Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Kultur- og kyrkjedepartementet legg fram forslag om einskilde endringar i lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. (lotterilova) for å overføre visse oppgåver etter lotterilova frå politiet til Lotteritilsynet. Forslaget medfører at dei forvaltningssaker som politiet i dag handsamar med heimel i lotterilova, skal overførast til Lotteritilsynet. Lotterinemnda skal vere klageorgan for Lotteritilsynet sine vedtak i desse sakene.

Det vert gjort framlegg om at Lotteritilsynet får overført ansvaret for å autorisere lokalinnehavarar på steder der det vert avhalde lotteri og godkjenning av organisasjonar som berre skal arrangere bingo, samt ansvaret for å gjennomføra trekningar av etterhandstrekte lotteri med omsetning over 150 000 kroner.

Endringane vil ikkje få følgjer for lovens virkeområde eller føresegnene sitt innhald elles. Endringane skal berre legge til rette for ei administrativ overføring av politiet sine forvaltningsoppgåver etter lotterilova til Lotteritilsynet. Det vert teke sikte på at oppgåvene skal overførast innan 1. januar 2008.

Departementet syner til at høyringsinnspela stort sett er positive til den føreslåtte overføringa.

Departementet legg til grunn at ei samling av oppgåvene vil gjere det lettare å sikre lik forvaltningspraksis for like saker over heile landet. Sakshandsaminga kan på sikt også forventast å verte meir effektiv enn innanfor dagens modell, fordi sakshandsamarane blir meir spesialiserte og saksprosedyrane standardiserte. Når det gjeld trekning av lotteri, ser departementet at det ved enkelte høve kan vere behov for at dette finn stad lokalt. Av denne grunn føreslår departementet at det vert gitt fullmakt til å delegere myndigheit til å gjennomføra trekning til lokale styresmakter, herunder politiet, jf. forslaget § 8 andre ledd.

Samla sett meiner departementet at det vil vere føremålstenleg, både av omsyn til forvaltninga på lotteriområdet, av omsyn til publikum og av omsyn til politiet, å overføre forvaltninga av omtalte oppgåver etter lotterilova frå politiet til Lotteritilsynet.