Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

I Soria Moria-erklæringa heiter det at Regjeringa vil innføra ei enkel, generell lov som skal gje uttrykk for det ansvaret offentlege styresmakter har på kulturfeltet.

Framlegget om å innføra ei kulturlov går inn som eitt av fleire tiltak som Regjeringa har formulert i Kulturløftet. Målet er å styrkja kulturverksemd som samfunns- og politikkområde. Det eksisterer i dag ei rekkje lover som regulerer ulike delar av kulturområdet. Til skilnad frå desse er dette lovframlegget meint å vera ei generell lov, som understrekar det ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd.

Føremålet med ei slik generell kulturlov er å gje kultursektoren større tyngd og klårare status som offentleg ansvarsområde. Lova skal framheva det ansvaret offentlege styresmakter har for å leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Det er lagt til grunn at lova skal vera enkel utan detaljerte føringar for løyvingsnivå, prioriteringar eller organisering av kulturområdet i staten, fylkeskommunar og kommunar.

Lovframlegget tek omsyn til at utforming og gjennomføring av kulturpolitikken ikkje berre handlar om tilhøvet mellom stat, fylkeskommune, kommune og kulturlivet. Med aukande grad av globalisering vert utforming og gjennomføring av kulturpolitikken utfordra av internasjonalt avtaleverk som EØS og WTO. Lovframlegget kan også sjåast på som ei oppfølging av UNESCO-konvensjonen frå 2005 om å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk. Eitt av hovudmåla med konvensjonen er å sikra den retten enkeltland har til å utforma og gjennomføra ein aktiv kultur- og mediepolitikk for å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk.

Då den omfattande høyringsrunden for lovutkast og høyringsnotat var avslutta 1. februar 2007, hadde over 160 instansar kome med synspunkt på kulturlova. Det er så godt som samstemt tilslutnad til dei prinsippa som ligg til grunn for lovteksten. Fylkeskommunar og kommunar er nøgde med at lova er enkel og generell, og at ho gjev handlingsrom og fleksibilitet for å utforma og gjennomføra ein kulturpolitikk som er tufta på regionale og lokale føresetnader.

Mange institusjonar og organisasjonar meiner at lova ikkje går langt nok når det gjeld å gje konkrete føringar og pålegg om å følgja opp intensjonen i lova med økonomiske og andre ressursar. Her viser departementet til at føremålet med lova er å slå fast det ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd. Løyvingsnivå og organisatoriske løysingar skal derimot vera gjenstand for politiske vurderingar og prioriteringar.

§ 1 i lova inneheld føremålet, som er å stadfesta det ansvaret offentlege styresmakter har for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd. § 2 inneheld definisjonar av kva som kjem inn under omgrepet "kulturverksemd". §§ 3 og 4 konkretiserer at staten og høvesvis fylkeskommunar og kommunar skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for variert kulturverksemd. I § 5 vert det lista opp felles oppgåver for stat, fylkeskommunar og kommunar, og § 6 slår fast at Kongen bestemmer når kulturlova skal ta til å gjelda.

Ettersom det er tale om ei enkel lov utan detaljerte føringar for løyvingsnivå eller organisering, vil kulturlova ikkje ha direkte økonomiske eller administrative konsekvensar. Føremålet er likevel at kultursektoren skal styrkjast.

I diskusjonane om ei generell kulturlov har òg spørsmålet om grunnlovsfesting av kulturomsyn kome opp. Spørsmålet er særleg relevant i høve til dei internasjonale utfordringane. I denne omgangen gjev departementet berre ei generell vurdering av spørsmålet, m.a. tufta på dei synspunkta som har kome til uttrykk i høyringsrunden. Oppfølging av spørsmålet om eventuell grunnlovsfesting skal gjerast seinare.

Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vera ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kulturdimensjonen i alle delar av samfunnslivet. Kunst og andre kulturuttrykk har stor verdi i seg sjølve. Ei målretta satsing på kultur har samstundes stor innverknad på andre samfunnsområde som næringsutvikling og arbeidsplassar, integrering og inkludering, helse, læring og kreativitet. Regjeringa vil med Kulturløftet styrkja kulturfeltet med tanke på å heva den statusen kulturverksemd har som samfunns- og politikkområde. Målet er at 1 pst. av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014.

