Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg 2

Brev fra Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet, v/statsråden, til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert 28. april 1994.

Praktisering av eigedomsretten til forskingsresultata?

Innleiing

       Kontroll- og konstitusjonskomiteen stiller spørsmålet om korleis institusjonar som sorterer under dette departementet praktiserer eigedomsretten til forskingsresultata.

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil innleiingsvis slå fast at spørsmålet femnar om eit vidt og vanskeleg område, også juridisk. Praksis varierer mellom dei ulike institusjonane i sektoren.

Lovgrunnen

       Spørsmål i samband med rettar til forskingsresultat vert regulerte av m.a.:

- Åndsverklova av 1961, 12 mai nr 2.
- Arbeidstakaroppfinningslova av 1970, 17 april nr 21.
- Patentlova av 1967, 15 desember nr 9.

Fast vitenskapelege tilsette på universitet/høgskular

       Prinsippet om at den som skapar eit åndsverk får opphavsretten til det, jf. åndsverklova § 1, gjeld og i arbeidstilhøve. Opphavsmannen sine rettar kan overførast til andre ved avtale. I utgreiinga NOU 1985:6 , Arbeidstagers opphavsrett, vert det lagt til grunn at opphavsretten er knytt til den arbeidstakar som har laga verket. Om arbeidsgjevar har rettar, må dei ha støtte i avtale, sedvane eller evt. lov.

       I åndsverklova er det i § 39a) ei bestemming om at opphavsretten til eit dataprogram som er skapt av ein arbeidstakar under utføringa av oppgåver som omfattast av arbeidstilhøvet eller etter arbeidsgjevarens tilvisingar vil gå over til arbeidsgjvar dersom ikkje noko anna er avtala. § 39a) tok til å gjelde frå og med 01.01.94 og svarar til § 48 i utkast til ny åndsverklov. Spørsmålet om rettane til andre typar åndsverk som er skapt i arbeidstilhøve enn datamaskinprogram, er ikkje lovregulerte, korkje i dagens lov eller i lovutkastet. I samband med lovendringa heiter det mellom anna i Ot.prp. nr. 84 (1991-1992) (s. 21):

       « det gjeldende prinsipp i norsk rett går ut på at opphavsrett til verk skapt i ansettelsesforhold, i mangel av annen avtale, vil kunne anses overgått til arbeidsgiveren i den utstrekning det er nødvendig for at ansettelsesforholdet skal nå sitt formål, og det dessuten er omfattet av arbeidstakerens oppgaver i ansettelsesforholdet å skape slike verk. »

       Då forslag til åndsverklovas § 39a) var ute på høring hadde Universitetet i Bergen mellom anna desse merknadene til sitata frå Ot.prp. nr. 84 (1991-1992) (s. 21):

       « Som arbeidsgiver står universitetet på mange måter i en særstilling i relasjon til spørsmål om rettighetserverv av arbeidsresultater. Det vises i denne sammenheng til Lov om oppfinnelser gjort av arbeidstakere § 1 annet ledd. Forskning i universitets- og høyskolemiljøer er tradisjonelt personbasert, ikke institusjonsbasert. Dva. at rettigheter og plikter i forbindelse med forskningsarbeidet er knyttet til utførende forsker, ikke institusjon. I motsetning til det som gjelder i ordinære tjenesteforhold har universitetene/høyskolene som arbeidsgivere ikke instruksjonsmyndighet/styringsrett overfor sine faste vitenskapelige tjenestemenn. Dette er et av de sentrale elementer i begrepene « forskningens frihet »/« akademisk frihet ». En generell lovformodningsregel om opphavsrettens overgang i arbeidsforhold gjelder derfor ikke for denne stillingskategorien ved utførelsen av ordinær forskningsvirksomhet. »

       Det norske universitetsråd har i brev til departementet av 01.03.93. slutta seg til dei synspunkta som Universitetet i Bergen gjev uttrykk for.

