Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Forslag i høringsnotatet der det ikke blir fremmet forslag til lovendring

For at ei førehandsrøystegiving skal kunne godkjennast, må ho ha komme inn til valstyret innan kl. 20 på valdagen, jf. vallova § 10-1 første ledd bokstav g. Det følgjer av vallova § 8-1 andre ledd at veljarane kan førehandsrøyste til og med siste fredag før valdagen, både innanriks og utanriks. Veljaren er likevel sjølv ansvarleg for å førehandsrøyste på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystegivinga kjem fram til valstyret tidsnok til å kunne godkjennast, jf. tredje ledd i føresegna.

Fullmaktskomiteen har fleire merknader i innstillinga si til at ein del førehandsrøystegivingar kjem for seint fram til å kunne godkjennast. Komiteen peiker på at utgangspunktet må vere at veljarar som førehandsrøystar på eit lovleg tidspunkt, skal vite at røystegivinga kjem tidsnok fram. Komiteen ber departementet mellom anna vurdere om reglar for framsending bør stå i forskrift. Det blir vidare uttalt at komiteen meiner ein bør vurdere om fristen valdagen kl. 20 bør haldast ved lag. Dersom ein set fristen til tysdag etter valdagen, vil fleire førehandsrøystegivingar komme fram tidsnok til å kunne godkjennast. Komiteen meiner at dette vil vege opp for ulempa ved at det endelege resultatet blir klart litt seinare. Komiteen meiner også det kan vere grunn til å vurdere om ein bør justere avgivingsfristen for førehandsrøystegivinga noko, til dømes frå fredag til torsdag før valdagen. Komiteen uttaler at sjølv om etter måten mange veljarar ser ut til å ha behov for å førehandsrøyste nær valdagen, meiner komiteen det er grunn til å leggje betydeleg vekt på at røyster som faktisk er levert, kjem fram i tide.

Ved valet i 2005 kom ein del førehandsrøyster for seint fram, og dei vart derfor forkasta. I høyringsnotatet gav departementet uttrykk for at dette tilseier at det er behov for å endre reglane på dette området. Det vart likevel uttalt at høvet for veljarane til å førehandsrøyste ikkje bør avgrensast meir enn det som er nødvendig for at røystegivingane skal komme fram i tide.

Departementet sa at det har fått tilbakemeldingar om at det i ein del tilfelle tok fleire dagar å sende ei røyst frå ein kommune til ein annan. I høyringsnotatet skreiv departementet derfor at det før neste val vil ta kontakt med Posten for å sjå på om det er noko ein kan gjere for at førehandsrøystegivingane kjem raskare fram.

I høyringsnotatet føreslo departementet enkelte endringar i regelverket for å sikre at dei aller fleste førehandsrøystegivingane kjem fram tidsnok til å kunne godkjennast. Departementet sa derfor i høyringsnotatet at ein bør endre fristen for når førehandsrøystegivingane må ha komme fram til valstyret for å kunne godkjennast. Departementet nemnde at det å endre fristen frå kl. 20 valdagen måndag til tysdag kl. 20 vil kunne resultere i at fleire røyster kjem fram i tide. Ei slik lovendring vil føre til at det endelege valresultatet blir ferdig ein dag seinare. Resultatet av den førebelse oppteljinga - som vi stort sett får vite valkvelden eller valnatta - vil likevel ikkje bli forseinka. Den endelege oppteljinga av valtingsrøystene vil heller ikkje bli forseinka. Det vil berre vere oppteljinga av ei mindre mengd med førehandsrøyster som vil måtte utsetjast til tysdag kveld.

I høyringsnotatet spurde departementet om det i tillegg er behov for å avslutte førehandsrøystegivinga noko tidlegare for å sikre at førehandsrøystegivingane kjem fram i tide. Departementet uttrykte at det deler oppfatninga til Stortingets fullmaktskomité om at utgangspunktet må vere at veljarane som førehandsrøystar på eit lovleg tidspunkt, skal vite at førehandsrøystegivinga deira kjem tidsnok fram. Departementet meinte at det bør leggjast større vekt på å auke sannsynet for at røystegivingane til veljarane kjem tidsnok fram, enn at førehandsrøysteperioden - som varer heilt frå 10. august - blir redusert med éin dag. Ei slik forkorting av førehandsrøystegivingsperioden bør ikkje vere problematisk for veljarane, sjølv om mange ventar til siste dagen med å førehandsrøyste for å få med seg (nesten heile) innspurten av valkampen. Kor mykje ein bør forkorte førehandsrøysteperioden, må vurderast ulikt avhengig av om det er snakk om førehandsrøystegiving innanriks eller utanriks. Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at saman med dei andre føreslåtte tiltaka burde det vere nok å avslutte førehandsrøystegivinga éin dag tidlegare innanriks.

