med | kr 84.000.000 |
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 21. oktober 1994. |
Ragnhild Queseth Haarstad, | Håkon Giil, | Gunnar Fatland, |
leiar. | ordførar. | fung. sekretær. |
Jeg viser til komiteens brev av 3. oktober d.å. Svarene på spørsmålene er gitt nedenfor, spørsmålene er angitt i uthevet skrift.
1. | «Det fremgår av proposisjonen at konsesjonstiden for utvinningstillatelse 018 og transportsystemene foreslås forlenget til år 2028 (30 år fra oppstart av Ekofisk IIA). Videre fremgår det at produksjonstiden for utvinningstillatelsen forventes å strekke seg til minst år 2030. Lisensgruppen har bedt om konsesjon til år 2031. |
Hvordan vil departementet ivareta hensynet til optimal ressursforvaltning og samfunnsøkonomisk optimalisering sett i forhold til de bedriftsøkonomiske disposisjoner som naturlig vil følge av et manglende samsvar mellom konsesjonstid og forventet produksjonlengde (særlig på bakgrunn av at konsesjons- og produksjonstid ligger så nær hverandre i tid)? |
Mener departementet at hensynet til gjeldende konsesjonspraksis bør være overordnet de problemstillinger som ovenstående spørsmål reiser? » |
Ekofisk IIA er foreslått gitt en forlengelse på tredve år regnet fra oppstart av prosjektet. Dette er i samsvar med den konsesjonstid som normalt er beregnet for utbyggingsklare felt på norsk kontinentalsokkel. Hensynet til optimal ressursforvaltning er sentralt. Produksjonstiden er i dag forventet å strekke seg noe lenger enn konsesjonstiden. Usikkerheten omkring produksjonstiden er imidlertid såvidt stor at det i dag ikke er lett å skape fullstendig samsvar. Dersom det mot utløpet av konsesjonstiden for den forlengede tillatelse, skulle vise seg å være grunnlag for videre lønnsom produksjon, vil spørsmålet om en eventuell ytterligere forlengelse av konsesjonstiden kunne tas opp. Dette betyr at hensynet til ressursforvaltning kan ivaretas.
2. | «På side 13, kapittel 7.5 i proposisjonen redegjøres det for hvordan stemmerettsreglene skal endres/praktiseres. Med bakgrunn i St.meld. nr. 26 (1993-1994) og den bebudede endring i stemmerettsreglene, vil det være behov for å få avklart om det er den foreliggende skisse til stemmerettsregler man generelt tar sikte på å innføre eller om beskrivelsen under kap. 7.5 er et særtilfelle på linje med de øvrige tilpasninger som er foreslått i St.prp. nr. 62?» |
Omleggingen av stemmerettsreglene i utvinningstillatelse 018 er ikke i motstrid med hva som ble omtalt i St.meld. nr. 26 (1993-1994). De nye stemmerettsreglene for utvinningstillatelsen må ses på bakgrunn av at en viderefører en eksisterende tillatelse og ikke foretar en ny tildeling. I videreføringen av stemmereglene på Ekofisk har en imidlertid satt som vilkår at intet enkelt selskap lengre kan ha vetorett. De foreslåtte stemmereglene medfører at selskapenes innflytelse i tillatelsen i større grad gjenspeiler deres økonomiske interesse i utvinningstillatelsen.
Jeg viser til komiteens brev av 7. oktober d.å. med følgende spørsmål:
« Hvor stor er beregnet årlig produksjonsavgift for utvinningstillatelse 018? »
Produksjonsavgift for PL018 utgjør 10 % av produksjonsverdien av olje- og våtgassproduksjonene fra de felt i utvinningstillatelsen hvor utbyggingsplanen ble godkjent før 1.1.86. Transportkostnader kommer til fradrag i produksjonsverdien. Betalt produksjonsavgift er fradragsberettiget mot skattegrunnlaget for selskapsskatt og særskatt.
På bakgrunn av produksjonsforutsetningene i endret plan for utbygging og drift og en oljeprisforventning på 108.1994-kroner pr. fat, utgjør produksjonsavgift for PL018 i 1999 vel 850 mill. kroner før skatt og om lag 200 mill. kroner etter skatt. Verdien av produksjonsavgiften vil synke i årene etter 1999 som følge av synkende produksjon.
For perioden 1999 til 2028 representerer fritak for produksjonsavgift en nåverdi på 1.100 mill. kroner etter skatt ved en diskonteringsfaktor på 7 %.