Framlegget om å innføra ei kulturlov går inn som eitt av fleire tiltak i Kulturløftet for å styrkja kulturverksemd som samfunns- og politikkområde. Det eksisterer i dag ei rekkje lover som regulerer ulike delar av kulturområdet. Til skilnad frå desse er dette lovframlegget meint å vera ei generell lov, som understrekar ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd.

Føremålet med ei slik generell kulturlov er å gje kultursektoren større tyngd og klårare status som offentleg ansvarsområde. Lova skal framheva det ansvaret offentlege styresmakter har for å leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Det er lagt til grunn at lova skal vera enkel utan detaljerte føringar for løyvingsnivå, prioriteringar eller organisering av kulturområdet i staten, fylkeskommunar og kommunar.

Når den varsla regionreforma er endeleg fastlagd, jf. St.meld. nr. 12 (2006-2007), kan det verta nødvendig å revurdera delar av lovgjevinga som vedkjem kulturfeltet.

Det finst fleire internasjonale konvensjonar som vedkjem kulturfeltet. FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (1966) gjeld som norsk rett. Artikkel 15 stadfester at alle har rett til å delta i kulturlivet. Ei generell kulturlov som slår fast det ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd, kan dermed gje einskildindivid reelle høve til å delta i kulturverksemd.

Debatten om kulturlov har først og fremst handla om tilhøvet mellom stat, fylkeskommune, kommune og kulturlivet. Med aukande globalisering vert utforming og gjennomføring av kulturpolitikk utfordra.

Etter departementets vurdering bør ei generell kulturlov òg ta omsyn til denne internasjonale dimensjonen og medverka til å sikra handlingsrom for ein nasjonal kulturpolitikk.

I diskusjonane om ei generell kulturlov har òg spørsmålet om grunnlovsfesting av kulturomsyn kome opp. Spørsmålet er særleg relevant i høve til dei internasjonale utfordringane. I meldinga gjev departementet ei generell vurdering av spørsmålet, m.a. tufta på dei synspunkta som har kome til uttrykk i høyringsrunden. Ei eventuell oppfølging av spørsmålet med tanke på å skriva inn kulturomsyn i Grunnlova skal gjerast seinare.

I drøftingane om dette spørsmålet har det vore hevda at ei grunnlovsfesting vil kunna markera verdien av kulturdimensjonen i det norske samfunnet og dermed vera ein grunnleggjande premiss for den plassen kulturpolitikken skal ha i det norske velferdssamfunnet. Slik sett vil det å grunnlovsfesta kulturomsyn vera ei klår og sterk viljesfråsegn.

I høyringsnotatet som ligg til grunn for framlegget til kulturlov, vert det presentert ulike problemstillingar som må vurderast, dersom det skal utarbeidast ei grunnlovsendring som gjeld kulturomsyn.

I høyringsnotatet vert det m.a. vist til eit argument om at grunnlovsfesting av kulturomsyn vil kunna gje politisk og rettsleg styrke når slike spørsmål kjem opp til drøfting og vurdering innanfor t.d. WTO. Det vert også vist til at ei grunnlovsføresegn om kulturomsyn vil kunna vera eit argument til støtte for den generelle europeiske posisjonen som er i tråd med UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald. Å grunnlovsfesta kulturomsyn vil vera eit sterkt politisk signal, også internasjonalt, som oppfølging av denne konvensjonen.

Grunnlovsfesting av språk- og andre kulturomsyn kan vera med på å styrkja grunnlaget for å utforma og gjennomføra tiltak for å verna, utvikla og fremja dei nasjonale språka.

Eventuell grunnlovsfesting av kulturomsyn vil måtta vurderast opp mot eksisterande grunnlovsføresegner med kulturpolitisk relevans.

Departementet konstaterer at det er generell støtte til å gå vidare med ei utgreiing som meir detaljert og konkret vurderer eventuell grunnlovsfesting av kulturomsyn. På dette stadiet tek ikkje departementet stilling til dei konkrete grunnlovsformuleringane som somme av høyringsinstansane har sendt inn. Det vil verta ein naturleg del av den vidare prosessen.

Departementet vil koma attende til desse spørsmåla seinare.

Føremålet med ei generell kulturlov er å gje kultursektoren større tyngd og status som offentleg ansvarsområde. Lova skal markera tydeleg det ansvaret offentlege styresmakter har for å leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Det er lagt til grunn at lova skal vera enkel og overordna utan detaljerte føringar for løyvingsnivå, prioriteringar eller organisering av kulturarbeidet i kommunar og fylkeskommunar. Ei lov som skulle fastsetja løyvingsnivå og/eller organisatoriske løysingar i kommunar og fylkeskommunar, ville i for høg grad ha gripe inn i det lokale sjølvstyret og verka i motsett retning av kommunelova, som generelt gjev kommunane monaleg fridom til sjølve å avgjera korleis dei skal organisera verksemda si. Nasjonale, kulturpolitiske fellesmål må avvegast mot kravet om kommunalt og fylkeskommunalt sjølvstyre.

I lovframlegget er det lagt vekt på at lovfesting ikkje må skapa firkanta rammevilkår som hindrar nødvendig tilpassing til lokale behov og kontinuerlege endringar i kultursektoren. Kulturpolitikken må heile tida kunna tilpassa seg ein sektor i rask endring og fanga opp nye behov. Både løyvingsnivå og prioriteringar bør difor vera gjenstand for politiske vedtak og ikkje bindast i lovs form.

Det er eit mål at lova skal medverka til å lyfta kulturområdet både når det gjeld status og økonomiske rammevilkår. Framlegget er tufta på ei avveging mellom på den eine sida behov for å påleggja fylkeskommunen og kommunen plikter, slik at lova skal kunna medverka til å lyfta kulturområdet, og på den andre sida behov for å ta omsyn til fleksibilitet og lokalt sjølvstyre.

Lovframlegget inneheld ikkje pålegg om spesifikk økonomisk oppfølging frå staten si side til kommunane og fylkeskommunane i form av øyremerkte statstilskot til kulturføremål. Statlege overføringar til kommunar og fylkeskommunar til kulturføremål inngår i dei generelle rammeoverføringane. Sidan det ikkje er aktuelt å endra rammeoverføringsprinsippet, er det heller ikkje aktuelt å forplikta staten til å gje spesifikke økonomiske garantiar for kulturverksemda. Prioritering innanfor budsjettrammene er eit fylkeskommunalt og kommunalt ansvar og privilegium.

Utkastet inneheld heller ikkje særskilde reglar om tilsyn og kontroll for å sikra at fylkeskommunen og kommunen oppfyller pliktene.

Lovframlegget tek omsyn til at utforming og gjennomføring av kulturpolitikken ikkje berre handlar om tilhøvet mellom stat, fylkeskommune, kommune og kulturlivet. Med aukande grad av globalisering vert utforming og gjennomføring av kulturpolitikken utfordra av internasjonalt avtaleverk som EØS og WTO.

Justisdepartementet har merkt seg den generelle og overordna innretninga som lovteksten har fått. Vidare seier departementet m.a.:

"Selv om lovutkastet ikke innebærer rettigheter eller plikter for innbyggerne, vil ikke Justisdepartementet fraskrive det enhver rettslig betydning. Lovutkastet vil kunne tenkes å styrke den rettslige relevans av kulturelle verdier ved forvaltningens skjønns­utøving i forskjellige sammenhenger."

Kultur- og kyrkjedepartementet sluttar seg til denne vurderinga frå Justisdepartementet.

Departementet konstaterer at det er sterk allmenn semje når det gjeld innretning og utforming av kulturlova. Så godt som alle høyringsinstansane meiner at lova er føremålstenleg for å fremja kulturverksemd. Ikkje minst er det viktig at fylkeskommunar og kommunar er så positive til lovutkastet. Dei er, saman med staten, hovudaktørar i det konkrete, politiske arbeidet med å følgja opp lova.

Ikkje uventa er det mange frå kulturlivet som etterlyser meir konkret omtale av dei ressursane som det offentlege skal stilla til rådvelde for å kunna gje substans til ei variert kulturverksemd. Fleire ønskjer at ressursbruken skal konkretiserast i lovteksten. Her har departementet frå første stund hatt ein tydeleg posisjon. Det er uaktuelt å bruka lova til å formulera konkrete eller detaljerte påbod om løyvingsnivå eller organisatoriske løysingar. Lova slår fast det grunnleggjande ansvaret som offentlege styresmakter har for kulturverksemd. Det er dessutan konkretisert ulike typar tiltak og verkemiddel som forvaltningsnivåa kan bruka for å oppfylla intensjonane i lova. Løyvingsnivå og organisatoriske løysingar høyrer derimot til dei oppgåvene som kontinuerleg må drøftast, vurderast og prioriterast i det politiske arbeidet. Det vil vera i direkte motstrid til den dynamikken og endringsviljen som ligg i kulturlivet, å bruka ei lov til å halda eit så viktig felt som kulturlivet borte frå den politiske debatten og dei politiske vurderingane som ligg til grunn for prioritering av ressursar. Samfunnet er ikkje tent med det, heller ikkje kulturlivet.

