Innstilling frå næringskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Rolf Ketil Bjørn og Børre Rønningen om å be Regjeringa syte for ein snarleg gjennomgang av avtaleverket innan reindriftsnæringa, og at denne gjennomgangen må omfatte m.a. regelverket for omstillingsprogrammet.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 130 (1993-1994)
- Kildedok: Dok.nr.8:39 (1993-1994)
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Innhold
Til Stortinget.
Stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Rolf Ketil Bjørn og Børre Rønningen har fremma slikt forslag:
« Stortinget ber Regjeringen sørge for en snarlig gjennomgang av avtaleverket i reindriftsnæringen. Denne gjennomgangen må bl.a. omfatte regelverket for omstillingsordningen.
Reindriftens posisjon som den viktigste bærer av samisk språk og kultur må sikres. En må ta sikte på å legge forholdene til rette for å holde kapitalutgiftene på et lavest mulig nivå, og ikke i for stor grad la teknologien erstatte menneskelig arbeidskraft.
Øvre reintall pr. driftsenhet må innføres, og forholdene legges til rette for at kombinasjonsnæringer, som tillegg, gjør det økonomisk mulig å eksistere i næringen for de som har få rein. »
I grunngivinga for framlegget er det vist til Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark, som m.a. under programdelen levekår tilbyr omstillingsløn i 5 år til reineigarar som vil slakte ned flokken. Dersom eigar av driftseining vel å gå inn på ordninga, vil familiemedlemer/arvingar også vere ute av reindrifta. Hittil har eigarar med få rein avvikla. Det er frykt for at mange blir kjøpt ut av næringa utan at reintalet går særleg ned. Reindrifta er ein viktig faktor når det gjeld å halde oppe samisk språk og kultur. Forslagsstillarane meiner at dersom reindrifta fortsatt skal vere eit viktig element i å halde oppe samisk kultur, må Regjeringa gripe aktivt inn og føre ein politikk som hindrar at dei store reineigarane blir større, og at det går ut over dei mange og små driftseiningane. Politikken må leggjast om, elles kan den i verste fall i neste tiår få karakteristikken fornorskingspolitikk.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark som Regjeringa har sett i gang. Målet med programmet er å utvikle ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift.
Partane har i samband med reindriftsavtala for 1994-95 også drøfta avtala sitt tilhøve til Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Komiteen er samd i at det er viktig å få ned talet på rein i Indre Finnmark for å hindra ytterlegare belastning på naturgrunnlaget for den samiske reindrifta. Når det gjeld reduksjon av reintalet, viser komiteen til dei ulike partia si haldning til spørsmålet i Innst.S.nr.193 (1992-1993).
Fleirtalet i komiteen, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortinget nå har proposisjonen om reindriftsavtala 1994-95 (St.prp. nr. 32 (1993-1994)) til handsaming. På denne bakgrunn gjer fleirtalet framlegg om at ein ventar på evaluering, slik det er varsla i proposisjonen.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti kan ikkje sjå at det i St.prp. nr. 32 (1993-1994) om reindriftsavtala er framlegg om ei evaluering av omstillingsprogrammet. Det ein talar om er ei evaluering av ordninga med omstillingsløn.
Denne medlemen er ikkje samd i at Omstillingsstyret sine primære oppgåver skal vere å løyse utfordringane som ligg utanfor reindriftsavtala si rekkevidd. Omstillingsstyret må sjølvsagt gjere dei innspel som dei finn naudsynte ovanfor partane i reindriftsavtala. Denne medlemen vil understreke at ein ved tingingane neste år må leggje avgjerande vekt på dei tilrådingar Omstillingsstyret vedtek. Styret for omstillinga i Indre Finnmark er staten sitt rådgivande organ i det arbeid som skal foregå. Dersom Omstillingsstyret skal lukkast, må styret sine oppgåver ikkje verte avgrensa til dei område som ligg utanfor reindriftsavtala si rekkevidd. Rammeplanen for programmet slår fast at Omstillingsstyret skal kunne gi tilrådingar til tingingane om avtale og til utforminga av dei generelle verkemidla innanfor programmet. Denne medlemen vil difor gjere slikt framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa snarast råd er gå gjennom avtaleverket innan reindriftsnæringa. Denne gjennomgangen må også omfatte regelverket for Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Styret for omstillingsprogrammet må ikkje avskjerast frå å gi tilrådingar overfor avtalepartane i reindriftsnæringa.
Stortinget ber Regjeringa i det vidare arbeidet med Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark ta omsyn til korleis fordelinga av reintalet på dei ulike einingane skal vere. Ein må gjennom eit øvre tak på kor mange dyr den einskilde eininga kan ha, sikre at reindrifta fortsatt skal vere grunnlaget for den samiske kulturen. »
Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:
Stortinget ber Regjeringa snarast råd er gå gjennom avtaleverket innan reindriftsnæringa. Denne gjennomgangen må også omfatte regelverket for Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Styret for omstillingsprogrammet må ikkje avskjerast frå å gi tilrådingar overfor avtalepartane i reindriftsnæringa.
Stortinget ber Regjeringa i det vidare arbeidet med Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark ta omsyn til korleis fordelinga av reintalet på dei ulike einingane skal vere. Ein må gjennom eit øvre tak på kor mange dyr den einskilde eininga kan ha, sikre at reindrifta fortsatt skal vere grunnlaget for den samiske kulturen.
Komiteen har elles ikkje merknader og rår Stortinget til å gjere slikt
Dok.nr.8:39 (1993-1994) - Framlegg frå stortingsrepresentantane Reidar Johansen, Rolf Ketil Bjørn og Børre Rønningen om å be Regjeringa syte for ein snarleg gjennomgang av avtaleverket innan reindriftsnæringa, og at denne gjennomgangen må omfatte m.a. regelverket for omstillingsprogrammet - blir lagt ved møteboka.
Oslo, i næringskomiteen, den 6. mai 1994. |
Svein Ludvigsen, | Sigrun Eng, | William Engseth, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |