2. Merknader frå komiteen
St.prp. nr. 41 (1993-1994) er ein del av omstillingsprogrammet for A/S Sydvaranger. Omstillinga vil føre til ei nedtrapping av arbeidsplassar ved A/S Sydvaranger frå om lag 600 til 200 fram mot 1996.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, og frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, har merka seg at det vert lagt vekt på at reduksjonen av arbeidsplassar ved A/S Sydvaranger skjer gradvis, slik at dei tilsette får moglegheit for omskolering og opplæring for å bli betre kvalifiserte til nye arbeidsoppgåver. Fleirtalet er kjend med at omstillinga også vil gjelde dei arbeidsplassane som vert att ved bedrifta, da ein etter planen skal leggje om drifta til nye lønsame produkt.
For å få eit best mogleg grunnlag å vurdere omstillingsprosessen i Sør-Varanger på, har komiteen i samband med befaringa i Sør-Varanger også vore på befaring i Mo i Rana.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, meiner det er rett å fylgje opp tidlegare omstillingsvedtak for A/S Sydvaranger. Dette fleirtalet viser til St.prp. nr. 80 (1990-1991) og Innst.S.nr.235 (1990-1991). Driftsopplegget inneber ein gradvis overgang til produksjon av ulike spesialprodukt basert på malm frå underjordsdrifta.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ser viktigheita av at A/S Sydvaranger satsar på produktutvikling for med det å nytte ut dei spesielle kvalitetane som malmen frå Sør-Varanger har. Ein viser i denne samanhengen også til omtalen av spesialprodukt i St.prp. nr. 80 (1990-1991).
Fleirtalet har med interesse merka seg det nye produktet « kull/stål-briketten » som skal nyttast som råstoff for ferrosilisiumproduksjon. Fleirtalet har merka seg spørsmål som knytter seg til om leveransar av « gråberg-pukk » kan bli eit aktuelt satsingsområde.
Fleirtalet viser til at A/S Sydvaranger sidan i 70-åra jamt har fått statlege tilskot til drifta. Dei siste åra har produktivitetsutviklinga vore god. Arbeidsstokken er redusert. Utviklinga på pris- og valutamarknaden har gått i rett lei. Tegn tyder på at drifta i 1994 kan gje eit positivt driftsresultat. Opplysningar fleirtalet har fått frå administrasjonen viser at kostnadsnivået etter 1996 vil liggje på om lag 25 mill. kroner under dei tala ein kom fram til i 1991. Fleirtalet har merka seg at ut i frå dei moglegheitene som no ligg i marknaden, skulle målet om at bedrifta skal stå på eigne føter økonomisk etter 1996, vera gode.
Fleirtalet har merka seg at løyvingane til A/S Sydvaranger i tidsbolken 1992-96, i samband med omstillinga, vert 482,5 mill. kroner. I tillegg kjem kostnadane til førtidspensjoneringa.
Fleirtalet meiner at kostnadene når det gjeld førtidspensjoneringa ved A/S Sydvaranger er ein så viktig og sjølvsagt del ved ei bedriftsomstilling med så stort omfang, at kostnadene burde vore teke med da St.prp. nr. 80 (1990-1991) vart behandla i Stortinget.
Fleirtalet støttar opp om Regjeringa sitt opplegg med frivillig førtidspensjonering ved fylte 60 år pr. 1. januar 1994, som er føreslege i St.prp. nr. 41 (1993-1994). Kostnadsramma er på 58,4 mill. kroner. Fleirtalet er kjent med at nemnde avtale om førtidspensjonering for A/S Sydvaranger er oppbygd etter same mønster som er nytta der statsbedrifter andre stader har lagt ned drifta, eller endra driftsomfang, t.d. ved Jernverket og Spikerverket. Ordninga er velprøvd, og skulle derfor sikre arbeidarar med ein lang arbeidsdag ved A/S Sydvaranger, ei verdig avslutning av sine tenestetilhøve. Fleirtalet ser det som ein styrke at gruveforeninga Nordens Klippe, gjennom Norsk Arbeidsmandsforbund, og A/S Sydvaranger, gjennom Bergindustriens Landsforening, har kome fram til ein felles protokoll, datert 18. mars 1994, i høve personellhandteringa ved omstillinga/bemanningsreduksjonen ved A/S Sydvaranger for perioden 1994-96.
