Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Komiteens merknader

Kontroll- og konstitusjonskomiteen vil peika på at kontroll- og konstitusjonskomiteen er ein nyskaping i siste meldingsår for Sivilombodsmannen. Det er naturleg at grenseoppgongen mellom kontroll- og konstitusjonskomiteen og Sivilombodsmannen må meislast ut etter kvart som me vinn røynsla med sakstilfanget.

       I instruksen til Sivilombodsmannen heiter det:

       « Stortingets ombudsmann for forvaltningen - Sivilombudsmannen - skal arbeide for at det i den offentlige forvaltning ikke blir gjort urett mot den enkelte borger og at embets- og tjenestemenn og andre som virker i forvaltningens tjeneste ikke gjør feil eller forsømmer sine plikter. »

       I Stortinget sin forretningsorden § 12 nr. 8 pkt. F går det fram at kontroll- og konstitusjonskomiteen skal gå gjennom og gje innstilling til Stortinget om klager til Stortinget frå privatpersonar.

       Presidentskapet skreiv om dette i Innst.S.nr.145 (1992-1993):

       « Presidentskapet forutsetter at det blir samarbeid mellom komiteen og Ombudsmannen for å unngå at de samtidig foretar undersøkelser på samme område. Videre bør komiteen være varsom med å ta opp saker som vedrører enkeltpersoner, fordi vedkommende person da lett vil miste retten til å bringe sin sak inn for Ombudsmannen, jf. § 4 i loven om Ombudsmannen av 22. juni 1962. »

       Komiteen ser det som viktig at det vert god kontakt og eit godt samarbeid mellom Sivilombodsmannen og komiteen for å ta vare på publikum sine interesser på beste måte.

       Komiteen har merka seg at talet på saker som Sivilombodsmannen handsamar, har auka sterkt dei siste åra. I samband med dette reiser Ombodsmannen spørsmål om å få utvida høve til å delegera saker til særleg kompetente medarbeidarar. Komiteen har forståing for dette og reknar med at Ombodsmannen eventuelt vil koma attende med eiga sak om dette.

       Komiteen meiner det er særs viktig at publikum kan kjenna seg visse på at rettstryggleiken deira er vel ivareteken når dei reiser saker andsynes styresmakta.

       Komiteen har merka seg at Ombodsmannen nemner ei rekkje ulike saker som gjeld grunngjevne klager på sakshandsaming i forvaltninga.

       Komiteen vil understreka at offentlege styresmakter skal følgja forvaltningslova sine reglar om sakshandsaming. Kravet om at ei sak skal vera så godt opplyst som mogeleg, står sentralt då dette punktet er med på å auka aktsemda for dei ulike element som er i saka.

       Komiteen legg vekt på at publikum får ivareteke sine rettar heimla i offentleglova når det gjeld innsyn i dokumenta som høyrer til saka. Det er viktig at reglane for journalføring vert haldne. Komiteen vil særleg peika på den bruk pressa har for at desse reglane vert følgde.

       Komiteen vil understreka at forvaltinga må vurdera nøye dei råd og merknader som Ombodsmannen kjem med.

       Komiteen har elles merka seg at Ombodsmannen har vore på vitjing i ulike institusjonar i året som gjekk og at han har hatt møte med organisasjonar frå inn- og utland. Vidare at han har teke del i konferansar i fleire land.

       Komiteen vil særleg understreka den hjelp Ombodsmannen kan gje til land som er i ei oppbyggingsfase når det gjeld demokrati og betre rettstryggleik for innbyggjarane sine.