Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark som Regjeringa har sett i gang. Målet med programmet er å utvikle ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift.

       Partane har i samband med reindriftsavtala for 1994-95 også drøfta avtala sitt tilhøve til Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Komiteen er samd i at det er viktig å få ned talet på rein i Indre Finnmark for å hindra ytterlegare belastning på naturgrunnlaget for den samiske reindrifta. Når det gjeld reduksjon av reintalet, viser komiteen til dei ulike partia si haldning til spørsmålet i Innst.S.nr.193 (1992-1993).

       Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortinget nå har proposisjonen om reindriftsavtala 1994-95 (St.prp. nr. 32 (1993-1994)) til handsaming. På denne bakgrunn gjer fleirtalet framlegg om at ein ventar på evaluering, slik det er varsla i proposisjonen.

       Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti kan ikkje sjå at det i St.prp. nr. 32 (1993-1994) om reindriftsavtala er framlegg om ei evaluering av omstillingsprogrammet. Det ein talar om er ei evaluering av ordninga med omstillingsløn.

       Denne medlemen er ikkje samd i at Omstillingsstyret sine primære oppgåver skal vere å løyse utfordringane som ligg utanfor reindriftsavtala si rekkevidd. Omstillingsstyret må sjølvsagt gjere dei innspel som dei finn naudsynte ovanfor partane i reindriftsavtala. Denne medlemen vil understreke at ein ved tingingane neste år må leggje avgjerande vekt på dei tilrådingar Omstillingsstyret vedtek. Styret for omstillinga i Indre Finnmark er staten sitt rådgivande organ i det arbeid som skal foregå. Dersom Omstillingsstyret skal lukkast, må styret sine oppgåver ikkje verte avgrensa til dei område som ligg utanfor reindriftsavtala si rekkevidd. Rammeplanen for programmet slår fast at Omstillingsstyret skal kunne gi tilrådingar til tingingane om avtale og til utforminga av dei generelle verkemidla innanfor programmet. Denne medlemen vil difor gjere slikt framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa snarast råd er gå gjennom avtaleverket innan reindriftsnæringa. Denne gjennomgangen må også omfatte regelverket for Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Styret for omstillingsprogrammet må ikkje avskjerast frå å gi tilrådingar overfor avtalepartane i reindriftsnæringa.

       Stortinget ber Regjeringa i det vidare arbeidet med Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark ta omsyn til korleis fordelinga av reintalet på dei ulike einingane skal vere. Ein må gjennom eit øvre tak på kor mange dyr den einskilde eininga kan ha, sikre at reindrifta fortsatt skal vere grunnlaget for den samiske kulturen. »