3. Forslag fra mindretall
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
§ 2-4 skal lyde:
§ 2-4 Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livsynskunnskap
Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar.
Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal
gi kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv
gi kjennskap til evangelisk-luthersk kristendomsforståing og ulike kristne kyrkjesamfunn
gi kjennskap til andre verdsreligionar og sekulære livssyn
gi kjennskap til etiske og filosofiske emne.
Undervisninga i kristendoms-, religions og livssynskunnskap skal fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal presentere ulike religionar og livssyn på ein fagleg og sakleg måte ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.
Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Forslag fra Venstre:
Forslag 2
§ 2-4 skal lyde:
§ 2-4 Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk
Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte, og slik at kvar religion og kvart livssyn vert framstilt på ein fagleg og sakleg måte ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.