Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Bakgrunn for lovarbeidet

Ved kongeleg resolusjon vart det 14. mars 2003 oppnemnt eit utval for å gå gjennom gjeldande reglar om norsk regulering av fiske og fangst. Mandatet til utvalget, og bakgrunn og omsyn som havressurslovutvalet skulle leggje vekt på i arbeidet er utførleg omtala i proposisjonen.

Det vart oppretta ei referansegruppe av partar som saka vedkjem - departement og etatar, universitets- og forskingsmiljø, miljøorganisasjonar, regionale organisasjonar og representantar frå næringa. Referansegruppa har kome med innspel til utvalet undervegs.

Havressurslovutvalet leverte utgreiinga si 9. juni 2005. Utreiinga er trykt som NOU 2005:10. Det viktigaste i forslaget frå utvalet er utviding av lova sitt verkeområde frå tradisjonelt fiske og tradisjonell fangst til å omfatte all utnytting av alle viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale. Den 24. juni 2005 sende Fiskeri- og kystdepartementet NOU 2005:10 Lov om forvaltning av viltlevende marine ressurser på høyring. Høyringsfristen var 1. november 2005.

Departementet fann under arbeidet med ny havressurslov at det var nokre spørsmål som havressurslovutvalet ikkje hadde drøfta og som departementet ønskte å sende på høyring med sikte på regulering i havressurslova. I høyringsnotat av 7. juli 2006 gjorde difor departementet framlegg om føresegner i havressurslova om salslaga sitt ansvar for ressurskontroll og heimel for inndraging overfor landanlegg. Høyringsfristen var 1. september 2006.

Fiskeridirektoratet foreslo i høyringsfråsegna si til NOU 2005:10 at havressurslova skal ha reglar om sporing av fangst og registrering av førstehandsmottakarar, begge på grunn av omsynet til ressurskontroll og ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Felles for forslaga er at utvikling av slike reglar vil gjere styresmaktene i stand til å føre ein betre og meir effektiv ressurskontroll, og at forslaga dekkjer behov som allereie har oppstått. Departementet ønskte å følgje opp desse forslaga, og sende dei på høyring 31. oktober 2006. I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om heimlar i havressurslova til forskriftsføresegner om sporing av fangst og registrering av førstehandsmottakarar. Notatet vart sendt på høyring med høyringsfrist 22. desember 2006.

Komiteen merker seg at NOU 2005:10 Lov om forvaltning av viltlevende marine ressurser ble sendt på høring 24. juni 2005, og at Fiskeri- og kystdepartementet i høringsnotat av 7. juli 2006 gjorde fremlegg om bestemmelser om salgslagenes ansvar for ressurskontroll og hjemmel for inndragning overfor landanlegg. Komiteen merker seg at forslag om regler om sporing av fangst og registrering av førstehåndsmottakere ble sendt på høring 31. oktober 2006.