Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Komitémerknader

       Komiteen, medlemene Breimo, Bekkemellem, Orheim, Frøiland, Gaundal, Gjul og Hegna frå Arbeidarpartiet, leiaren, Enoksen og Giil frå Senterpartiet, Fatland og Finstad frå Høgre, Heir frå Sosialistisk Venstreparti, Frafjord Johnson frå Kristeleg Folkeparti og medlemet Hillgaar, viser til framlegg frå Departementet som medfører godkjenning av at Den norske stats oljeskap a.s. kan delta i utbygging og drift av Ekofisk IIA. Den framlagde utbyggingsløysinga medfører investeringar tilsvarande ca 19 mrd. 1994-kroner.

Endra plan for utbygging og drift av Ekofisk

       Komiteen viser til at Ekofisk IIA-planen medfører ei delvis nybygging av Ekofisksenteret. Under alle omstende ville ei rekkje felt blitt stengde grunna minkande reservar eller fordi det ikkje er grunnlag for å knyte dei til det nye Ekofisksenteret. Spørsmålet om vidare drift av desse felta vert vidare utgreidd av rettshavarane. Komiteen har merka seg at i utgangspunktet hadde operatøren lagt opp til berre å be om tilbod på stålunderstell. Det er likevel no innhenta tilbod også på betongunderstell, og komiteen seier seg nøgd med det. Komiteen har merka seg at norsk offshore leverandørindustri har vunne dei fleste større kontraktane på norsk sokkel i dei seinare år. Dette har skjedd i full internasjonal konkurranse. Komiteen vil på generelt grunnlag understreke at ved val av utbyggingsløysing må ein ta omsyn til vår industri sin kompetanse og kapasitet.

       Komiteen viser til at norsk industri har særlege tradisjonar og kompetanse på betongløysingar med integrert dekk. Denne industrien har no stor trong for nye oppgåver grunna ledig kapasitet. Utan nye oppdrag med det første, er det fare for at denne norske kompetansen kan bli nedbygd og på sikt forsvinne. Det er grunn til å rekne med at betongløysingar kan vere aktuelle på store utbyggingar også i framtida dersom vi i mellomtida kan ta vare på den opparbeidde kompetansen og miljøet.

       Komiteen ser det som viktig at tilbodsinnhentinga, offentlege rammevilkår og tidsrammene for prosjektet vert lagde opp på ein slik måte at norsk industri vert sikra fullt høve til deltaking i prosjektet, og ikkje vert utsatt for diskriminering. Dette gjeld understelløysingane såvel som prosjektet elles.

       Komiteen vil elles peike på at det under høyringane som komiteen har hatt, er blitt sannsynleggjort at betong prismessig er konkurransedyktig samanlikna med stål.

       Komiteen ber departementet leggje stor vekt på desse omsyna under den vidare handsaminga.

       Komiteen viser elles til petroleumslova § 3:

       « Forvaltningen skal bidra til utviklingen av norsk næringsliv og ivareta nødvendige hensyn til annen virksomhet, distriktspolitiske interesser og natur- og miljøvern. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil peike på at det vil vere i strid med norsk lov til liks med internasjonal praksis om innhentinga av tilbod vert gjennomført på ein slik måte at den heimlege industrien ikkje skulle verte sikra retten til full deltaking i prosjektet.

       Desse medlemene vil vise til at etter EØS-avtalen medrekna innkjøpsdirektivet, kan ikkje norske styresmakter gjennom vedtak eller pålegg tilgodesjå norsk næringsliv ved tildeling av kontrakter.

       Komiteen har elles merka seg at den vidare drifta på Ekofiskområdet vil medføre redusert behov for mannskap. Komiteen føreset at partane i arbeidslivet kjem fram til løysingar som tek omsyn til personellet som står overfor ein særs vanskeleg situasjon.

       Komiteen har merka seg at operatøren i endra PUD har understreka kor viktig det er at arbeidstakarane har røynsle for drift og vedlikehald av Ekofiskinnretningane.

