Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Endringar i reglane for private arbeidsoppdrag i heimen mv.

Departementet foreslår å auke grensa for fritak for arbeidsgivaravgift frå 50 000 kroner til 60 000 kroner ved anna arbeid i heim og fritidsbustad enn pass av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret og barn som har særleg behov for omsorg og pleie. Forslaget inneber ei endring i folketrygdlova § 23-2 sjuande ledd andre punktum. Provenyverknaden av endringa er ubetydeleg. Betaling for pass av barn under 12 år og barn med særleg behov er fritatt frå arbeidsgivaravgift.

Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag til endring i folketrygdlova § 23-2 sjuande ledd andre punktum.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har ingen problemer med å støtte forslaget om å øke grensen for fritak for arbeidsgiveravgift fra 50 000 kroner til 60 000 kroner. Disse medlemmer vil imidlertid uttrykke manglende tro på at dette vil ha noen merkbar effekt på bruken av såkalt svart arbeid. Disse medlemmer er av den oppfatning at skattetrykket i Norge er alt for høyt og derfor må reduseres kraftig. Disse medlemmer mener også at et kraftig skattekutt vil være et effektivt bidrag for å få ned bruken av svart arbeid.

Som hovudregel skal arbeidsgivarar gjere opp forskotstrekk i tomånadlege terminar. Private arbeidsgivarar, som betalar lønn for pass av barn under 12 år eller barn som har særleg behov for pleie og omsorg, kan gjere opp forskotstrekket ein gong i året (årleg oppgjer) når lønnsutbetalingane ikkje går over 60 000 kroner. For alt anna privat arbeid er grensa for å nytte årleg oppgjersordning 30 000 kroner. Departementet foreslår å auke denne grensa til 60 000 kroner. Endringa vil bli fastsett i forskrift når grensa for fritak for arbeidsgivaravgift er auka.

Komiteen tek omtalen til orientering.

Som eit alternativ til hovudregelen om terminvise oppgjer og den forenkla ordninga med årlege oppgjer, kan private arbeidsgivarar nytte ei anna forenkla oppgjersordning. Denne ordninga går ut på at arbeidsgivaren skal gi melding om og betale inn forskotstrekket til skatteoppkrevjaren samtidig med kvar enkelt lønnsutbetaling. Ved å nytte denne ordninga treng arbeidsgivaren ikkje opprette skattetrekkskonto og skaffe seg organisasjonsnummer. Departementet foreslår av forenklingsomsyn å auke grensa for når ein kan nytte forenkla oppgjersordning frå 50 000 kroner til 60 000 kroner. Endringa vil framgå av forskrift når grensa for fritak for arbeidsgivaravgift er auka.

Komiteen tek omtalen til orientering.