Sjølv om det ikkje er direkte regulert i vallova at røystegivingane skal sendast fram på den snøggaste trygge måten, meiner departementet at lovgivinga byggjer på at førehandsrøystegivingane skal sendast fram på normal rask måte. I høyringsnotatet uttalte departementet at det ser det slik at dette inneber at postsendingane skal gå som A-post med mindre anna er fastsett i lov eller forskrift. Departementet uttalte at det likevel vil kunne vere fornuftig å forskriftsfeste dette.

Forslaget frå departementet om å forskyve fristen med eitt døgn til tysdag etter valdagen kl. 20, møter mykje motbør. Eit klart fleirtal av dei høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, går imot det. Eit mindretal sluttar seg likevel til forslaget eller har ingen merknader.

Eit klart fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til forslaget frå departementet om å avslutte førehandsrøystegivinga innanriks torsdag før valdagen, det vil seie éin dag tidlegare enn i dag. Det er likevel mange høyringsinstansar som meiner at ein bør halde fast på fristen som gjeld i dag.

Sjølv om fleirtalet av høyringsinstansane sluttar seg til forslaget frå departementet i høyringsnotatet, er det mange som legg fram gode argument for ikkje å forkorte med éin dag perioden for når det er mogleg å førehandsrøyste.

Ut frå dei tilbakemeldingane som har komme i høyringa, er det mykje som tydar på at talet på forkasta førehandsrøystegivingar vil bli redusert mykje dersom alle røystegivingane blir sende med A-post.

Departementet har komme til at det i denne omgangen verken bør skje ein reduksjon i førehandsrøysteperioden eller ei utviding av fristen for når førehandsrøystegivingane må ha komme fram til valstyret for å kunne godkjennast. I staden bør det stå i forskrifta at alle førehandsrøystegivingane skal sendast som A-post. I tillegg vil departementet ta kontakt med Posten føre valet i 2007 og be om ei oversikt over på kva for poststrekningar det kan vere problematisk å få førehandsrøystegivingar som er gitt på fredag, fram til heimkommunen til veljaren innan valdagen måndag. Denne oversikta vil bli distribuert til kommunane, slik at dei om nødvendig kan sende røystegivingane som ekspresspost. Saman med gode rutinar for røystemottaket og framsendinga av røystegivingane bør dette tiltaket føre til ein betydeleg reduksjon i talet på røystegivingar som kjem for seint fram til å kunne godkjennast.

Valstyret i kommunen er etter vallova § 10-4 ansvarleg for å telje opp røystesetlar både ved stortingsval og lokalval. Oppteljinga skal skje ved ei førebels og ei endeleg oppteljing.

Valstyret mottek fortløpande førehandsrøyster. Førebels oppteljing av førehandsrøyster skal starte seinast fire timar før alle vallokala i kommunen er stengde, jf. § 10-5. Oppteljinga kan ikkje starte før valdagen måndag.

Ved stortings- og fylkestingsval skal røystesetlar sendast vidare til fylkesvalstyret for kontroll og ny teljing, jf. vallova § 10-9. Ved stortingsval er det Stortinget som står for den formelle godkjenninga av valet. Ved fylkestingsval skal fylkestinget ta stilling til om valet er gyldig. Ved kommunestyreval er det kommunen sjølv som kontrollerer og godkjenner valet.

Valresultat skal ikkje på nokon måte offentleggjerast før valdagen måndag kl. 20, jf. vallova § 9-9.

I dei fleste kommunane skjer den første førebelse oppteljinga ved manuell teljing av røystesetlar. Ein del kommunar har etter kvart gått over til optisk teljing (skanning) av røystesetlar ved andre gongs eller endeleg oppteljing. Det er likevel også nokre større kommunar som tek både førebels og endeleg oppteljing av førehandsrøyster ved hjelp av optiske lesarar. Dette vil seie at ei ikkje ubetydeleg mengd med røystesetlar som er mottekne på førehand, berre blir talde optisk (elektronisk).

