Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om ei endring i sjøloven om avgrensing av ansvaret for krav som gjeld oppryddingstiltak etter sjøulukker (heving, fjerning m.m. av skip, last og bunkersolje). Framlegget går ut på at grensebeløpa vert auka til om lag det doble for skip på over 2 000 tonn. For skip opp til 2 000 tonn føreslår departementet ikkje noka endring. Bakgrunnen for framlegget er at ulukka med MS "Server" i 2007 har synt at det er behov for å auke ansvarsgrensene.

Det vert også gjort framlegg om endringar i sjøloven, som gjeld gjennomføringa av den internasjonale konvensjonen 2001 om erstatningsansvar for bunkersoljesølskade.

I tillegg gjer departementet framlegg om ei endring av tvangsfullbyrdelsesloven for å rette eit mistak som oppstod i vernetingsreglane då den nye tvisteloven tok til å gjelde.

Reglane om avgrensing av ansvaret i sjøloven kapittel 9 gjennomfører i utgangspunktet Londonkonvensjonen 1976 om begrensning av ansvaret for sjørettslige krav. Det er opna for at ein stat kan ta eit atterhald som unntar frå verkeområdet for konvensjonen visse slag tap knytta til vrakfjerning, opprensking og liknande etter sjøulukker. Noreg har teke eit slikt atterhald og står etter dette fritt til å regulere ansvaret for slike krav som atterhaldet femner om.

Ansvarsgrensa etter gjeldande rett er i utgangspunktet 2 000 000 SDR. For skip med tonnasje på meir enn 1 000 tonn aukar dette beløpet med 2 000 SDR for kvart tonn fra 1 001 tonn til 10 000 tonn, og med 500 SDR for kvart tonn over 10 001 tonn.

Ulukka med MS "Server", som gjekk på grunn i januar 2007 utanfor Fedje i Hordaland, har synt at dei nye ansvarsgrensene i sjøloven § 175 a truleg ikkje er høge nok til å gje full dekning i alle dei tilfella ein kan tenkje seg.

Justisdepartementet sende med dette som bakgrunn i februar 2008 ut eit høyringsbrev med framlegg om å auke grensebeløpa i sjøloven § 175 a. I høyringsbrevet la departementet til grunn at beløpa bør vere høge nok til å gje full skadebot i alle saker som ein kan tenkje seg. Departementet gjekk likevel ikkje inn for å innføre eit uavgrensa ansvar. I høyringsbrevet gjorde Justisdepartementet framlegg om å auke ansvarsgrensene i sjøloven § 175 a til om lag det doble av beløpa i dag.

Departementet føreslår etter høringsrunden å auke grensebeløpa i sjøloven § 175 a for skip på over 2 000 tonn, slik det vart gjort framlegg om i høyringsbrevet. Med dei nye beløpa som departementet gjer framlegg om, vert grensebeløpa om lag dobla.

Ein auke av grensebeløpa i sjøloven § 175 a vil betre dekninga av kostnader som styresmaktene eller andre har ved "hevning, fjerning, ødeleggelse eller uskadeliggjørelse av et skip som er sunket, strandet, forlatt eller blitt vrak, samt alt som har vært eller er om bord i skipet" og "fjerning, ødeleggelse eller uskadeliggjørelse av skipets last". Dette vil typisk vere kostnader til å fjerne last og olje om bord på skip som har havarert, og kostnader til fjerning av vrak og opprydding utanfor skipet av last eller drivstoffolje eller anna som har kome ut av skipet.

Departementet reknar med at ein auke i ansvarsgrensene ikkje vil gje nokon monaleg auke i forsikringskostnadene for skip som har ansvarsforsikring i P&I-systemet, men at framlegget likevel på sikt kan gje ein viss auke i desse kostnadene. For skip som har ansvarsforsikring utanfor P&I-systemet, kan forsikringskostnadene auke noko meir. Når det gjeld ein slik mogleg auke i forsikringskostnadene kan ein vanskeleg berekne kva dette kan føre til meir konkret, sett i høve til andre faktorar som har minst like stor eller større verknad for forsikringa.

Ved lov 21. desember 2007 nr. 21 vart det vedteke eit nytt avsnitt I i kapittel 10 i sjøloven, som gjennomfører den internasjonale konvensjonen 2001 om erstatningsansvar for bunkersoljesølskade (bunkerskonvensjonen). Reglane trådte i kraft 21. november 2008. Ordlyden i den nye § 183 tredje ledd gjennomfører definisjonen av "skip" i bunkerskonvensjonen. Departementet har vorte merksam på at ordlyden er utforma på ein slik måte at skyldnaden etter § 186 til å ha sertifikat vert snevrare enn det som følgjer av bunkerskonvensjonen. Utforminga av § 183 tredje ledd, slik det er vedteke, fører difor til at sertifikatplikta etter § 186 er for snevert avgrensa. Det er i alle høve naudsynt å oppfylle kravet i bunkerskonvensjonen artikkel 7.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å endre sjøloven § 183 slik at definisjonen i tredje ledd ikkje gjer unntak for skip som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen. Samstundes vert unntaket for skade som følgjer av bunkersutslipp frå slike skip, tatt inn i eit nytt tiande ledd i § 183.

Departementet har sett det slik at det ikkje har vore naudsynt å sende dette framlegget på høyring, men har i eit brev gjort dei som endringa i første rekkje kan ha verknader for, merksame på saka.

Endringa har ikkje verknad for den vurderinga av administrative og økonomiske konsekvensar av gjennomføringa av reglane i bunkerskonvensjonen som går fram av Ot.prp. nr. 79 (2004–2005).