Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, fra Høyre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, viser til at proposisjonen inneheld framlegg til endringar i tvistelova med meir. Hovudføremålet er å leggje til rette for å gjennomføra ein konvensjon mellom Norge og EU, Danmark, Island og Sveits om domsmyndigheit og om anerkjenning og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker, Luganokonvensjonen 2007. I proposisjonen ber ein samstundes om samtykke til ratifikasjon av denne. Komiteen støttar føreslegne endringar og ratifikasjon.
Komiteen er samd med Regjeringa i at Luganokonvensjonen 2007 vert teken inn i tvistelova, som er den alminnelige lova om handsaming av sivile saker. Luganokonvensjonen frå 1988 var innteke i norsk rett gjennom ei eiga lov som no vert oppheva når den nye konvensjonen vert teken inn i tvistelova.
Komiteen er kjent med endringane frå Luganokonvensjonen 1988, bl.a. at i Luganokonvensjonen 2007 er EU gått inn som part i staden for kvar enkelt medlemsstat. Komiteen ser positivt på at konvensjonen dermed vert utvida til alle EU sine medlemsstatar som tek del i det indre justissamarbeidet. Også Storbritannia er tilslutta. Luganokonvensjonen 2007 avspeglar dessutan EF-domstolen si stilling som øvste domstol til å tolke Brussel 1 og Luganokonvensjonen 2007.
Komiteen viser til at korkje Luganokonvensjonen 1988 eller 2007 er ein del av EØS-avtalen, men at konvensjonen er eit viktig supplement til dei materielle rettar og plikter som følgjer av EØS-avtalen.
Komiteen vil til slutt peike på at Luganokonvensjonen sitt uttalte siktemål er å sørgje for eit rettslig rammeverk for EØS-samarbeidet, og at konvensjonen bygg på eit grunnprinsipp om dommars frie mobilitet.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa i endringane i straffeprosesslova om ei naudsynt modifisering av plikta til å sletta analyseresultat etter ein DNA-analyse basert på samtykke. Dette pålegget er ikkje teknisk mulig for Rettsmedisinsk institutt og komiteen støttar Regjeringa i at analyseinstituttet må verta unnateke sletteplikta, og støttar dermed den foreslegne endringa i straffeprosesslova.
Komiteen er innforstått med at siktemålet med den foreslegne endringa i utleveringslova er å retta opp ein inkurie, og støttar denne endringa.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet registrerer at Regjeringen nå følger opp endringene i Luganokonvensjonen. Disse medlemmer er imidlertid skuffet over at det tilsynelatende ikke skjer noen endringer i gjeldende rettstilstand på de områder hvor konvensjonen er for dårlig. I denne forbindelse vil disse medlemmer vise til Fremskrittspartiets forslag i Dokument nr. 8:38 (2008–2009) om endring av norske myndigheters håndtering av saker som gjelder internasjonal barnebortføring. Et viktig tiltak for å hjelpe norske barn og foreldre som opplever bortføring, er å sikre at utenlandske domstoler respekterer norske rettsavgjørelser om barnefordeling og samværsrett. Foreldre som har opplevd å få sitt barn kidnappet, opplever at deres rett til å ha barnet boende hos seg ikke blir respektert av andre lands domstoler.
Disse medlemmer vil peke på at Regjeringen hadde en utmerket mulighet til å gjøre noe med problemstillingen i forbindelse med revisjonen av Luganokonvensjonen, men har altså tilsynelatende ikke berørt denne problemstillingen overhodet. Det fremstår således som lite troverdig når regjeringspartiene sier at de fører en aktiv politikk på dette området. Disse medlemmer viser således til ett av forslagene fra nevnte Dokument nr. 8:38 (2008–2009) om at Stortinget ber Regjeringen gjennomføre revisjon av Luganokonvensjonen.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at norske myndigheiter fører ein aktiv politikk for å hindra internasjonale barnebortføringar og arbeidar aktivt for å bidra til ei løsning av desse vanskelege sakene. Fleirtalet vil understreke at det alltid er barnet sitt beste som skal vera hovudfokuset. Fleirtalet viser til brev av 12. mars 2009 (vedlagt) fra justisministeren vedr. barnebortføring, jf. Dokument nr. 8:38 (2008–2009), der det blant anna er ei oversikt over ei rekkje tiltak som Regjeringa har igangsett for å betre informasjonen og handteringa av barnebortføringssakene. Fleirtalet vil særlig trekkje fram etableringa av nettportalen www.barnebortføring.no til hjelp for foreldre som fryktar eller opplever barnebortføring, i tillegg til tiltak som er iverksett for å betre kompetansen blant dommere, politi og påtalemyndighet og advokater. Det vert også gitt fri rettshjelp i internasjonale barnebortføringssaker, og i 2006 ble rettshjelpsordningen endra slik at handsaminga av disse søknadene vert avgjort av Fylkesmannen i Oslo og Akershus for å sikra likebehandling og raskere saksbehandling.
Fleirtalet er kjend med ar Regjeringa arbeidar med eit høyringsnotat der det vert vurdert å innføra ei økonomisk ordning som gjev adgang til stans i offentlege ytingar, medrekna barnebidrag og barnebortføring.
Fleirtalet er også kjend med at det er oppretta både eit nasjonalt og eit nordisk samarbeidsforum for handtering av barnebortføringssaker.