I høyringsnotatet diskuterte departementet om bruk av ulike dataløysingar ved oppteljing av røystesetlar gir god nok sikkerheit for korrekt oppteljingsresultat. Spørsmålet er om dei skannarane kommunane bruker ved oppteljing, tel røystesetlane på ein korrekt måte. Det kan dreie seg om spørsmål om alle røystesetlar faktisk blir registrerte av skannaren, om skannaren tel korrekt, om han registrerer rett liste, osv. Det er dei lokale valmyndigheitene som er ansvarlege for å sørgje for at dei datasystema dei ønskjer å bruke ved gjennomføringa av valet, er korrekte. I høyringsnotatet gav departementet uttrykk for ein viss tvil om kommunane sjølve tok nødvendige kontrollar av datasystem som blir nytta ved administrativ gjennomføring av val, og av skannarar som tel opp røystesetlar.

I høyringsnotatet tok departementet opp spørsmålet om praksisen med veging av røystesetlar ved førebels oppteljing. I nokre kommunar blir røystesetlar ved første gongs oppteljing ikkje talde opp, men vegne på vekt. Ein tilsvarande framgangsmåte vart ved valet i 2005 nytta av minst éin fylkeskommune ved kontrollteljing. Ved ein slik framgangsmåte får ein registrert vekta til ein enkelt offisiell røystesetel. Røystesetlane blir vegne bunkevis.

Vallova § 10-4 fastset prinsipp for oppteljing av røystesetlar. Det er inga føresegn som konkret set forbod mot veging av setlar. Men slik lova er forma, meiner departementet at det må vere ein klar føresetnad at røystesetlane skal teljast. Det å vege røystesetlar kan ikkje kallast teljing, fordi kvar enkelt røystesetel faktisk ikkje blir tald opp individuelt. Veging av røystesetlar er, uavhengig av om det blir gjort ved den førebelse eller den endelege oppteljinga i kommunane eller ved kontrollteljinga i fylkeskommunen, er i strid med lova slik departementet vurderer det.

Det blir av somme hevda at veging av røystesetlar gir eit svært korrekt resultat. Men departementet ser det likevel slik at denne måten å "telje" røystesetlar på har sine klart veike sider. Veljarane er ikkje forplikta etter lova til å bruke dei røystesetlane valmyndigheitene har trykt opp, dei kan til dømes nytte setlar etter utskrift frå Internett eller setlar som det har fått tilsendt frå forslagsstillarar. Slike setlar må bytast ut og erstattast med offisielle setlar med "rett vekt" dersom dei skal vegast saman med dei andre setlane. Ei slik utskifting krev i seg sjølv at ein er svært nøyaktig, og det kan oppstå feil. Dersom valmyndigheitene til dømes må trykkje opp nye røystesetlar og desse av ein eller annan grunn får ei anna vekt enn dei opphavlege setlane utan at valmyndigheitene er merksame på dette, vil ei veging av setlar gi feil resultat.

Departementet meinte derfor at det ikkje var grunnlag for å føreslå endringar i lovverket med omsyn til å tillate slik veging av røystesetlar.

I høyringsnotatet peikte departementet på at kravet til manuell førebels oppteljing av røystesetlar bør diskuterast uavhengig av om det eventuelt ein gong i framtida blir innført ei godkjenningsordning for skannarar.

Det vart vist til at ulike EDB-tekniske system, som til dømes skannarløysingar, fungerer på ulike måtar, og det er feilkjelder også ved optisk teljing av røystesetlar. Det krevst gode rutinar for å handtere oppteljinga ved til dømes skannar-stopp og utbyting av røystesetlar. Ved skanning av setlar er det vanleg å byte ut enkelte røystesetlar som skannaren ikkje kan lese. Dette produserer ei feilkjelde ved at feil setlar kan bli bytte. Ved manuell teljing er det ikkje nødvendig å byte ut røystesetlar. Dei røystesetlane som blir talde, er dei som faktisk er leverte.

Det vart peikt på at eit system for manuell oppteljing heller ikkje fungerer feilfritt. Ein kan derfor spørje om kva for ein oppteljingsmåte som gir det mest korrekte resultatet.

Av omsyn til å sikre eit mest mogleg korrekt oppteljingsresultat og av omsyn til tillit hos veljarane til at det faktisk er tilfellet, meinte departementet det i utgangspunktet bør gjennomførast minst éi manuell oppteljing av røystesetlar.

Manuell oppteljing er meir tidkrevjande enn ei elektronisk oppteljing. Departementet meinte likevel at det måtte leggjast større vekt på omsynet til eit korrekt oppteljingsresultat. Til samanlikning vart det vist til at vallovgivinga i Sverige ikkje opnar for noka form for elektronisk oppteljing av røystesetlar. Også i Sverige skal det vere minst to oppteljingar, begge ved manuell oppteljing av røystesetlane.

