Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Justis- og politidepartementet legg fram forslag til endringar i politilova. Det vert føreslege å endre funksjonstida til direktøren for Politidirektoratet ved at hovudregelen for åremål med seks års funksjonstid med høve til gjenoppnemning etter søknad éin gang i seks år, skal gjelde. Noverande politidirektør er for tida inne i sin treårsperiode, etter å ha blitt gjenoppnemnd etter sin første åremålsperiode på seks år. Som ei overgangsordning vert det føreslege å gje noverande politidirektør høve til, etter utlysing og innstilling, å få forlenga åremålet med inntil tre år. Departementet ønsker også å endre tittelen til direktøren for Politidirektoratet, til politidirektøren.
Lovendringa vil ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar.