Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Ola Borten Moe, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til Ot.prp. nr. 70 (2008–2009) om lov om tjenestevirksomhet. Loven gjennomfører Europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/123/EF av 12. desember 2006 om tenester i den indre marknaden (tenestedirektivet), som ei følgje av at Stortinget den 23. april 2009 ga sitt samtykke til at tenestedirektivet skal innlemmast i EØS-avtala.

Komiteen viser til Regjeringa si behandling av tenestedirektivet, jf. St.prp. nr. 34 (2008–2009). I tillegg viser komiteen til Stortinget sitt vedtak og dei enkelte parti sine merknader, jf. Innst. S. nr. 196 (2008–2009).

Komiteen har merka seg dei gjennomgangane som er gjort av alle departement for å avdekka dei konsekvensane tenestedirektivet vil ha for Noreg, og eventuelle behov for lovendringar som følgjer av direktivet. Gjennomgangane viste at det i liten grad er naudsynt med endringar i lovverket. Denne lova gjennomfører dei pliktene som følgjer av tenestedirektivet.

Komiteen merker seg at om lag 80 prosent av all norsk handel skjer med EØS-landa, og at den norske lova vil gjera det enklare å etablere seg og yte tenester i Noreg.

Komiteen viser til at det blir lagt til grunn at gjennomføring av tenestedirektivet i norsk rett ikkje har betyding for organisering og finansiering av offentlege tenester og for muligheitene for å løyse samfunnsmessige oppgåver gjennom offentleg sektor. Dette vert følgt opp i denne lova.

Komiteen viser til at det også blir lagt til grunn at tenestedirektivet ikkje endrar muligheitene til å sette i verk tiltak mot sosial dumping, og at Regjeringa sin innsats på dette området vil halde fram. I odelstingsproposisjonen peikar departementet på at ingen offentlege etatar har gitt innspel som tilseier at tenestedirektivet vil gjere det naudsynt med lov – eller praksisendringar på deira ansvarsområde på det arbeidsrettslege området.

Regjeringa tek sikte på at lova skal tre i kraft frå 28. desember 2009, som er fristen for å gjennomføre tenestedirektivet i norsk rett.