Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Vedlegg: Brev fra Fiskeri- og kystdepartementet v/statsråden til næringskomiteen, datert 12. mars 2008

Eg syner til brev frå næringskomiteen av 7. mars 2008 der departementet vert beden om å gjere greie for praksisen knytt til administrativ inndraging for ulike typar lovbrot. Departementet vert vidare beden om å gjere greie for fordelar og ulemper med å innføre eit proporsjonalitetskrav ved administrativ inndraging.

Eg legg til grunn at komiteen ønskjer ein oversikt over kva inndragingsvedtak gjeld ved ulike formar for lovbrot. Når det gjeld grunnlaget for administrativ inndraging, er det gjort greie for det i vårt brev av 5. mars til komiteen.

Generelt er det slik at den ulovlege eller ulovlege delen av fangsten skal ikkje fiskaren kunne behalde, og denne vert difor inndratt på objektivt grunnlag. Fiskarane får eit vederlag for å bringe fangsten i land, for å sikre at fangsten vert registrert og ikkje vert ulovleg dumpa på sjøen. Dette er grunnleggjande for å sikre at reguleringsføresegnene fastsette i eller i medhald av lova vert overhaldne.

Ved inndraging av fangst ut over kvote, som i dag vert gjort i medhald av saltvassfiskelova § 7, vert verdien av den delen av fangsten som er fiska ut over kvoten, inndregen. Det er naudsynt. Dersom det vert innført ein regel som gjer at fiskar får behalde delar av fangsten ut over kvoten, vil det reelt sett innebere at fartøya får ei auka kvote. Det vil ein i neste omgang måtte ta omsyn til ved fordeling av den nasjonale kvoten og gruppekvotane, slik at desse ikkje vert overfiska.

Ved inndraging av fangstverdi som følgje av for mykje bifangst etter saltvassfiskelova § 11 tredje ledd, vert verdien av den ulovlege delen av bifangsten inndregen. Dersom det er gjeven løyve til å ha 10 prosent bifangst av eit fiskeslag, og fiskar ved landing har 25 prosent bifangst, vert verdien av den ulovlege delen av bifangsten, altså 15 prosent, inndregen. Den lovlege delen av bifangsten, vert ikkje inndregen. I nokre tilfelle overstig "bifangsten" 50 prosent av fangsten. Dersom fartøyet ikkje har kvote på dette fiskeslaget, vert dette rekna som eit ulovleg direkte fiske. Då vert verdien av heile fangsten inndregen. Skiljet mellom bifangst og hovudfangst er det gjort nærare greie for i Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) kapittel 7.2.1 og 7.2.2.

Fordi vern av yngel er eit berande prinsipp i fiskeriforvaltninga, er det for mange fiskeslag fastsett reglar om den minste storleiken av fisk det er lov å hauste. Det vert gjort for å sikre ei berekraftig forvaltning, der det ikkje vert tatt for mykje småfisk. For at det skal vere mogleg å gjennomføre eit fiske, vert det i mange fiskeri fastsett reglar som gjer det tillate å ha noko fisk under minstemål i fangsten. Det er eit mål å halde innslaget av fisk under minstemål så lågt som mulig. Det vil på lang sikt gje ei høgast mogleg avkastning av ressursane. Difor vert heile verdien av fangsten inndregen når det er meir fisk enn tillate under minstemål i fangstane.

Komiteen ber om ei utgreiing av fordelar og ulemper med å innføre eit proporsjonalitetskrav ved administrativ inndraging av fangst.

Eg vil her understreke at det i utgangspunktet ikkje er heilt treffande å trekkje inn vurderingar av skuld og nytte omgrep som sanksjonar i drøftinga av administrativ inndraging. Eg vil vise til vårt brev av 5. mars der vi framheva at administrativ inndraging er inndraging av fangst som fiskaren har fiska ulovleg og ikkje har krav på å få behalde fordi fangsten er teken i strid med reglane fastsett i eller i medhald av saltvassfiskelova. Vedtak om inndraging vert gjort utan omsyn til om fiskaren har tatt den ulovlege fangsten med vilje eller ikkje, det vil seie på objektivt grunnlag.

Dersom ein vil innføre eit proporsjonalitetsprinsipp, vil det berre innebere at ein flytter skjeringspunktet mellom kva som er tillate og kva som ikkje er tillate. Dersom ein fiskar har fått litt fangst ut over kvote og ikkje har fått denne med vilje, har vedkommande reelt sett fått ein større kvote. På same måte vil ein flytte grensa for kva som er lovleg bifangst. Dersom grensa er 10 prosent, og ein aktsam fiskar får 20 prosent bifangst, skal han få behalde dette. Det vil reelt sett seie at ein har utvida bifangsten frå 10 til 20 prosent.

Innføring av eit proporsjonalitetsprinsipp ved administrativ inndraging av fangst vil innebere at ein i norsk fiskeriforvaltning forlet den praksis som vart innført i 1976, og som sidan har sikra ei effektiv handheving av særleg kvote- og bifangstreglar, ved at ein ved objektive og enkle reglar har sikra at desse reglane vert følgde, og at det ikkje skal vere mogleg å tene på brot på desse reglane.

Systemet med administrativ inndraging, byggjer som ovanfor nemnt på at fiskaren ikkje har krav på å få behalde den ulovlege eller ulovlege delen av fangsten. Denne grunntanken, er ein grunnleggjande føresetnad for den måten vi har innretta regelverket på i Noreg. Det gjeld også i høve til dei norsk reglane om utkastforbod, der fisken skal førast i land, uansett om fangsten er lovleg eller ikkje. Ei ilandføringsplikt vil kunne verte unødvendig komplisert å handheve ved innføringa av eit proporsjonalitetsprinsipp.

Ein berande tanke bak utforminga av reglane om administrativ inndraging er såleis at reglane og den måten ein handhevar reglane på, skal påverke framferda til fiskarane i ei retning som støttar opp under eit ønska uttaksmønster og ei berekraftig forvaltning. Det vart også framheva ved innføringa av heimelen til administrativ inndraging, der det i Ot.prp. nr. 39 (1975-76) vart uttala at det var eit stort behov for reglar om ulovlege fangstar, både av preventive og praktiske årsaker.

Konsekvensane av å innføre eit proporsjonalitetsprinsipp ved administrativ inndraging av fangst vil difor vere eit steg i feil retning i høve til det som er formålet med havressurslova, å sikre ei samfunnsøkonomisk og berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane, og å medverke til sysselsetjing og busetjing langs kysten.