2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, viser til Ot.prp. nr. 94 (2008–2009) der Regjeringa foreslår endringar i finansavtalelova, angrerettlova og kredittkjøpslova for å gjennomføra betalingstenestedirektivet i norsk rett. Også spørsmålet om andre sin misbruk av konto og betalingsinstrument og regulering av tilfeller der kunder sjølv gjer feil ved betalingsoverføring vert handsama her.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, er innforstått med at direktivet i utganspunktet er eit fullharmoniseringsdirektiv.
Fleirtalet er samd i endringane som er framlagte og vil peike på at dette i det vesentlege styrkar rettane til forbrukarane.
Fleirtalet vil særleg peike på at det er både viktig og riktig å behalda nullfloatsystemet for innanlandske betalingar i norske kroner, og er særs nøgd med at Regjeringa utnyttar det handlingsrommet som direktivet her gjev.
Når det gjeld misbruk av konto og betalingsinstrument, er fleirtalet også innforstått med at det er nytt at det vert innført eigenandel på kr 1 200 også for andre elektroniske betalingsinstrument enn kort. Vidare er fleirtalet innforstått med at eigenandelen ved misbruk av betalingskort vert heva frå dagens nivå på kr 800 til kr 1 200, ved grov aktlause aukast ansvarsbeløpet frå kr 8 000 til kr 12 000. Dette er ei svekking av forbrukaren sine rettar, men fleirtalet ser dette i samanheng med at det vert ei klar styrking av kundar si stilling ved at det vert fastsett ei avgrensing også ved misbruk i nettbank samt andre elektroniske betalingsinstrumenter også når kunden er grovt uaktsom, avgrensa til kr 12 000.
Fleirtalet peiker på at opplysningsplikta før avtaleinngåing vert utvida og det vert ei samordning med opplysningskrav etter angrerettslova ved fjernsalstilfella.
Fleirtalet er innforstått med at den utvida varslingsplikta ved endring av avtalar som aukar frå to veker til to månader, vil få økonomiske konsekvensar for institusjonane.
Fleirtalet vil peike på at det er viktig å få på plass reguleringar for dei tilfella der kunden sjølv gjer feil ved overføring, og er samd i forslaget som er framsett.
Fleirtalet er tilfreds med at forbrukaranes rettar vert styrka og at institusjonane blir erstatningsansvarleg for manglar i eige system som fører til at betaling ikkje kjem fram.
Fleirtalet peikar på at denne viktige saka kom seint til Stortinget for å få ei fullgod og grundig handsaming. Fleirtalet er likevel innforstått med at finansnæringa og kundane kan bli skadelidande dersom Noreg ikkje gjennomførar reglane i direktivet innan den fastsette fristen, og er også kjent med at dei fleste andre land som skal innføre reglane ikkje er komne lengre enn Noreg.
Fleirtalet viser til innspela frå Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) vedrørande feiltolking av innhaldet i betalingstenestedirektivet ved at direktivet sitt krav til Framework Contract og definisjon av kontoavtale vert sidestilt er diskutert og vurdert både av arbeidsgruppa, der FNH hadde eit medlem, og av Justisdepartementet. Fleirtalet er samd i den konklusjonen som Regjeringa er komen til.
Komiteen vil likevel peike på at dersom det vil vise seg i ettertid at direktivet skal tolkast annleis, så må ein komme attende til Stortinget med dette på dugeleg måte. Ei auka varslingstid ved nedsetjing av innskot frå to veker til to månader er i utgangspunktet positivt for kundane. Men bankane kan tilpassa seg f.eks. ved å bake inn denne risikoen i tilbydd rente, som då vert lågare for kundane, eller ved forskjellige referanserenter.
Komiteen meiner at transparens i finansnæringen er viktig. Derfor er nettstadar som finansportalen.no og liknande tiltak positivt og bidreg til eit fritt og opent marknad ved at kundane har nok og lett tilgjengeleg informasjon før dei vel tilbydar av banktenester. Komiteen er redd at privatkundar sin moglegheit til å skaffe seg informasjon vil verta vanskelegare dersom bankar og finansinstitusjonar i større grad nytter seg av referanserenter i rentesettinga si. Viss ulike marknadsaktørar nytter ulike variablar i referanserenter vil kundane sitt samanlikningsgrunnlag bli vesentlig forverra. Komiteen er likevel klar over at bruk av referanserente skjer alt i dag for eksempel Nibor – X pst. Komiteen trur likevel som Regjeringa at den norske finansnæringa er oppteken av at kundane faktisk skal ha samanliknbare innskotsrenter, og at dette ikkje vil bli eit problem.
Komiteen vil peike på at dagens oppgjersmetode mellom institusjonane har fungert godt. Det nye ligg i at det er mellom betalar og mottakar, og dette kan by på enkelte tekniske problem. Komiteen har forståing for at bankane kan trenge litt overgangstid når det gjeld avgjera med overføringstid for papirbaserte transaksjonar. Komiteen foreslår derfor følgjande overgangsavgjerd som ein setning som vert tilførd i lovvedtaket del IV pkt. 2 om overføringstid:
"IV
2. Frem til 1. januar 2012 kan betaleren og dennes institusjon ved unntak fra § 26 c første ledd første punktum avtale en overføringstid på høyst tre virkedager. Dette kan forlenges med en virkedag for papirbaserte betalingstransaksjoner. Bestemmelsene her gjelder ikke for innenlandske betalingstransaksjoner i norske kroner. Frem til 1. januar 2012 gjelder § 26 c første ledd tredje punktum ikke for papirbaserte betalingstransaksjoner."
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er svært kritiske til Regjeringen og regjeringspartienes saksbehandling knyttet til innføringen av dette EU-direktivet. Disse medlemmer viser til den korte tiden som er satt av til komitébehandlingen kombinert med at saken er omfangsrik og detaljert. Disse medlemmer er overrasket over at Regjeringen ikke tar slike viktige saker på alvor. Etter disse medlemmers oppfatning blir Stortingets rolle redusert til å være et verktøy for Regjeringen og ikke en reell lovgiver når saker blir behandlet på denne måten.
I denne forbindelse vil disse medlemmer vise til innspill fra Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) og Sparebankforeningen. Begge har påpekt svakheter med det fremlagte forarbeid fra Regjeringen og stiller spørsmål ved om Regjeringen har forstått innholdet i direktivet som skal innføres i norsk rett. Sparebankforeningen og FNH viser til at Regjeringens forslag går lengre for å oppfylle direktivet på enkelte punkter enn det andre europeiske land gjør. Videre viser de til at enkelte lovendringer faktisk vil bryte med direktivet.
Etter disse medlemmers oppfatning taler dette for at saken bør utsettes. Disse medlemmer ber uansett Regjeringen følge utviklingen etter implementeringen av reglene nøye og komme tilbake til Stortinget med nye forslag dersom utviklingen ikke blir som forutsatt.
På denne bakgrunn støtter disse medlemmer Regjeringens fremlagte lovforslag under tvil.