2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, fra Høyre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, fra Senterpartiet, lederen Ola Borten Moe, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at det er lagt fram forslag til endring i lov av 20. juni 1986 nr. 35 om mesterbrev i håndverk og annen næring.
Komiteen viser til at meisterbrevloven gir meistertittelen lovvern, slik at berre dei med gyldig meisterbrev har rett til å bruke tittelen meister. Komiteen har merka seg at meisterbrevet ikkje er eit vilkår for å drive næringsverksemd i vedkommande fag, men at berre den som har meisterbrev på lovleg måte kan kalle seg og marknadsføre seg som meister. Komiteen er kjend med at Meistermerket er eit kvalitetsstempel, og er samd i at ein må slå ned på misbruk, då det øydelegg for dei seriøse meistarane at andre med urette brukar tittelen. Erfaringar med lova har vist at det er vanskeleg og tungvint å setje i verk sanksjonar for brot på regelverket på bakgrunn av eksisterande heimel, som krev at høvet blir meldt til politiet og rettskraftig dom. Komiteen viser til at lovendringa opnar for at misbruk av meistertittel og meistermerket kan sanksjonerast med eit gebyr for misleghald.
Komiteen har merka seg at det var brei støtte til lovendringa i høyringsrunden.