Frå kyrkjeleg hald, bl.a. frå Kyrkjerådet og nokre bispedømeråd vert det etterlyst ei meir eksplisitt omtale av kyrkja som aktør i kulturlivet på lik line med andre aktørar. Her vil departementet streka under at kulturlova sjølvsagt er heilt livssynsnøytral når det gjeld aktørar og kulturuttrykk. Aktivitetar og kulturuttrykk som har utspring i Den norske kyrkja eller andre livssynssamfunn, er omfatta av denne lova på same måten som andre kulturaktivitetar og kulturuttrykk er det. Korleis stat, fylkeskommunar eller kommunar vel å prioritera mellom ulike aktivitetar og uttrykk, vil vera resultat av politiske avgjerder. Men ingen kulturaktivitet eller kulturuttrykk vil med tilvising til kulturlova kunna hevda å ha førerett framfor andre.

Departementet vil visa til det som står i St.meld. nr. 26 (2003-2004) om korleis kulturpolitisk forankra tiltak kan vera med på å gje det såkalla infrastrukturkravet i Grunnlova konkret innhald. M.a. vert det vist til finansiering av institusjonar som arkiv, bibliotek og museum. Ordningar med støtte til innkjøp av litteratur er eit anna døme på korleis kulturpolitiske tiltak kan gje ytringsfridomen eit konkret innhald gjennom å sikra eit mangfald av litteraturuttrykk. Dette inneber likevel ikkje at hovudmålet med kulturpolitiske tiltak er å oppfylla ytringsfridom eller infrastrukturkravet i Grunnlova. Ytringsfridom er ein grunnleggjande føresetnad for ein kulturpolitikk som legg vekt på at mange kulturrøyster skal koma til orde. Men hovudmåla for kulturpolitikk vil likevel vera å gje einskildpersonar og grupper høve til å uttrykkja eller oppleva alle dei emosjonelle og intellektuelle kvalitetane og utfordringane som eit levande og variert kulturliv kan by på. Dette er kvalitative aspekt som går langt utover det å føra ei open og opplyst samtale eller å distribuera meiningsytringar. Kulturpolitikk har difor samfunnsmessige sider som støttar og fremjar ytringsfridom, men hovudperspektivet er retta mot verdiar som femner vidare enn ytringsfridom.

Departementet har i høyringsbrevet gjort det klårt at idretten ikkje skal omfattast av kulturlova.

Departementet har merkt seg innspela frå dei fylkeskommunale og kommunale aktørane om å integ­rera idrettsfeltet i kulturlova. Sidan det frå første stund har vore meininga å laga ei lov som ikkje omfattar idrettsfeltet, har det ikkje vore gjennomført nødvendig utgreiingsarbeid for å sjå på konsekvensane av eventuelt å la kulturlova også omfatta idrettsfeltet og friluftsliv. Det har medført at idrettsorganisasjonane heller ikkje har vore høyrde i spørsmålet. Det er difor uaktuelt for departementet å gå inn i ei realitetsvurdering av dette spørsmålet. Departementet vil såleis leggja fram lova i samsvar med dei opphavlege intensjonane.

Som del av høyringsfråsegnene om utkastet til kulturlov vert det frå museumshald teke opp spørsmålet om ei eiga museumslov. Departementet registrerer synspunkta, men går ikkje inn i ei realitetsvurdering i denne samanhengen.

Når det gjeld eventuell endring av oppgåvefordeling innanfor kulturfeltet i lys av arbeidet med regionalreforma, så vil departementet ikkje ta stilling til dette no. Når det ligg føre konklusjonar om regionalreforma, vil eventuelle konsekvensar for oppgåvefordelinga verta drøfta der og då.