3. Forslag fra mindretall
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om ny lov om friskoler som åpner for likebehandling mellom skoler uavhengig av eierskap, både hva gjelder økonomi og godkjenning av skoletilbud.
Forslag fra Høyre og Venstre:
Forslag 2
Lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) skal lyde:
Lov om frittståande skolar (friskolelova)
(Jf. lov 17. juli 1998 nr. 61. - Jf. tidlegare lover 13. juni 1969 nr. 24 § 14, lov 6. mars 1970 nr. 4, 14. juni 1985 nr. 73 (sjå lova her § 8-1).)
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
§ 1-1 Formålet med lova
Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar, mellom anna skolar oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar og skolar oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett § 2 nr. 2.
Opplæringa ved skolar som blir godkjende etter lova her, skal ta sikte på:
-
a) å utvikle personlegdommen, talentet og dei mentale og fysiske evnene til elevane,
-
b) å utvikle respekt for menneskerettane, grunnleggjande fridommar og for dei prinsippa som pakta til Dei sameinte nasjonane vernar om,
-
c) å utvikle respekt for foreldra og den kulturelle identiteten, språket og verdiane til eleven, for dei nasjonale verdiane i det landet der eleven bur, og respekt for kulturar som er ulike hans eller hennar eigen,
-
d) å førebu eleven til eit ansvarleg liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing, fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolk,
-
e) å fremje respekten for naturmiljøet.
Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
(Endra med lov 9. juni 2006 nr. 17.)
§ 1-2 Verkeområdet
Lova gjeld godkjenning med rett til offentleg tilskot for frittståande grunnskolar og frittståande skolar som gir vidaregåande opplæring, og vilkår for å få slikt tilskot.
Frittståande skolar er skolar som er i privat eige, og som blir godkjende etter denne lova.
Lova gjeld ikkje skolar som er omfatta av [lov 8. juni 1984 nr. 64]1 om folkehøgskolar, lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring eller skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12. Lova gjeld heller ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper eller parti på partipolitisk grunnlag.
(1 Opphevd med lov 6. desember 2002 nr. 72.)
§ 1-3 Definisjonar
Med heimkommune og heimfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret etter opplæringslova § 13-1 og § 13-3.
§ 1-4 Verksemda til skolen
Skolen kan ikkje drive anna verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Skolen kan likevel utføre tilknytte tenester med formål å styrke kvaliteten i det samla opplæringstilbodet.
Det skal framgå av skolen sine vedtekter at skolen sitt formål skal vere å tilby opplæringstenester.
Departementet kan etter søknad gjere unntak frå første ledd for verksemd som er nært knytta til skoleverksemda og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda.
For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, tek første ledd til å gjelde to år etter at lova er sett i verk.
(Føyd til med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 1-5 Forsøksverksemd
Departementet kan etter søknad frå ein frittståande skole gi løyve til at det blir gjort avvik frå lova og forskriftene etter lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk.
Kapittel 2. Godkjenning med rett til tilskot
§ 2-1 Godkjenning av grunnskolar
Frittståande grunnskolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk.
Departementet kan berre nekte godkjenning etter paragrafen her dersom etablering av skolen vil innebere ei vesentleg svekking av det offentlege skoletilbodet i vertskommunen eller vertsfylket på kort eller lang sikt. Departementet skal på førespurnad gi ei bindande førehandsuttale om etableringa vil bli nekta etter første punktum. Dersom førehandsuttala ikkje er gitt innan tre månader etter at førespurnaden er motteke, kan godkjenning ikkje nektast etter denne leden. Vertskommunen skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.
Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld ikkje norske frittståande grunnskolar i utlandet, internasjonale frittståande grunnskolar i Noreg og grunnskolar oppretta for funksjonshemma. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering, godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal frittståande grunnskole eller ein grunnskole for funksjonshemma blir godkjend, skal vertskommunen gi fråsegn i saka.
Skolen må være registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register.
For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, tek fjerde ledd til å gjelde frå det tidspunktet departementet fastset.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknad om godkjenning av ein frittståande grunnskole.
(Endra med lover 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004), 9. juni 2006 nr. 17.)
§ 2-2 Godkjenning av vidaregåande skolar
Frittståande vidaregåande skolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot.
