Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Fiskeri- og kystdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endring i lov om havner og farvann 8. juni 1984 nr. 51.

For å kunne oppfylle pliktene etter EØS-avtalen er Noreg pålagt å implementere EU-direktiv 65/2005 om betre hamnesikring og EU-forordning 884/2005 om inspeksjonar innan maritim sikring og terrorberedskap. Det er i denne samanhengen behov for endringar i lov om hamner og farvatn for å sikre tilstrekkeleg heimel til å implementere direktiv 65/2005 og forordning 884/2005.

Det er usikkert når den nye lova kan tre i kraft, medan EU-regelverket skal vere implementert innan 15. juni. Det er derfor behov for å gjere enkelte endringar i gjeldande lov om hamner og farvatn.

FN sin sjøfartsorganisasjon, IMO, vedtok i desember 2002 eit nytt internasjonalt regelverk om tryggleik og terrorberedskap for skip i internasjonal fart og hamner som tek imot desse, International Ship and Port Facility Security Code (ISPS-koden). ISPS-koden blei vedteken på IMO sin diplomatkonferanse 12. desember 2002 som ein direkte følgje av terrorhandlingane mot USA 11. september 2001. Koden er ein del av eit større regelverk som blei innlemma som eit nytt kap. XI-2 i The International Convention for the Safety of Life at Sea (SOLAS). Formålet med koden er å etablere eit internasjonalt rammeverk for å førebyggje og hindre terrorisme og terrorhandlingar mot skip og hamner.

IMO sitt regelverk er implementert i EU-landa gjennom forordning om styrkt terrorsikring av skip og hamneterminalar (forordning 725/2004).

EU på si side ynskjer ytterlegare terrorsikring av hamner utover IMO sitt regelverk, og vedtok derfor direktiv 65/2005 i oktober 2005. Formålet med direktivet er å sikre dei delane av hamna som ikkje allereie er omfatta av forordning 725/2004.

I juni 2005 vedtok EU-kommisjonen vidare forordning 884/2005, som regulerer inspeksjonar innan maritim sikring og terrorberedskap.

Lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v. har ikkje tilstrekkeleg heimel til å implementere delar av direktiv 65/2005 og forordning 884/2005, og dette gjeld særleg føresegner om kroppsvisitasjon og fysisk gjennomgang av bagasje og gods. Lova gir heller ikkje Kystverket heimel til å krevje gebyr for myndigheitsoppgåver knytt til terrorsikring av hamner.

For Svalbard vil implementering av dei nye internasjonale reglane skje gjennom ei endring av gjeldande forskrift.

Eit forslag til revidert lov om hamner og farvatn blei sendt på høyring 21. desember 2006, jf. punkt 3 i proposisjonen. Utkastet inneheld også forslag til heimlar som er nødvendige for å gjennomføre forordninga og direktivet som nemnde ovanfor.

I utkastet til revidert lov om hamner og farvatn, som er ute på høyring, blir det foreslått å heimle forskrifter om terrorberedskap i hamner i ein ny paragraf.

Det er rundt 550 hamneterminalar som er omfatta av gjeldande regelverk. Departementet ventar at det nye regelverket vil gjelde rundt 220 norske hamner.

Kostnadene ved å innføre sikringstiltak og terrorberedskap i hamner og på skip er omfattande.

I tråd med gjeldande finansieringsprinsipp for maritim infrastruktur er det lagt opp til at sikringstiltaka blir betalte av dei som bruker hamnene.

Fiskeri- og kystdepartementet meiner at Kystverket må ha ei fast organisering av oppgåvene med hamnesikring, og det er vedteke at brukarane frå og med 2007 skal dekkje kostnadane til etaten i samband med dette. Det er lagt opp til at kostnadene blir dekt inn gjennom eit årleg flatt gebyr for kvar einskilde hamneterminal som er omfatta av regelverket. Kystverket sitt arbeid med sikring og terrorberedskap i hamnene er rekna til å koste 13,5 mill. kroner i 2007.

Grunnvilkåret for å etablere ei gebyrordning er at det offentlege utfører ei klart definert myndigheitshandling overfor betalaren, og at det ikkje blir betalt for noko anna eller meir. Dette grunnvilkåret blir oppfylt med gebyret Kystverket etter lovforslaget skal kunne krevje inn frå hamnene, og er elles i samsvar med vanleg forvaltingspraksis.

Det finst inga oversikt over dei nøyaktige kostnadene ei innføring av direktiv 65/2005 og forordning 884/2005 vil medføre for hamnene. Kostnadene knytte til dette arbeidet er vanskeleg å talfeste nøyaktig, men bygd på tidlegare erfaringar vil dei sannsynlegvis liggje ein stad mellom 6 og 10 mill. kroner per hamn. I tillegg kjem utgifter som følgje av drift og vedlikehald.

Ressursbehovet i Kystverket er venta å auke med 15 årsverk fordelte på tilsyns- og kontrollarbeid og overordna arbeid med styrande dokument.

Storleiken på gebyret blir fastsett i ei eiga forskrift. Med rundt 550 hamneterminalar som er omfatta av regelverket om sikring og terrorberedskap, er det i St.prp. nr. 1 (2006-2007) foreslått at gebyret i 2007 blir 25 000 kroner per hamneterminal.