Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i aksjelova og allmennaksjelova.

Allmennaksjelova kapittel 13 har reglar om fusjon. Eit vedtak om fusjon blir gjort ved at generalforsamlinga i kvart selskap som tar del i fusjonen, godkjenner ein felles fusjonsplan. Det følgjer av allmennaksjelova at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ei utgreiing om fusjonsplanen. I proposisjonen foreslår Justisdepartementet at krava om utgreiing ikkje gjeld dersom alle aksjeeigarane er samde om det. Endringsforslaget får verknad også for fisjon.

Framlegget har bakgrunn i Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/63/EF, som gjer endringar i tredje selskapsdirektiv (78/855/EØF) om fusjon og sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon.

Tredje og sjette selskapsdirektiv gjeld berre for allmennaksjeselskap. Justisdepartementet gjer likevel framlegg om endringar også i aksjelova, då det ikkje er grunn til å ha andre reglar for aksjeselskapa enn for allmennaksjeselskapa på dette punktet.

Lovforslaget inneber ei forenkling av reglane om fusjon og fisjon og vil såleis ha positive økonomiske og administrative konsekvensar for næringslivet.

Lovforslaget gjeld privatrettslege reglar og vil ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.