Ein kan hevde at den beste måten å sikre korrekt oppteljing på, er å bruke to uavhengige oppteljingsmetodar, slik tilfellet er ved ei manuell og ei elektronisk teljing. Spørsmålet er om det alternativt kan nyttast to ulike skannarløysingar (med ulik programvare) ved førebels og endeleg oppteljing, utan noka manuell teljing av røystesetlane. Departementet gjekk ut frå at å bruke to ulike elektroniske oppteljingssystem vil kunne vere ein like sikker måte å få oppteljinga korrekt på som dersom den eine oppteljinga er manuell. Departementet meinte derfor at det som eit alternativ til å bruke manuell oppteljing ved den førebelse oppteljinga og elektronisk oppteljing ved den endelege oppteljinga, burde kunne nyttast elektronisk oppteljing ved både den førebelse og den endelege oppteljinga. Føresetnaden er da at ein nyttar ulike system (program) ved dei to oppteljingane.

Problem kjem ved avvik. Det følgjer av det ansvaret valstyret har for eit korrekt resultat, at for store avvik mellom den førebelse og den endelege oppteljinga vil føre til at det må gjennomførast ei ny kontrollteljing. Departementet føreslo derfor at det i dei tilfella der det blir gjennomført ei ny kontrollteljing fordi det er avvik mellom den førebelse og den endelege oppteljinga, skal omteljinga vere manuell, i motsetning til i dag der det ikkje er regulert korleis omteljinga skal gå føre seg.

Som ei følgje av forslaget om krav til minst éi manuell oppteljing føreslo departementet i høyringsnotatet at førebels oppteljing av førehandsrøystene kan starte søndag før valdagen. Bakgrunnen var at dersom den førebelse oppteljinga skal skje ved manuell oppteljing, vil dette kunne føre til at resultatet av den førebelse oppteljinga av førehandsrøystene blir noko forseinka.

Departementet viste likevel til at ein kan peike på prinsipielle innvendingar ved å tillate oppteljing av røystesetlar alt søndag. Delar av oppteljingsresultatet vil da liggje føre tidlegare enn det som er vanleg i dag, noko som vil kunne auke faren for offentleggjering og lekkasjar.

Dei fleste av høyringsinstansane som uttaler seg om kravet til manuell oppteljing, støttar ikkje forslaget frå departementet om at den førebelse oppteljinga skal skje manuelt.

Når det gjeld spørsmålet om å bruke to uavhengige elektroniske oppteljingssystem, er dei fleste som uttaler seg, negative til dette.

Somme av dei som uttaler seg positivt til kravet om manuell førebels oppteljing, peiker på at dei sjølv ikkje nyttar elektroniske skannarar til oppteljinga.

Eit eventuelt krav til manuell oppteljing er ikkje eit spørsmål om det skal nyttast datasystem ved gjennomføring av val og oppteljing av røystesetlar. Slike system lettar arbeidet med den administrative gjennomføringa og kan føre til at valresultatet blir meir nøyaktig. Spørsmålet er om kontrollen vi har i dag av system som blir nytta, er gode nok, alternativt om ansvaret for godkjenning av slike system burde ha vore overført til organ på statleg nivå.

Det høyrer til unntaket at førebels oppteljing skjer elektronisk. I dei få kommunane der den førebelse oppteljinga blir teken elektronisk, gjeld dette nesten berre førehandsrøystene. Vanlegvis er det dessutan mest tenleg å telje valtingsrøystene første gong i vallokala. Dei fleste større kommunane tek derimot den endelege oppteljinga elektronisk.

Fråsegner frå fleire av høyringsinstansane viser at mange kommunar og fylke legg ned eit betydeleg arbeid i å kvalitetssikre datasystem og skannarar som dei nyttar, og at dei bruker mykje ressursar på opplæring. Fleire uttaler også at erfaringar viser at oppteljingsresultatet er sikrare og meir nøyaktig ved ei elektronisk enn ved ei manuell teljing. Vidare viser fråsegnene at kommunane utarbeider gode rutinar for korleis røystesetlane skal handterast ved bruk av skannarar.

Slik departementet vurderer det, viser høyringsfråsegnene at kommunane tek spørsmålet om sikkerheit og nøyaktigheit rundt oppteljinga seriøst, også testing av datasystem.

