Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, er samd i dei føreslegne endringane i bilansvarslova slik at oppreisingserstatning vert omfatta av forsikringsordninga. Motorvognforsikringsdirektiva er allereie gjennomført i norsk rett. EFTA-domstolen la i ei rådgjevande utsegn 20. juni 2008 (Nguyen v. Noreg) til grunn at det er i strid med EU sine direktiv om motorvognforsikring å holde oppreising utanfor forsikringsdekninga. Justisdepartementet har etter dette sett det nødvendig å foreslå endring av bilansvarslova for å bringe norsk rett i samsvar med EØS-retten. Komiteen sluttar seg til dette.

Komiteen er kjend med at denne endringa kan medføra auka forsikringspremie for forsikringstakarane som følgje av auka utbetalingar frå forsikringsselskapa. Anslaget for auka premie er på ca. kr 26 pr. år pr. forsikring. Forsikringsselskapa vil i fleire tilfelle kunne inndrive utbetalingskostnaden ved regresskrav mot skadevaldaren, og det er først og fremst i dei tilfella skadevoldaren er utan betalingsevne, at tapet blir endeleg plassert hjå forsikringsselskapet.

Komiteen har ingen ytterlegare merknader.