Fleirtalet vil understreke den verdien som ligg i å samarbeide om løysingar, og den positive haldning fagbevegelsen har til omstillingsarbeidet.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, meiner at når det gjeld utskiljing av servicebedrifter som ein del av omstillinga ved A/S Sydvaranger, må ein få ein heilheitleg plan over korleis ein tenkjer seg den framtidige drifta ved A/S Sydvaranger skal vera organisert. Dette må la seg gjera utan at det vil føre til utsetjing av omstillingsarbeidet. Dette fleirtalet meiner det er viktig at før ein startar ei utskiljing frå A/S Sydvaranger til private interesser, sikrar at dei service-tenestene som A/S Sydvaranger vil ha bruk for til si framtidige drift, vert dekte.
Av omsyn til Sør-Varanger-distriktet meiner dette fleirtalet at utskiljingar og etableringar av private verksemder må passast inn i det behovet som vil tene det lokale næringslivet, og dermed gje moglegheiter for å utvide og utvikle desse tenestene både lokalt, og for ein større marknad.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til Sosialistisk Venstreparti sine merknader i B.innst.S.nr.8 Tillegg nr. 4 (1992-1993). Denne medlemen vil gå imot ei utskiljing av delar av A/S Sydvaranger som ein del av omstillinga før ein har fått ein heilheitleg plan over korleis dette eventuelt skal vere organisert. Dette gjeld både eigarar, eigarform, styring og lokal deltaking. Denne medlemen føreset at slik organisering eventuelt vert gjort i nært samråd med dei lokale styresmaktene og dei faglege organisasjonane. Denne medlemen føreset at Stortinget kan kome attende til utskiljinga som eigen sak.
Denne medlemen vil såleis leggja fram fylgjande framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa utsetja ei utskiljing av delar av A/S Sydvaranger før ein har fått utarbeidd ein heilheitleg plan med omsyn til eigarar, eigarform, styring og lokal deltaking. »
Denne medlemen føreset at ein gjennom ordninga med førtidspensjonering ikkje tapar rettar i Folketrygda m.o.t. pensjonspoeng.
Med omsyn til omstillinga i Sør-Varanger og verksemda ved A/S Sydvaranger vil denne medlemen vise til merknadene frå Sosialistisk Venstreparti i St.prp. nr. 80 (1990-1991), B.innst.S.nr.8 (1992-1993), St.prp. nr. 1 (1993-1994) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (1993-1994).
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, meiner det i omstillingsarbeidet i Sør-Varanger må leggjast vekt på å nytte dei naturgjevne tilhøva. Derfor er det også viktig å betre infrastrukturen i området. Arbeidet med å utbetre hamna til ei djupvasshamn vil vera med å gjeva A/S Sydvaranger og lokalsamfunnet elles nye moglegheiter. Likeså er det viktig å betre vegsambandet over til Russland og få avslutta forstudiene omkring jernbane Kirkenes-Nikkel. Fleirtalet viser til omtale i St.meld. nr. 28 (1993-1994) om same forhold. Fleirtalet peikar på den sterkt aukande forretningsaktiviteten som Sør-Varanger-distriktet har retta mot Russland og mogleg eksport av russiske råvarer og produkt via Kirkenes hamn.
Fleirtalet ser at det store omstillingsarbeidet i Sør-Varanger kommune, med utgangspunkt i nedbemanninga i A/S Sydvaranger, vil bli ei stor utfordring. For at dette arbeidet skal lykkast må ei systematisk og planmessig omstilling av arbeidskraft samordnast med noverande og framtidig næringsverksemd sine behov for arbeidskraft. Dette kan løysast gjennom t.d. etablering av ei omstillingseining som har målsetjing om å få ledig arbeidskraft over i nye stillingar, attføring, målretta kompetanseutvikling eller hjelpe ledige til å starte eigne foretak grunna i eigne idear.
Fleirtalet støttar at det vert oppretta eit kompetansesenter for omstilling i samarbeid med ulike aktører. Fleirtalet meiner at fagrørsla bør vere med i prosjektgruppe. Fleirtalet vil peike på at det er viktig at rehabiliteringseininga ved A/S Sydvaranger vert ført vidare og at denne bør virke i tett samarbeid med komptansesenteret.
Fleirtalet meiner at det er rett at A/S Sydvaranger og Kommunal- og arbeidsdepartementet medverkar til å sikre drifta av rehabiliteringseininga.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til B.innst.S.nr.8 Tillegg nr. 2 (1993-1994) hvor Høyre gikk inn for å redusere bevilgningen over kap. 950 post 70 med 50 mill. kroner i forhold til Regjeringens budsjettforslag på 60 mill. kroner i påvente av at Stortinget fikk seg forelagt en full gjennomgang av situasjonen og fremtidsutsiktene for A/S Sydvaranger. Disse medlemmer vil peke på at fremdriften i omstillingsarbeidet ved A/S Sydvaranger bl.a. når det gjelder utskilling av servicevirksomhet og utvikling av nye spesialprodukter, har gått saktere enn forutsatt. Disse medlemmer vil i denne sammenheng vise til St.prp. nr. 80 (1990-1991), jf. Innst.S.nr.25 (1990-1991) og Stortingets behandling av omstillingen for A/S Sydvaranger, og vil understreke Regjeringens ansvar for at fremdriften i omstillingsarbeidet holder det tempo og den fremdriftsplan som omstillingsvedtaket i 1991 forutsatte.