Departementet kan berre nekte godkjenning etter paragrafen her dersom etablering av skolen vil innebere ei vesentleg svekking av det offentlege skoletilbodet i vertskommunen eller vertsfylket på kort eller lang sikt. Departementet skal på førespurnad gi ei bindande førehandsuttale om etableringa vil bli nekta etter første punktum. Dersom førehandsuttala ikkje er gitt innan tre månader etter at førespurnaden er motteke, kan godkjenning ikkje nektast etter denne leden. Vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.
Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld ikkje norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet, internasjonale frittståande vidaregåande skolar i Noreg og frittståande vidaregåande skolar oppretta for funksjonshemma. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering, godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal frittståande vidaregåande skole eller ein vidaregåande skole for funksjonshemma blir godkjend, skal vertsfylket gi fråsegn i saka.
Frittståande skolar som har til formål å gi vidaregåande yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, kan godkjennast etter reglane i kapittel 6A.
Skolen må være registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register.
For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, tek femte ledd til å gjelde frå det tidspunktet departementet fastset.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknad om godkjenning av ein frittståande vidaregåande skole.
§ 2-3 Innhald og vurdering
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Frittståande skolar skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 første ledd og § 3-4 første ledd. Ellers har skolen sin undervisningsfridom.
Departementet kan gi forskrifter om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 2-4 Undervisningsrom, utstyr og skolemiljø
Undervisningsrom og utstyr skal godkjennast av departementet.
Opplæringslova kapittel 9A gjeld også for skolar godkjende etter lova her. Departementet er klageinstans.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
Kapittel 3. Elevane
§ 3-1 Inntak av elevar
Dei frittståande skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar. Dette gjeld òg norske skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg.
Ved inntak til frittståande vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein frittståande vidaregåande skole. Norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.
Departementet kan gi forskrifter om inntak av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og om inntak av utanlandske søkjarar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Når det gjeld skolar for funksjonshemma, kan departementet gi dispensasjon frå reglane i andre ledd.
(Endra med lover 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004), 17. juni 2005 nr. 105 (i kraft 17. juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660).)
§ 3-2 Rett og plikt til opplæring
Elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova, oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.
Elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova, nyttar retten sin til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 og § 4A-3.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 3-3 Skolegangen
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend. Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein grunnskoleelev i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Opplæringslova § 2-1 tredje ledd om utsett skolestart og tidlegare skolestart og § 2-1 fjerde ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre skoleåret eller vedkomande kurs med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval gjeld tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Fylkeskommunen gjer vedtak.
§ 3-4 Tilpassa opplæring
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.
§ 3-5 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
Elevar ved grunnskolar godkjende etter denne lova som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Heimkommunen til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring. Departementet er klageinstans.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
(Endra med lov 2. juli 2004 nr. 69 (i kraft 1. september 2004, etter res. 2. juli 2004 nr. 1064).)
§ 3-6 Spesialundervisning og PP-teneste
Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa gjeld tilsvarande.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven, jf. § 1-3, sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering, gjer vedtak om spesialundervisning og dekkjer utgiftene til slik opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kven som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning.
Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning.
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta i vertskommunen skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje betre til rette for elevar med særlege behov.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 3-7 Skyss m.m.
Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7-2 første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7-3 om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7-4 om reisefølgje og tilsyn. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i frittståande grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar i frittståande vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13-4. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen. Fylkeskommunen er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.
Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering for elevane. Departementet kan gi forskrifter om utrekning av skyssavstanden og utgiftsgrunnlaget for skyss og innlosjering.
Departementet kan gi forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle, og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 3-8 Helsetilsyn
Forskrift gitt i medhald av lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane § 1-3 fjerde leddSkal vera femte leden. gjeld for elevar i frittståande skolar. Kommunen der skolen ligg, har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta i samsvar med gjeldande lov. Kommunane skal dekkje utgifter for helsetenesta ved frittståande skolar etter same reglar som for offentlege skolar.
§ 3-9 Ordensreglement og liknande
Kvar skole skal ha eit reglement med reglar om elevane sine rettar og plikter så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.
Reglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
§ 3-10 Bortvising av elevar og tap av rettar
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga. På klassetrinna 1-7 kan elevar visast bort for enkelttimar eller for resten av dagen, og på klassetrinna 8-10 kan elevar visast bort i inntil tre dagar. Elevar i vidaregåande opplæring kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege leiaren av skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.
Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av fylkeskommunen visast bort for resten av skoleåret. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til skolen å gjere vedtak etter leddet her om bortvisning eller tap av retten til vidaregåande opplæring.
Manglande betaling av skolepengar kan føre til bortvising.
Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om bortvising og tap av retten til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
(Endra med lov 17. juni 2005 nr. 105 (i kraft 17. juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660).)
§ 3-11 Rådgiving
Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet kan gi nærare forskrifter.
§ 3-12 Fritak frå aktivitetar m.m.
Opplæringslova § 2-3 a gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar godkjende etter lova her. Retten til fritak frå aktivitetar m.m. gjeld likevel ikkje for elevar i grunnskolar som er oppretta av religiøse eller etiske grunnar. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter bestemmelsen.
§ 3-13 Permisjon frå den pliktige grunnskoleopplæringa
Når det er forsvarleg, kan skolen etter søknad gi den enkelte eleven i grunnskolen permisjon i inntil to veker.
Kapittel 4. Personalet i skolen
§ 4-1 Leiing
Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.
Skolen skal ha ein dagleg leiar.
§ 4-2 Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av § 10-1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første og andre ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som representerer eit fagleg-pedagogisk alternativ, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei som følgjer av § 10-1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som representerer eit religiøst/etisk alternativ, kan departementet også godkjenne tilleggskompetansekrav til dei som følgjer av § 10-1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova §§ 13-3 og 13-4.
(Endra med lover 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004), 17. juni 2005 nr. 62 (i kraft 1. januar 2006, etter res. 17. juni 2005 nr. 609).)
§ 4-3 Krav om politiattest
Den som skal tilsetjast i ein grunnskole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette.
Styret kan krevje politiattest etter første ledd også for andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen.
Den som skal tilsetjast i ein vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep.
Departementet kan gi nærare forskrifter.
(Endra med lov 17. juni 2005 nr. 105 (i kraft 17. juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660).)
§ 4-4 Lønns- og arbeidsvilkår
Ved skolar som er godkjende etter denne lova, skal undervisningspersonalet ha rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
Kapittel 5. Styrings- og rådsorgan
§ 5-1 Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter. Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:
-
a) ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
-
b) ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
-
c) ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
-
d) ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
-
e) ein representant for andre tilsette ved skolen,
-
f) dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilte tilfelle gi dispensasjon frå bokstavane a til f.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.
(Endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 5-2 Styret sine oppgåver
Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Styret skal:
-
a) sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn,
-
b) fastsetje storleiken på skolepengane,
-
c) vedta skolen sitt budsjett og ha ansvar for rekneskapen,
-
d) fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
-
e) fremje saker om flytting etter § 3-3 første ledd og bortvising etter § 3-10 andre ledd,
-
f) ha det øvste økonomiske ansvaret for skolen si drift,
-
g) sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode,
-
h) sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte.
-
i) sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
Styret skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i gjeldande lover og forskrifter, og føresetnadene for godkjenninga blir oppfylte. Styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 7-2 femte ledd.
I andre saker enn dei som følgjer av andre og tredje ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.
(Endra med lover 2. juli 2004 nr. 69 (i kraft 1. september 2004, etter res. 2. juli 2004 nr. 1064), 17. juni 2005 nr. 105 (i kraft 17. juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660).)
§ 5-3 Elevråd
Ved grunnskolar skal det vere elevråd for klassetrinna 5-10 med ein representant for kvar klasse. Alle vidaregåande skolar skal ha eit elevråd på minst 5 medlemmer med varamedlemmer.
Elevrådet blir valt av elevane ved skriftleg røysting. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
Elevrådet skal blant anna fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skolemiljø.
§ 5-4 Foreldreråd
Ved kvar grunnskole skal det vere foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar
§ 6-1 Offentlege tilskot til grunnskolar
Frittståande grunnskolar som er godkjende etter § 2-1 får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen. Dette gjeld likevel ikkje skolar oppretta for funksjonshemma, sjå § 6-6.
