Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

I proposisjonen inngår:

  • Forslag til endringar i reglane for private arbeidsoppdrag i heimen.

  • Forslag til auking av fiskarfrådrag.

  • Forslag til endringar i reiarlagsskatteordninga.

  • Forslag til endring av betalingsordninga for petroleumsskatt.

  • Forslag til endring i heimel for likningsstyresmaktene til å innhente kontrollopplysningar om bruk av utanlandske betalingskort.

  • Forslag til endringar i likningslova for fiske- og fangstnæringa.

  • Omtale av skattefritaket for gjensidig brann- og husdyrforsikingsselskap.

  • Omtale av forholdet mellom pensjonsbegrepet og personinntektsbegrepet i skatteloven.

  • Forslag til oppretting av feil og klargjering av lovtekst.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Tom Rune Thorvaldsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Michael Momyr og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Morten Drægni, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at Regjeringa sine vurderingar og forslag er nærare omtala nedanfor i denne innstillinga og i Ot.prp. nr. 59 (2007–2008) Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Komiteen viser elles til at det generelt berre er eit samandrag av Regjeringa sine vurderingar og forslag som er referert nedanfor under dei enkelte punkta. Bakgrunnen for lovforslaga, gjeldande norsk rett, utanlandsk rett, høyringsnotat, høyringsfråsegner m.m. knytt til dei enkelte vurderingane og forslaga, er gjort nærare greie for i nemnde odelstingsproposisjon. Også nærare vurderingar knytt til lovforslaga er i nokon grad berre dels gjengjeven, eventuelt berre vist til.

Komiteen viser elles til sine merknader nedanfor under dei enkelte punkta og i Budsjett-innst. S. II (2007–2008) og Innst. O. nr. 270 (2007–2008) som vert avgjevne samtidig med denne innstillinga.