Disse medlemmer viser videre til at Stortinget i forbindelse med behandling av St.prp. nr. 80 (1990-1991) forutsatte at alle kostnader i forbindelse med omstillingen skulle dekkes innenfor den økonomiske rammen på 412 mill. kroner som ble vedtatt for perioden 1992-96. Regjeringen fremholder at bevilgningsnivået for perioden 1992-96 nå er beregnet til 482,5 mill. kroner i tillegg til den foreslåtte førtidspensjoneringsordning til 58,4 mill. kroner. Disse medlemmer viser til Regjeringens ansvar for å styre omstillingen for A/S Sydvaranger på en slik måte at de økonomiske rammer Stortinget har lagt til grunn, blir holdt.
Disse medlemmer anser den foreslåtte førtidspensjoneringsordningen som et hensiktsmessig virkemiddel i arbeidet med nedbemanning ved bedriften og støtter denne ordningen som del av omstillingsvedtaket fra 1991. Disse medlemmer forutsetter imidlertid at kostnadene til førtidspensjoneringsordningen dekkes innenfor den opprinnelige økonomiske ramme på 412 mill. kroner. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:
« Bevilgningen på statsbudsjettet for 1994 under kap. 950, A/S Sydvaranger, post 70, Tilskudd, forhøyes med kr 58.400.000, fra kr 60.000.000 til kr 118.400.000 mot at restbevilgningene av rammen reduseres tilsvarende. »
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Hedstrøm, konstaterer at virksomheten ved gruveselskapet har vært tapsbringende i en årrekke og finner det derfor meningsløst å videreføre de statlige støttetiltakene.
Dette medlem vil minne om at staten v/Nærings- og energidepartementet i årene 1977-93 har overført anslagsvis 3,6 mrd. kroner til selskapet.
Dette medlem mener staten skal trekke seg ut av eierskap i industriell virksomhet. Resultatene fra gruvevirksomheten har vært totalt mislykket og en fortsatt statlig deltakelse vil bidra til å hindre eller utsette en nødvendig omstilling.
Dette medlem vil på denne bakgrunn motsette seg nye bevilgninger til A/S Sydvaranger; dette gjelder både midler til pelletsproduksjon og investeringer i underjordsdrift og spesialprodukter.
Dette medlem vil anbefale et salg av hele selskapet. På grunn av god lagerhåndtering, gode prisavtaler og gunstige valutakurser, er selskapet inne i en god situasjon med pluss i regnskapet.
Dette medlem mener derfor tidspunktet er det rette til å få inn nye eiere som kan videreføre virksomheten uten statlig støtte. Dette kan f.eks. gjennomføres ved direkte salg til private konserner eller finansinstitusjoner etter auksjonsprinsippet eller ved å knytte selve salget til aksjespredning blant ledelsen og de ansatte i bedriften.
Dette medlem ser ikke bort fra at hele eller deler av virksomheten kan være svært vanskelig å avhende selv om det nå er pluss i regnskapet.
Dette medlem vil anbefale at man i en slik situasjon overveier å gi bort virksomheten vederlagsfritt til interessenter som har tro på virksomheten og er villige til å satse egne penger i den videre utvikling av selskapet.
Dette medlem har registrert at A/S Sydvaranger har foreslått for departementet at det opprettes en frivillig førtidspensjoneringsordning for de av bedriftens ansatte som vil være i aldersgruppen 60-67 år i perioden 1. januar 1994 - 31. desember 1996.
Dette medlem ser på en slik førtidspensjonering som en særordning som kan gi presedensvirkninger ved fremtidige bedriftsinnskrenkninger eller nedleggelser.
Dette medlem vil derfor heller foretrekke at arbeidsmarkedsetaten legger opp til en aktiv oppfølging innenfor det ordinære virkemiddelapparat. Sør-Varanger-samfunnet har vært enormt begunstiget fra før og er blitt overrislet med økonomiske midler som har resultert i en arbeidsledighet på et lavere nivå en landsgjennomsnittet.
Dette medlem finner det derfor uriktig med en ytterligere særbehandling og vil minne om at ledigmeldte vil ha krav på normale rettighetsorienterte trygdeutbetalinger på lik linje med andre i samme situasjon.
