Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Etter gjeldande rett kan overføring av burettslagsandel frå kommune og andre juridiske personar til deira leigarar, utløyse forkjøpsrett.

Departementet foreslår i proposisjonen at kommunar kan overføre ein kommunalt ått burettslagsandel til den som leiger den tilhøyrande burettslagsbustaden, utan at forkjøpsrett kan gjerast gjeldande. Etter departementet si vurdering kan forslaget bidra til at bustadmassen til kommunen blir utnytta på ein smidigare måte. Kommunen kan ved salet sikre at bustadene kjem leigarane til gode. Bebuarane kan dermed bli verande i det same bumiljøet utan å måtte flytte. Kommunen kan på si side bruke kjøpesummen til å kjøpe ein annan kommunal bustad for å overhalde dei bustadsosiale pliktene sine overfor andre. Ei liknande føresegn fanst i burettslagslova frå 1960, men ho blei oppheva då den nye burettslagslova tredde i kraft 15. august 2005. Fleire kommunar har etter dette slutta å overføre burettslagsbustader til sine leigarar i frykt for at forkjøpsrett kan gjerast gjeldande.

Eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget om å gjere unntak frå forkjøpsretten ved overføring frå kommune til dei som leigar av kommunen. Unntaket bør òg gjelde for andre som har eller kan ventast å få særlege oppgåver med å skaffe bustader til vanskelegstilte.

Etter departementet si vurdering inneber forslaget eit avgrensa inngrep i råderetten til andelseigarane, og i praksis kjem det truleg til å ta frå rettshavarane forkjøpsrett i mindre enn 1 pst. av overdragingane.

Departementet foreslår at det også blir gjort ei tilsvarande endring i eigarseksjonslova, slik at overføring av kommunalt ått bustadseksjon til leigaren ikkje skal utløyse eventuell forkjøpsrett.

Departementet foreslår å forby at avhendar av andel og ervervar kan avtale at ervervar av burettslagsandel skal betale eventuelle eigarskiftegebyr for å dekkje kostnadene som burettslaget har med å gjennomføre eigarskiftet.

Det er andelseigarane i burettslaget som bestemmer kor store slike gebyr skal vere. I praksis er det ofte forretningsføraren som tek imot gebyret for å gjere jobben for burettslaget, og då er prisfastsetjinga resultat av ei forhandling mellom burettslaget og forretningsføraren. Dersom andelseigarane sjølve må betale gebyret ved overdraging, har dei eit incitament til å halde gebyra på eit rimeleg nivå anten betalinga går direkte til burettslaget eller til forretningsføraren.

Departementet foreslår vidare ein smidig overgangsregel, slik at forbodet mot å avtale at kjøparen skal betale gebyret, berre får noko å seie for avtalar som blir inngått etter at lova her trer i kraft.

Departementet legg til grunn at det er ønskjeleg at flest mogleg lovleg etablerte bustadaksjeselskap blir omdanna til burettslag. Burettslagslova set forbod mot stifting av nye bustadaksjeselskap. Etter departementet si vurdering er ei omdanning frå vanleg aksjeselskap til bustadaksjeselskap i strid med forbodet i burettslagslova mot å stifte nye bustadaksjeselskap. Denne tolkinga er likevel omdiskutert.

Departementet ønskjer å avklare tvil om rekkjevidda av forbodet i burettslagslova mot å stifte nye bustadaksjeselskap. Departementet foreslår derfor at det blir presisert i burettslagslova at forbodet mot å stifte nye bustadaksjeselskap òg omfattar omdanning av vanlege aksjeselskap til bustadaksjeselskap. Ei slik presisering er, slik departementet vurderer det, i tråd med formålet med forbodsføresegna.

Departementet foreslår følgjande: Når ervervaren blir registrert som andelseigar i grunnboka, skal registerføraren på eige initiativ slette den registrerte buretten og overføre rettar i buretten til andelen. Det skal likevel ikkje gjerast dersom noko anna uttrykkjeleg går fram av dei registrerte rettane.

Departementet legg etter dette til grunn at pant i registrert burett gir rettsvern frå registreringsdatoen, og at denne prioriteten blir overført til andelen når andelen erstattar buretten som registreringsobjekt.

Forslaget om at kommunar kan overføre burettslagsandelane og bustadseksjonane sine til leigaren utan å utløyse forkjøpsrett, kan bidra til at bustadmassen til kommunen blir utnytta på ein smidigare måte.

Andre forslag vil verke klargjerande og kan dermed truleg bidra til færre konfliktar. Ein reknar elles ikkje med at forslaga får vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.