Styresmaktene si vurdering av Ekofisk IIA

       Komiteen har merka seg at den framlagde planen etter ei heilskapleg vurdering av omsynet til ressursar, tryggleik, miljø og samfunnsøkonomi vert vurdert som god nok for realisering. Komiteen vil her serleg peike på at etter Phillips sine prognosar vil CO2-utsleppa verte reduserte frå 2 mill. tonn pr. år i 1992 til 1,1 mill. tonn pr. år i 1999. NOx-utsleppa vert reduserte frå 10.700 tonn pr. år til 3.750 tonn pr. år. Komiteen har vidare merka seg at sysselsettingsverknadene av planen vil vere ca 17.000 årsverk i topperioden 1996-97. Investeringane på sokkelen er i kommande 5-års periode venta å gå ned frå ca 50 mrd. kroner i 1993 til om lag 25 mrd. kroner inklusive investeringane i Ekofisk IIA.

       Komiteen vil vidare peike på at ei utbygging av Ekofisk II A er nødvendig no av omsyn til tryggleiken for arbeidstakarane og miljøet. Vidare vil ei utbygging no bremse det kraftige forventa investeringsfallet, og dermed bidra til eit jamnare sysselsettingsnivå innan offshoreindustrien.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil peike på at det er ein nær samanhang mellom det høge investeringsnivået på norsk sokkel, serleg frå 1991 og fram til i dag, og den radikale nedgangen vi no er på veg inn i. Ut frå omsynet til eit mest mogleg jamt sysselsettingssnivå, ville det vere ynskjeleg om ein hadde kunne utsetje denne store investeringa nokre år. Desse medlemene har likevel lagt vekt på at ei slik utsetjing ikkje er tilrådeleg ut frå ei samla vurdering, herunder først og fremst tryggleiksomsynet.

       Desse medlemene har også lagt vekt på at det må vere rett å utnytte eksisterande installasjonar framfor å gje utvinningsløyve på nye felt.

       Komiteen sitt medlem frå Kristeleg Folkeparti viser til sine merknader til St.meld. nr. 26 (1993-1994), om petroleumverksemda, slik desse kjem fram i Innst.S.nr.80 (1993-1994) - når det gjeld vurderingane av den generelle petroleumspolitikken, utvinningstempoet og investeringsnivået på norsk sokkel.

       Komiteen viser til at ein plan for utforming av transportsystemet knytt til Ekofisksenteret, vil verte førelagt styresmaktene hausten 1995.

Rammevilkår for Ekofisk IIA

       Komiteen konstaterer at gjeldande utvinningsløyve for 018 gjeld fram til 2011 og at rettshavarane har søkt forlenga konsesjon fram til 2031. Komiteen seier seg samd med departementet i at ny konsesjon vert gjeven i 30 år frå oppstart av Ekofisk IIA i samsvar med det som gjeld for nye utvinningsløyve.

       Komiteen har i samsvar med dette synet ingen merknader til at departementet tek sikte på å forlenge drifts- og anleggsløyve for Norpipe sine olje- og gassrørleidningar til same dato.

       Komiteen viser til at departementet av tryggleiksomsyn ser det som viktig å sikre ei rask oppstarting av prosjektet med sikte på ferdigstilling i 1998. Komiteen er samd i at tryggleiksomsynet må prioriterast. Komiteen viser likevel til sine merknader ovanfor vedkommande norsk industri sine vilkår for å ta del i leveransane og føreset at også dette omsynet vert vektlagt.

       Komiteen viser til at rettshavarane har søkt om fritak frå produksjonsavgift frå 1. januar 1994 og/eller endringar i særskatten. Komiteen seier seg samd i at utvinningsløyvet vert handsama på line med nyutbyggingar. Produksjonsavgift vert ikkje innkravd for førekomster der utbyggingsplanen er godkjend etter 1. januar 1986.

       Komiteen har i brev frå departementet dagsett 10. oktober 1994 fått opplyst at produksjonsavgifta for PLO18 i 1999 etter produksjonsføresetnadene vil utgjere ca 200 mill. kroner etter skatt, og minke i åra framover med minkande produksjon, jf. vedlegg. Komiteen ser det som viktig at fritaket for produksjonsavgift ikkje vert knytt opp til ferdigstillinga av dei nye anlegga på ein slik måte at dette kan verke konkurransevridande på valet av løysingar. Komiteen ber difor departementet følgje opp dette i den vidare handsaminga.

       Komiteen viser til at i den føreliggjande avtalen er det ikkje gjort andre endringar i skattesystemet. Komiteen viser vidare til framlegget til endringar i det konsesjonsjuridiske rammeverket og auken i den statlege eigardelen både i utvinningsløyve 018 og Norpipe. Komiteen har ingen merknader til dette.