Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om lov om Husbanken
Dette dokument
- Innst. O. nr. 53 (2008–2009)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 6 (2008–2009)
- Dato: 26.02.2009
- Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Kommunal- og regionaldepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag til ei ny lov om Husbanken. Forslaget skal erstatta lov 1. mars 1946 nr. 1 om Den Norske Stats Husbank. Proposisjonen byggjer på eit høyringsnotat utarbeidd av departementet og dei utsegner som er komne inn frå høyringsinstansane.
Lova skal vera ei fullmaktslov som gjev det formelle grunnlaget for styring og organisering av Husbanken. Forslaget endrar ikkje dei politiske oppgåvene som er lagde til Husbanken. Husbanken skal gjennomføra den politikken regjeringa fastset og som mellom anna vert vedteken i dei årlege statsbudsjetta. Dei økonomiske verkemidla som Husbanken rår over skal framleis ha si rettslege forankring i forskrifter.
Det offisielle namnet, "Den Norske Stats Husbank", vert føreslått erstatta med den korte og allment nytta versjonen "Husbanken", og dette skal nyttast i alle samanhengar.
Det vert føreslått ei eiga føresegn som framhevar dei oppgåvene Husbanken skal ha. Den viktigaste oppgåva er å fremja den statlege bustadpolitikken. Husbanken skal forvalta bustønad, låne- og tilskotsordningar og medverka til å formidla kunnskap innafor det bustadpolitiske området. Dernest skal departementet framleis ha høve til å gje Husbanken andre oppgåver, og det vert presisert at Husbanken kan ha oppgåver på andre statlege politikkområde, slik praksis er i dag.
Det vert føreslått at Husbanken skal vera eit statleg forvaltningsorgan under departementet, slik tilhøvet reelt sett er i dag. Husbanken skal ikkje lenger ha eit hovudstyre, men verta direkte styrt frå departementet. Dagens regionstyre vert erstatta med regionale råd. Råda skal vera eit bindeledd mellom Husbanken regionalt og andre aktørar, spesielt kommunane, og på den måten medverka til å utvikla og gjennomføra bustadpolitikken. Det er departementet som skal utnemna råda.
Dei regionale råda vil samla utgjera eit sentralt råd som såleis vil ha medlemer med røynsle frå praktisk gjennomføring av bustadpolitikk. Dette rådet skal ha som hovudoppgåve å gje departementet råd i store og prinsipielle saker og i utforming av bustadpolitikken.
Husbanken skal leiast av ein administrerande direktør som vert utnemnd av Kongen i statsråd. Gjeldande praksis med at Husbanken opptrer som part i rettssaker vert føreslått lovfesta.
Forslaget inneber at det er departementet som er klageinstans for dei vedtak om lån og tilskot som Husbanken gjer, men departementet kan gjera andre organ til klageinstans. Føresegna i forvaltningslova om klage skal elles gjelda.
Gjeldande lovføresegner om at verksemda til Husbanken vert finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet og ved lån frå staten vert førte vidare i den nye lova. Som ei følgje av at Husbanken vert eit forvaltningsorgan, er det ikkje lenger nødvendig med føresegner i lova om rekneskap, revisjon og kontroll av verksemda. Føresegnene om at Husbanken skal ha eit grunnfond og eit risikofond er føreslåtte oppheva.
Husbanken skal ikkje lenger kunna påleggja kommunane oppgåver i samband med handsaminga av husbanksaker. Det same gjeld retten til å påleggja kommunane å redusera eigedomsskatten på bustader med husbanklån.
Føresegna om at kommunane skal vera med å administrera ordninga med bustønad er føreslått vidareført.
Gjeldande føresegner om utlån vert føreslått forenkla, men utan at rettstilstanden vert endra. Dagens lovføresegner om sikring av utlån skal takast i forskrifter. For å gjera det klart at Husbanken har avgrensa fullmakter skal lova framleis ha føresegner om fastsetjing av lånevilkår, om utsetjing med tilbakebetaling og om gjeldsforhandlingar. Utlånsvilkåra som Husbanken kan tilby skal koma fram i forskrift. Gjeldande føresegner om at Husbanken kan ettergje krav som det er umogleg å krevja inn, vert vidareførte i ny lov.
Lovrevisjonen omfattar ikkje gjeldande lovreglar om bustønadordninga. Det føregår ein brei gjennomgang av bustønadordninga, der siktemålet er ei ny, forbetra og forenkla ordning. Inntil vidare vil dagens føresegner gjelda.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Tore Hagebakken, Saera Khan, Silvia K. Kosmo, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Bent Høie og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Anna Ceselie Brustad Moe, og fra Venstre, Vera Lysklætt, har merket seg at forslagene ikke endrer de politiske oppgavene som er lagt til Husbanken. Husbanken skal gjennomføre den politikken regjeringen fastsetter og som blant annet blir vedtatt i de årlige statsbudsjettene. Statsbudsjettet omhandler det politiske fundamentet for Husbanken, mens husbankloven utgjør det rettslige fundamentet til Husbanken. Det er det rettslige fundamentet som Ot.prp. nr. 6 (2008–2009) omhandler.
Komiteen viser til at Regjeringen foreslår at Husbanken skal være et statlig forvaltningsorgan under departementet, at hovedstyret avskaffes og at dagens regionstyre blir erstattet med regionale råd. Videre foreslås det å gjøre departementet til klageinstans for vedtak Husbanken gjør, og finansieringen av Husbanken skal fortsatt foregå ved bevilgninger over statsbudsjettet og lån fra staten.