-
1. Grunnskolar får tilskot av staten med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst. av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar. Tilskotet vert rekna ut på grunnlag av ein normalsats pr. elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskulen til dei typar utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget, leggjast til grunn. Det skal likevel takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg og utgiftene på landsbasis.
Departementet kan gi forskrifter.
-
2. Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst. av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar. Tilskotsgrunnlaget blir fastsett av Stortinget. Tilskotet blir knytt til ein normalsats pr. elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskolar i Noreg.
Skolane får statstilskot med 85 pst. til skyss og innlosjering. Departementet gir forskrifter om utrekning av skyssfråstand og utgiftsgrunnlag for skyss og innlosjering.
(Endra med lover 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6-2 Elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan
-
a) gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande verken når skolen er i drift eller om drifta opphørar,
-
b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. Transaksjonar mellom skolen og skolen sine eigarar eller deira nærståande skal byggje på vanlege forretningsmessige vilkår og prinsipp.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som fullt ut dekkjer driftsutgiftene, kan ikkje krevje inn skolepengar.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 pst. av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset, jf. § 6-1, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Dersom skolen har driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået ved ein tilsvarande offentleg skole i kommunen det er naturleg å samanlikne seg med, men som ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget, kan styret søkje departementet om å få godkjent høgare skolepengar. Skolen kan ikkje krevje noka form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.
Departementet kan gi forskrifter, mellom anna om krav om vedtektsfesting av forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd bokstav a, samt gi nærare forskrift om adgang til og vilkår for å inngå avtale med oppdragstakarar (utkontraktering).
(Endra med lover 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6-3 Offentleg tilskot til vidaregåande skolar
[Offentleg tilskot til]Desse orda vart føyde til med lov 26 nov 2004 nr. 74, truleg ved ein inkurie. frittståande vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2, får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen. Dette gjeld likevel ikkje skolar oppretta for funksjonshemma, sjå § 6-6.
-
1. For vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2, blir 85 pst. av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
-
2. Godkjende norske vidaregåande skolar i utlandet får statstilskot med 85 pst. av ein normalsats pr. elev. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
Departementet kan gi forskrifter.
(Føyd til med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6-4 Elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar for elevar i vidaregåande skolar.
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan
-
a) gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande verken når skolen er i drift eller om drifta opphører,
-
b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigendom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. Transaksjonar mellom skolen og skolen sine eigarar eller deira nærståande skal byggje på vanlege forretningsmessige vilkår og prinsipp.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som fullt ut dekkjer alle driftsutgifter, kan ikkje krevje inn skolepengar.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 pst. av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset, jf. § 6-3, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Dersom skolen har driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået ved ein tilsvarande offentleg skole det er naturleg å samanlikne seg med, men som ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget, kan styret søkje departementet om å få godkjent høgare skolepengar.
Departementet kan gi forskrifter, mellom anna om krav om vedtektsfesting av forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd bokstav a, samt gi nærare forskrift om adgang til og vilkår for å inngå avtale med oppdragstakarar (utkontraktering).
(Føyd til med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), endra med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6-5 Offentleg tilskot til kompletterande undervisning og skolepengar
Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til kompletterande undervisning. Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til delvis dekning av skolepengane. Departementet kan gi forskrifter.
(Endra med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), endra paragraftalet frå § 6-3.)
§ 6-6 Offentleg tilskot til skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma blir alle driftsutgiftene dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.
(Endra med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003), endra paragraftalet frå § 6-4.)
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
(Kapittelet føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6A-1 Godkjenning av skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
Departementet kan etter ei samla vurdering godkjenne vidaregåande skolar i Noreg som har til føremål å gi yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar. For skolar godkjende etter paragrafen her, gjeld reglane i dette kapitlet.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknad om godkjenning av ein skole etter reglane i denne paragrafen.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74 (i kraft 1. desember 2004), endra med lov 9. juni 2006 nr. 17.)
§ 6A-2 Innhald og vurdering
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planane kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolen skal ha læreplanar som er på nivå med planar for offentleg vidaregåande opplæring.
Departementet kan gi forskrifter om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74 (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6A-3 Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar.