       For at universiteta skal få rettar til forskingsresultata må dei inngå avtale med den einskilde forskar. Avtalar om overdraging av eigedomsrettar til forskingsresultata er så vidt departementet er kjend med ikkje vanleg ved universiteta. Forskarar ved universiteta står dermed i ei anna stilling enn forskarar i instituttsektoren og ved forskingsstiftingar. Ved desse er avtalar om overdraging av eigedomsrettar til forskingsresultata vanleg og går ofte inn som ein del av tilsettingsvilkåra.

Hovudfagsoppgåver/studentavhandlingar

       Universitetet i Trondheim skriv i brev til departementet av 01.12.93 mellom anna:

       « Når det gjelder regler og rettigheter i forbindelse med hovedoppgaver og gjeldende rett rundt dette, synes situasjonen å være uklar. Patentstyret har foretatt en undersøkelse som viste at de fleste universiteter og høyskoler har inntatt en passus som regulerer rettigheten til hovedoppgaven i sine respektive eksamensreglementer. Flere av eksamensreglementene er dog ulike i innhold, noen har som utgangspunkt at hovedoppgaven er kandidatens eiendom mens andre har som utgangspunkt at hovedoppgaven er skolens eiendom. Sistnevnte utgangspunkt er også gjort gjeldende av de skoler Patentstyret snakket med som ikke har regulert innholdet i sitt eksamensreglement. »

       NTH har utarbeidet forslag til avtale for hovedfagsoppgåver utførd ved bedrift, sjå vedlegg 1. I forslaget til avtale blir rettane til forskingsresultata grovt sett delte inn slik:

1. Det vert presisert at studenten har opphavsrett.
2. NTH får eigedomsrett til resultata og kan nytte dei utan vederlag til undervisning og forsking.
3. Bedriften får ein ikkje-eksklusiv bruksrett til dei resultata som ikkje er patentbare og ein frist på 3 månader til å vurdere om resultata er patentbare. Resultata skal vere konfidensielle i denne perioden. Dei som får kjennskap til resultata jf. punkt 2, må underteikne ei erklæring om at informasjonen er fortruleg.

Doktorgradsstudentar

       Det er utarbeidd ein nasjonal standardavtale om opptak til den organiserte forskarutdanninga, sjå vedlegg 2. Punkt 6. i denne avtalen regulerer eigedomsretten til doktorgradsstudentane sine forskingsresultat: « Alle resultater, metoder, dokumenter, dataprogrammer o.l. som utarbeides under utførelse av prosjektet - heretter kalt resultater - blir forskerutdanningsinstitusjonens eiendom og kan vederlagsfritt benyttes i institusjonens undervisnings- og forskningsvirksomhet. Gjør dr.gradskandidaten under utførelsen av avhandlingsprosjektet en patentbar oppfinnelse på grunnlag av de resultater forskerutdanningsinstitusjonen har eiendomsrett til, har kandidaten rett til å søke patent. »

       Avtalen er utarbeidd av Det norske universitetsråd. Departementet har fått opplyst at punkt 6 om eigedomsrett til forskingsresultata vil bli tatt opp til ny vurdering.

       Vedlagt følgjer standaravtale for opptak til organisert forskerutdanning og sivilingeniør/arkitektreglementet fra NTH, til orientering (vedlegg 3).

Oppdragsforsking

       I dei tilfella der forskninga er eksternt finansiert, vil eigedomsretten til forskingsresultata vere regulert av avtalar. Av di det er mange oppdragsgjevarar og det einskilde oppdrag i stor grad har varierande særtrekk, så kan det og vere variasjonar i innhaldet i desse avtalane.

       Universitetet i Bergen har utarbeidd ein standardavtale for oppdragsforsking som i punkt 9. regulerer eigedomsrett til forskingsresultata (vedlegg 4). Universitetet peikar likevel i brev til Universitetsrådet av 16.09.91. på at standardavtala sjelden vert nytta. Dei fleste oppdragsgjevarane ønskjer å nytta eigne avtalar.

Vedlegg (ikke trykt).