Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Sosial- og helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 1994 under kap. 2711, post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp og under kap. 2755, post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar, post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 47,4 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er avsett reservar til dekning av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymeseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

       Departementet opplyser at dei respektive organisasjonane og Kommunenes Sentralforbund/staten nå har ført forhandlingar om avtalar for perioden 1. juli 1994 - 30. juni 1995. For legane inneber avtala ein auke i takstar og driftstilskot med 2,0 %. I tillegg er avsetningane til kvalitetssikringsfonda auka med 6,0 mill. kroner. Det gir ei samla ramme på 2,2 %. For fysioterapeutane og psykologane aukar takstar og driftstilskot med respektive 1,0 % og 0,7 %. Alle rammejusteringane er rekna pr. 1. juli 1994. Skilnaden i rammeauka for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i satsar inn i 1994, ulik utvikling i kostnader og ulikt inntekstnivå.

       I St.prp. nr. 46 (1993-1994) er det gjort framlegg om ein auke i eigenbetalinga for legehjelp og psykologhjelp med 6 % utover pris- og lønsutviklinga pr. 1. juli 1994. Det er ikkje gjort framlegg om å auke eigenbetalinga for fysioterapi. Framlegget om endring i løyvingane i St.prp. nr. 58 tek utgangspunkt i framlegga i St.prp. nr. 46.

       For legane inneber avtala at driftstilskot og takstar aukar med same prosentsats. Etter framlegget i St.prp. nr. 46 (1993-1994) er dei budsjetterte stykkprisrefusjonane til spesialisthjelp og allmennlegehjelp i 1994 2.020,0 mill. kroner (inklusive fond). Meirutgiftane for trygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1994 blir 36,9 mill. kroner, delt med 13,3 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 23,6 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp. Tilskot til fastlønsstillingar kjem i staden for dei trygderefusjonane som blir gitt til privatpraktiserande legar for kurativt arbeid. På grunn av inntektsauken for kommunane som følgje av reguleringa av eigenbetalinga tilrår departementet at tilskotet til fastlønsstillingar for allmennlegar blir sett til dei same summane for 1994 som for 1993. Departementet tilrår at kap. 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar blir regulert med 5,0 mill. kroner. Den samla budsjettauken som følgjer av avtalen med legane blir dermed 41,9 mill. kroner.

       Avtalen med fysioterapeutane inneber mellom anna at folketrygda som tidlegare skal setje av 1,5 % av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Fastlønstilskotet til fysioterapeutar var i 1993 93.600 kroner. Departementet tilrår at fastlønstilskotet aukar til 95.400 kroner. Oppgjeret har for 1994 ei ramme på 4,3 mill. kroner til refusjonar. Tilskot til fastlønsordning for fysioterapeutar blir auka med 0,8 mill. kroner.

       Oppgjeret for psykologhjelp har for 1994 ei ramme på 0,4 mill. kroner til refusjonar og fond.