Ved inntak skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Skolane kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Departementet kan gi forskrifter om inntak av utanlandske søkjarar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Når det gjeld skolar for funksjonshemma, kan departementet gi dispensasjon frå reglane i andre ledd.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6A-4 Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar godkjende etter § 6A-1, fastset styret krav til kompetanse, dersom departementet i det einskilde tilfellet ikkje har fastsett noko anna.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova §§ 13-3 og 13-4.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74 (i kraft 1. desember 2004), endra med lov 17. juni 2005 nr. 62 (i kraft 1. januar 2006, etter res. 17. juni 2005 nr. 609).)
§ 6A-5 Lønns- og arbeidsvilkår
Ved skolar godkjende etter § 6A-1 fastset styret lønns- og arbeidsvilkåra.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6A-6 Bortvising
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga. Elevar kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege leiaren av skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven.
Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av styret visast bort frå resten av det kurset eleven er teken inn på.
Manglande betaling av skolepengar kan føre til bortvising.
Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal skolen vurdere andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6A-7 Andre føresegner
For skolar som er godkjende etter § 6A-1 gjeld
§ 1-1 om formålet med lova
§ 1-2 om verkeområdet
§ 1-4 om verksemda til skolen
§ 2-2 femte og sjette ledd om registrering i Einingsregisteret
§ 2-4 om undervisningsrom, utstyr og skolemiljø
§ 3-3 tredje ledd om skolegangen, jf. § 6A-6
§ 3-4 om tilpassa opplæring
§ 3-8 om helsetilsyn
§ 3-9 om ordensreglement og liknande
§ 3-11 om rådgiving
§ 4-1 om leiing
§ 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a) og c)
§ 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a) og e)
§ 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første punktum
§ 7-1 om budsjett, rekneskap og revisjon
§ 7-2 om tilsyn m.m.
§ 7-3 om teieplikt
§ 7-4 om opplysningsplikt til barneverntenesta
§ 7-5 om opplysningsplikt til sosialtenesta.
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004).)
§ 6A-8 Offentleg tilskot
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan
-
a) gi utbyte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller ved opphør av drifta
-
b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande, eller på annan måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. Transaksjonar mellom skolen og skolen sine eigarar eller deira nærståande skal byggje på vanlege forretningsmessige vilkår og prinsipp.
For skolar godkjende etter § 6A-1 blir 75 pst. av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst svarer til eit halvt skoleår. Skolar for funksjonshemma får tilskot etter § 6-6.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 25 pst. av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset, jf. § 6-3, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Styret kan søkje departementet om å få godkjend høgare skolepengar dersom skolen har driftsutgifter som ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget.
Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om offentleg tilskot, samt gi nærare forskrift om adgang til og vilkår for å inngå avtale med oppdragstakarar (utkontraktering).
(Føyd til med lov 26. november 2004 nr. 74, sjå III i den lova (i kraft 1. desember 2004), endra med lov 17. juni 2005 nr. 105 (i kraft 17. juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660).)
Kapittel 7. Diverse
§ 7-1 Budsjett og rekneskap
Skolane må leggje fram budsjett, rekneskap og revisjon etter forskrifter fastsette av departementet.
(Endra med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003).)
§ 7-2 Tilsyn m.m.
Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon.
Dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.
Departementet kan halde attende tilskotet eller dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova, vilkår i forskrifter gitt med heimel i lova eller føresetnadene for godkjenninga ikkje blir fylte. Departementet kan óg krevje attende for mykje utbetalt tilskot, og tilskotsmidlar som er brukte i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga.
Ved opphør av skoledrifta kan departementet i alle tilfelle krevje tilbakeført gjenståande midlar som skriv seg frå det offentlege tilskotet.
Departementet kan gi forskrifter som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemd etter denne lova og dei som mottar slik opplæring å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova.
(Endra med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003).)
§ 7-3 Teieplikt
Reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld ved behandling av saker etter denne lova.
§ 7-4 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester, skal personalet gi slike opplysningar.
§ 7-5 Opplysningsplikt til sosialtenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.
§ 7-6 Straffeansvar
Dersom ein elev i grunnskolen utan å ha rett til det har fråvær frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.
Kapittel 8. Sluttføresegner
(Overskriften føyd til med lov 4. juli 2003 nr. 85 (i kraft 1. oktober 2003).)
§ 8-1 Iverksetjing
Lova tek til å gjelde straks.