1. Samandrag
I proposisjonen føreslår Kultur- og kyrkjedepartementet lovendringar som gir auka fullmakter til Lotteritilsynet ved handheving av forbodet mot visse pyramideliknande omsetningssystem i lotterilova § 16. I praksis vert det føreslått å gi Lotteritilsynet uttrykkeleg lovheimel for gransking og synfaring i høve til selskap og personar som kan mistenkast for å drive ulovleg pyramideverksemd. Det vert også føreslått at Lotteritilsynet skal kunne krevje skriftleg stadfesting på at påviste overtredingar vil opphøre.
Forslaget vert framsett for å sikre at Lotteritilsynet er kompetent til å fungere som tilsynsorgan i samsvar med dei krav som vert stilt i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 (27. oktober 2004) om samarbeid mellom nasjonale myndigheter med ansvar for håndheving av forbrukervernlovgivning (samarbeidsforordninga). Det vert teke sikte på å innføre dei føreslåtte endringane innan 12. desember 2007.
Samarbeidsforordninga set som vilkår at alle EØS-land etablerer offentlege kontrollorgan for handheving av lovgiving som beskyttar forbrukarane sine interesser, og at det vert etablert eit forpliktande samarbeid mellom desse over landegrensene.
Formålet med forordninga er å nedkjempe grenseoverskridande lovbrot mot forbrukarane sine kollektive interesser og oppnå ein velfungerande indre marknad, samt å skape tilstrekkeleg tillit til marknaden mellom dei ulike aktørane.
Samarbeidsforordninga er inkorporert i marknadsføringslova § 9 h første ledd og er gjennomført i norsk rett frå 1. mars 2007.
Barne- og likestillingsdepartementet har oppnemnd Forbrukarombodet, Luftfartstilsynet, Medietilsynet, Statens legemiddelverk og Sosial- og helsedirektoratet som vedkommande myndigheit etter forordninga på sine fagområde, jf. marknadsføringslova § 9 h andre ledd og forordninga artikkel 4 nr. 1. Forbrukarombodet er også oppnemnd som sentralt kontaktorgan i Noreg for ivaretaking av forordninga.
Barne- og likestilingsdepartementet har i brev av 3. november 2006 tatt initiativ til at også Lotteritilsynet skal verte oppnemnd som vedkommande myndigheit ved handheving av forbodet mot visse pyramideliknande omsetningssystem.
I praksis vil ei slik oppnemning som "vedkommende myndighet " medføre at Lotteritilsynet kan sende førespurnad til andre handhevingsmyndigheiter i nettverket som vert etablert gjennom forordninga (gjennom Forbrukarombodet som sentralt kontaktorgan) for å få stansa ulovleg pyramidespillverksemd som har sitt utspring i andre EØS-land og som rammar norske forbrukarar. Tilsvarande vil Lotteritilsynet veære forplikta til å assistera utanlandske handhevingsmyndigheiter i nettverket med å stoppe pyramidespillverksemd som har sitt utspring i Noreg, men som rammar forbrukarar i andre EØS-land.
Alle høyringsinstansane som har kome med realitetsmerknader, er positive til at Lotteritilsynet vert oppnemnd som vedkommande myndigheit til å handheve forbodet mot pyramidespill etter samarbeidsforordninga.
Heimelen til å foreta kontrollundersøkingar vil vere eit nyttig reiskap for å sikre tilsynet tilgang på opplysningar i saker der det er rimeleg mistanke om brot på lotterilova § 16. Denne føresegna vil også kunne avlaste politi- og påtalemyndigheitene i desse sakene. Dersom det er ønskeleg å gjere beslag, vil likevel dette måtte følgje dei ordinære reglane i straffeprosesslova.
Det er departementet si oppfatning at gransking og synfaring gir kontrollmyndigheita tilgang til å sjå og lese dokumentasjon på staden der kontrollen vert gjennomført. Det bør også være høve til å ta kopi av dokumentasjon som er interessant. Dersom dokumentasjon og funn som vert gjort i seg sjølv skal takast med for vidare undersøking, krev dette enten samtykke frå den som blir kontrollert, eller vedtak om beslag etter straffeprosesslova, noko som krev bistand frå politiet. Som ledd i granskinga på staden bør kontrollorganet kunne krevje fullt innsyn i elektronisk lagra informasjon. Kontrollorganet bør kunne kopiere slik informasjon over på eige elektronisk lagringsmedium slik at informasjonen kan medbringast for vidare gransking.
Enkelte høyringsinstansar ber om presisering av kva type lokale som skal vere omfatta av høvet til å gjennomføra kontrollundersøkingar. Etter departementet si vurdering bør ordlyden reknast å omfatte ikkje berre forretningslokale, men også privatadresser.
Ingen av høyringsinstansane stiller seg negative til at Lotteritilsynet får heimel til å innhente opphørstilsegn ved mistanke om verksemd i strid med lotterilova § 16.
For å oppfylle samarbeidsforordninga sine krav er det tilstrekkeleg at dei utvida heimlane berre gjeld for saker som gjeld pyramidespill som vert tilbode over grensene innanfor EØS-området. Departementet finn på bakgrunn av dei innkomne høyringsmerknadene at det er tenleg at lovendringane vert gjort generelle, slik at Lotteritilsynet kan foreta kontrollundersøkingar og avkrevje skriftleg opphørstilsegn, uavhengig av om overtredingar av lotterilova § 16 er grenseoverskridande.