Etter ei samla vurdering fremmar departementet ikkje forslag om krav til manuell førebels oppteljing. Departementet ser det slik at den praksisen som kommunane følgjer, viser at det ikkje er noko presserande behov for slike reglar. Det er mindre grunn til å lovfeste krav til manuell oppteljing når den eksisterande ordninga ser ut til å fungere tilfredsstillande når det gjeld kontroll av dei datasystema som blir nytta. Departementet meiner likevel at spørsmålet om å bruke elektronisk utstyr ved val bør vurderast fortløpande. Dette er viktig av omsyn til tilliten til valordninga. Departementet meiner dessutan at spørsmålet bør vurderast i ein større samanheng der fleire problemstillingar er aktuelle. Som det er vist til i høyringsnotatet, er det til dømes grunnlag for å vurdere om det for heile eller delar av datasystema som blir nytta, bør innførast ei statleg godkjennings- og/eller sertifiseringsordning.

Det er i dag frivillig om ein vil bruke datasystem ved val. Systema består dessutan typisk av fleire modular, mellom anna manntal, kontroll av listekandidatar, registrering av førehandsrøyster og valoppgjer. I tillegg er det vanleg at skannarar blir kopla til systemet på ein slik måte at oppteljingsresultatet blir registrert inn i valsystemet.

Det kan stillast spørsmål ved om det er grunnlag for statleg godkjenning av elektroniske modular for til dømes kontroll av listekandidatar, føring og kontroll av førehandsrøyster og valoppgjer.

Fleire høyringsinstansar gir uttrykk for ønske om ei statleg sertifiserings- og/eller godkjenningsordning generelt for elektroniske system som blir nytta ved val. Det er likevel få som skil mellom dei ulike modulane med omsyn til kva det er behov for og nødvendig å sertifisere/godkjenne.

Departementet viser også til vurderingane til den arbeidsgruppa som har sett på innføring av elektronisk røystegiving. Sertifisering og/eller statleg godkjenning av modulane i system for elektronisk røystegiving er eit sentralt tema. I framtida kan det tenkjast eit elektronisk datasystem for røystegiving som kan koplast til eit valsystem for administrativ gjennomføring av val. Slik departementet vurderer det, tilseier dette at ein må sjå alle slike modular i samanheng, og at spørsmålet om eventuell godkjenning dermed blir vurdert samla. I denne samanhengen er det også nødvendig å sjå på om den innbyrdes samanhengen mellom modulane tilseier samla sertifisering/godkjenning av heile system. Det må dessutan vurderast om det skal innførast ei meir omfattande sertifiseringsordning, eller om det bør brukast ei form for godkjenning av enkelte modular i valsystema.

Det er viktig å presisere at ei godkjenningsordning ikkje på nokon måte erstattar eller reduserer det ansvaret valstyret har for eit korrekt valresultat. Ein vil framleis måtte bruke betydelege ressursar til opplæring i systema. Høyringsfråsegner viser heilt klart kor viktig det er å utarbeide gode rutinar og sikre ei tilstrekkeleg opplæring i samband med bruk av elektroniske system.

Høyringa viser at datasystema som kommunane nyttar ved val, blir grundig testa. Departementet finn derfor heller ikkje grunn til å lovfeste krav om manuell oppteljing ved avvik mellom den førebelse og den endelege oppteljinga.

Når det ikkje blir lovfest krav til manuell oppteljing, vil oppteljinga heller ikkje bli seinka i forhold til systemet i dag. Departementet vurderer det slik at det derfor heller ikkje er grunnlag for å lovfeste høve til å starte førebels oppteljing av førehandsrøyster søndag. Departementet viser elles til at det på grunn av faren for lekkasjar knyter seg fleire motførestellingar til å setje i gang med oppteljinga for tidleg.

Det har i høyringsrunden komme forslag om at departementet skal utarbeide rutinar, rettleiing og opplæringsprogram for kommunane ved bruk av elektroniske valsystem og valprogram. Departementet understrekar at å bruke slike system er valfritt.

Mange av høyringsinstansane er opptekne av at tids- og ressursbruken ved oppteljinga skal vere minst mogleg. Departementet er samd i at ein bør bruke mest mogleg praktiske arbeidsmetodar, inklusive optiske teljarar der dette er formålstenleg, når røystesetlar skal teljast opp. Departementet peikar likevel på at det viktigaste i samband med oppteljing og behandling av røystesetlar er omsynet til korrekt oppteljingsresultat. Dette må ha betydeleg større vekt enn omsynet til ressursbruken. Ein må akseptere at demokratiske val krev ressursar, både når det gjeld kostnader, tid og personell.

Når det gjeld spørsmålet om veging av røystesetlar, held departementet fast på si vurdering frå høyringsnotatet om at veging av røystesetlar ikkje kan reknast som teljing, og at veging av røystesetlar dermed ikkje er i samsvar med krava i vallova til oppteljing.