Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Omtale av skattefritaket for gjensidig brann- og husdyrforsikringsselskap

I medhald av skattelova § 2-30 første ledd bokstav h nr.1 har gjensidig brann- og husdyrforsikringsselskap med plan som er stadfesta av Kongen, fritak for skatteplikt.

Skattefritaket skriv seg frå skattelova av 1911. Formålet den gong var å gjere det mogleg for føretaka å byggje opp fond for å dekkje framtidig skade medlemma kunne bli råka av og å halde rimelege premiar for å få så mange som mogleg til å forsikre seg. Føretaka som var aktuelle, var små og gjerne lokalt basert, hadde berre konsesjon til å drive brann- og husdyrforsikring og hadde ikkje inntekt som formål. På 1970-tallet vart det opna for at føretaka også kunne drive annan type forsikringsverksemd.

Skattefritaket i § 2-30 bokstav h nr. 1 er i dag aktuelt for ca. 20 registrerte føretak med konsesjon til å drive brann- og husdyrforsikringsverksemd.

Ein endeleg lagmannsrettsdom frå 2001 legg til grunn at gjensidig selskap, som er å rekne som brann- og husdyrforsikringsselskap, er utan skatteplikt for inntekt og formue for all si verksemd – også for anna verksemd enn brannforsikring. Lagmannsretten uttala at føresegna gir einskilde selskap skattefordelar framfor andre selskap som driv liknande verksemd, og at dette kan leie til konkurransefordelar, men legg til at ein eventuell endring her må vere ei oppgåve for lovgjevar.

Det er i dag mange og ulike aktørar som tilbyr brann- og/eller husdyrforsikringar. Også norske aksjeselskap som ikkje er omfatta av fritaket i § 2-30, tilbyr brannforsikring. EØS-avtalen gjer det dessutan mogleg for forsikringsselskap i andre EØS-land, med konsesjon til å drive slik verksemd der, å tilby sine tenester i Noreg. Dette kan gjerast gjennom norske dotterselskap, gjennom filial av det utanlandske selskapet eller som grenseoverskridande verksemd i Noreg. Verken norsk filial av utanlandsk verksemd eller grenseoverskridande verksemd treng konsesjon i Noreg, dersom selskapet har tilsvarande konsesjon i heimlandet (innanfor EØS). Heller ikkje utanlandske selskap som tilbyr sine tenester her etter nemnde reglar, er femna av skattefritaket i skattelova § 2-30 første ledd. Fritaket har følgjeleg element av særbehandling som kan vere vanskelege å foreine med krava etter EØS-avtalen.

Ved innføring av fritak for gjensidig brann- og husdyrforsikringsselskap, var det få aktørar på denne marknaden. Omsyna som grunngav fritaket, dvs. å gjere det mogleg for selskapa å byggje opp fond, samt holde premiane låge slik at flest mogleg kunne forsikre seg, var langt meir aktuelle den gongen. Desse omsyna gjer seg ikkje gjeldande på same måten i dag. Dei aktuelle verksemdene har gjennom mange år bygd opp fond, slik at behovet for ytterlegere oppbygging av fond for å kunne halde gunstige vilkår for forsikringskundane ikkje lenger er til stades. I dag er behovet for brannforsikring allment akseptert og det er ikkje nødvendig med skattetiltak for å sikre at forsikringspremiane er så låge som mogleg.

Skattefritaket for gjensidig brann- og husdyrforsikringsselskap inneber ei uheldig konkurransevriding mellom ulike forsikringsselskap. I tillegg kan reglane vere problematiske på grunn av statsstøtteregelverket etter EØS-avtalen. Føresegna er dessutan uklar, og den opphavlege grunngjevinga for fritaket gjer seg ikkje gjeldande lenger. Departementet vil derfor vurdere å oppheve skattefritaket for gjensidig brann- og husdyrforsikringsselskap med verknad frå inntektsåret 2008, i samband med budsjettet for 2009.

Komiteen tek omtalen til orientering.