Dette medlem vil minne om at det er bevilget store beløp til omstilling og utvikling i Sør-Varanger kommune i 80- og 90-årene. Det er bygget opp et omfattende offentlig styrings- og støtteapparat, som skulle gitt en fremtidsrettet næringsutvikling, men resultatene har uteblitt.
Dette medlem mener dagens selektive, distriktspolitiske støtteordninger er lite hensiktsmessige og at det foreliggende utviklingsbyråkratiet må bygges ned.
Dette medlem viser til forskningsrapporter som konkluderer med at høye tilskudd har gitt liten effekt i form av vekst og lønnsomhet. Omfanget er blitt for dominerende og virker styrende for næringslivet.
Dette medlem vil peke på at Fremskrittspartiet ønsker en næringsnøytral støtte i distriktene i stedet for å satse enormt med midler på enkelte næringer og enkelte bedrifter.
Dette medlem mener generelle virkemidler hvor alle bedrifter, bransjer og næringer stilles likt, vil gi en positiv og god distriktspolitikk på en rimeligere måte. På denne måten opprettholdes bosettingen med lavest mulig ressursbruk.
Omstillinga i Rana
Omstillingsperioden for Rana skulle etter B.innst.S.nr.8 (1992-1993) vare ut 1994. Målet var å skape like mange nye arbeidsplassar som vart borte ved nedlegginga av Norsk Koksverk og omstillinga av Norsk Jernverk.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, er kjent med at det står att midlar av ei ramme på 500 mill. kroner, som vart løyvd til omstillingsarbeidet.
Arbeidsløysa i distriktet er framleis høg. Fleirtalet meiner derfor det er ynskjeleg at omstillingsarbeidet held fram og at nye varige og lønsame arbeidsplassar vert skapt.
Fleirtalet meiner at løyvd ramme til omstillingsmidlar må kunne nyttast i Rana, sjølv om det går noko ut over den tidsramma som er sett.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til at NJH har betalt ut stort utbyte til sine eigarar, m.a. til Elkem. Elkem fekk i si tid Stortinget sitt samtykke i å utsette innbetalinga av sin aksjepost i NJH. Elkem har såleis nytt godt av eit utbytte av ein eigardel dei elles ikkje har betalt inn. Denne medlemen er kjent med at staten sin representant i styret blir nedstemt mot kor stort utbytet til eigarane skulle vera.
Staten sit i mindretal i styret. Denne medlemen vil difor i denne samanheng peike på kor viktig det er at staten reelt sett har styring i selskap av typen NJH. Dette gjeld særskilt i den omstillingsprosessen Rana-samfunnet har vore - og er inne i. Denne medlemen vil vise til det omstillingsarbeidet ein no er inne i i Sør-Varanger kommune. Denne medlemen viser i denne samanheng til Sosialistisk Venstreparti sine øvrige merknader i denne innstillinga og til Sosialistisk Venstreparti sine merknader til St.meld. nr. 38 (1993-1994) om staten sine eigarinteressar, jf. Innst.S.nr.154 (1993-1994).
Med omsyn til omstillinga i Rana vil denne medlemen særleg vise til merknadene frå Sosialistisk Venstreparti til St.prp. nr. 113 (1987-1988) om Rana og Norsk Jernverk A/S, jf. Innst.S.nr.304 (1987-1988).
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til omstillingen i Rana som hittil har resultert i et differensiert næringsliv med et økende antall arbeidsplasser for kvinner. Videre er det etablert et betydelig antall nye private og nye statlige arbeidsplasser.
Dette medlem vil minne om omstillingsbevilgningen på 500 mill. kroner. I realiteten er det bevilget langt større beløp i støtte til Rana-samfunnet etter 1988 dersom avgiftslettelser, kraftsubsidier, flytting av statlige arbeidsplasser og andre tiltak inkluderes.
Dette medlem viser til et anslag fra Industriøkonomisk Institutt i 1991 som gikk ut på at i alt 2,6 mrd. kroner var ydet eller lovet fra 1988.
Dette medlem mener det er svært vanskelig å få frem de reelle kostnadene i et helhetsbilde. Det mangler bl.a. beregninger av hvor mye andre byer eller regioner har tapt på grunn av flyttingen og etableringen i Rana.
Dette medlem viser til den forskjellsbehandlingen som har funnet sted og ønsker derfor ikke at de gjenstående omstillingsmidler skal benyttes ved Rana-omstillingen.
Dette medlem vil hevde at det er altfor tidlig å trekke konklusjoner om resultatene av omstillingsprosessen. Det er først når den statlige medvirkningen i omstillingen er avsluttet og det er gått noen tid at man kan vurdere om Rana er utviklet til et bærekraftig industrisamfunn.