Komiteen har ingen andre merknader og støtter Regjeringens forslag til endringer i lov om Husbanken.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener Husbanken er en viktig institusjon for forvaltning og gjennomføring av boligpolitikken. Husbanken bidrar til at virkemiddelbruken sees samlet og koordineres, samtidig som kommunene og byggenæringen får systematisk og dekkende informasjon. Disse medlemmer mener Husbanken skal være tilrettelegger, kunnskaps- og prosessutvikler overfor kommunal og regional sektor. Disse medlemmer støtter forslaget om å erstatte navnet "Den Norske Stats Husbank" med "Husbanken".
Disse medlemmer ser at Regjeringens forslag om å gjøre Husbanken til et forvaltningsorgan direkte underlagt departementet gir klarere rollefordeling. Disse medlemmer mener imidlertid at forslaget om å erstatte dagens nasjonale og regionale styrer risikerer å føre til mer, ikke mindre, uklarhet. Det er svært usikkert hva slike råds egentlige funksjon vil være når oppgaven består i å gi råd, ikke fatte beslutninger.
Disse medlemmer mener styrene har en viktig legitimerende funksjon for Husbankens virksomhet, blant annet fordi styremedlemmene i stor grad er politisk aktive. Styrene bidrar på den måten til å knytte viktige bånd mellom Husbanken og lokale politikere. Disse medlemmer vil også understreke at Husbankens styre arbeider etter klare mål og prioriteringer, og årlig kontrolleres av Riksrevisjonen.
På denne bakgrunn vil komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre stemme imot lovforslaget.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende
vedtak til lov
om Husbanken
§ 1 Oppgåver
Husbanken skal fremja bustadføremål i samsvar med overordna retningsliner.
Husbanken skal forvalta bustønad og låne- og tilskotsordningar og medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat innanfor sitt saksområde.
Departementet kan gje Husbanken andre oppgåver, medrekna å forvalta ordningar på andre område.
Departementet kan gje forskrifter om verksemda og verkemidla til Husbanken.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld på Svalbard. Departementet kan fastsetja særlege reglar ut ifrå tilhøva på staden.
§ 3 Tilknyting til staten
Husbanken er eit statleg forvaltningsorgan underlagt departementet.
§ 4 Leiing og organisering
Husbanken vert leidd av ein administrerande direktør som vert utnemnd av Kongen i statsråd.
Husbanken skal ha eit hovudkontor.
Departementet kan fastsetja at Husbanken skal ha regionkontor og kor dei skal liggja.
Departementet kan utnemna eit regionalt råd for kvart regionkontor. Det kan opprettast eit sentralt råd med representantar frå dei regionale råda. Departementet fastset mandat for råda.
§ 5 Partsevne
Husbanken opptrer som part på vegner av staten i søksmål som er knytte til verksemda.
Departementet kan i enkelte saker overta utøving av partsstillinga.
§ 6 Klage
Departementet kan fastsetja forskrift om særskild klageinstans for enkeltvedtaka til Husbanken.
§ 7 Finansiering
Verksemda og verkemidla til Husbanken vert finansierte ved løyvingar over statsbudsjettet og ved lån frå staten.
§ 8 Utlån
Lån i Husbanken vert forrenta etter føresegner som Stortinget fastset.
Departementet gjev forskrifter om tilbakebetaling av lån, rentesatsar, gebyr, o.l. Departementet kan òg fastsetja føresegner om gebyr i tilknyting til etablering og forvaltning av lån.
Husbanken kan gje utsetjing av betaling av renter og avdrag. Husbanken kan delta i gjeldsforhandlingar.
§ 9 Ettergjeving av krav
Husbanken kan ettergje krav om å betala tilbake lån, tilskot eller stønad, som ein må rekna med at det ikkje er mogleg å driva inn.
§ 10 Rett til statleg bustønad
Etter retningsliner som vert fastsette av Stortinget, skal det gjevast bustønad til personar som bur i visse grupper av bustader og som buutgiftene verkar særleg tyngjande for.
Utgiftene til bustønad vert dekte av staten og eventuelt av kommunane etter retningsliner som Stortinget fastset.
Stønadsordninga vert administrert av Husbanken og kommunane, om ikkje anna er fastsett av departementet. Departementet kan gje føresegner om at huseigarar skal medverka ved søknadshandsaming, kontroll og utbetaling.
§ 11 Overføring av krav på bustønad
Uforfallen fordring på bustønad kan berre overførast til kommunal styresmakt. Føresetnaden er at det vert gjeve tilskot til dekning av buutgifter for same tidsrom. Det same gjeld overføring av bustønad til dekning av lån eller avdrag og renter på lån som skal dekkja buutgifter.
Når særlege grunnar tilseier det, kan departementet samtykkja i at ein kommune trer inn i retten til bustønad, utan at det vert henta inn erklæring om overføring frå den som har rett til stønad. Føresetnaden er at kommunen gjev ytingar lik dei som er nemnde ovanfor.
§ 12 Utlevering av opplysingar
Når allmenne interesser tilseier det, kan departementet ved forskrift eller ved samtykke i dei enkelte tilfella fastsetja at opplysingane i bustønadregisteret kan brukast av anna offentleg styresmakt. Føresegna om teieplikt i forvaltningslova gjeld elles.
§ 13 Ikraftsetjing o.a.
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
Frå same tid vert lov 1. mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank oppheva.
Forskrifter gjevne i medhald av lov 1. mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank gjeld òg etter at lova her tek til å gjelda.
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 26. februar 2009
Tore Hagebakken | Saera Khan |
leder | ordfører |